Dag og Tid-quizen 21. juni 2024

1. Den største norske medaljefangsten i eit friidretts-EM kom i 2024. Gullvinnarane var Karsten Warholm, Jakob Ingebrigtsen og kva tredje person?
Karoline Bjerkeli Grøvdal
Marie-Therese Obst
Sander Skotheim
Narve Gilje Nordås
2. Kva øy er med god margin den mest folkerike i Middelhavet?
Kreta
Mallorca
Sardinia
Sicilia
3. Dette dyret har vurderinga «høg risiko» på Framandartslista. I jaktåret 2022–2023 vart det skote 425 av dei i Noreg, dei fleste i Halden og Aremark. Kva art er det, som kan verte over 200 kilogram?
Jerv
Mårhund
Storkobbe
Villsvin
4. I bridge er grand å spele utan … kva?
Makker
Meldingssystem
Trumf
Utgang
5. Kva veg var det Fridtjof Nansens ekspedisjon kryssa Grønland i 1888–1889?
Austover
Nordover
Sørover
Vestover
6. Kva matematisk symbol får du ved kombinasjonen Shift + 5 på eit vanleg tastatur?
Likskapsteikn (=)
Minusteikn (-)
Plussteikn (+)
Prosentteikn (%)
7. Adam Smith gav ut hovudverket Wealth of Nations (førsteutgåva) i kva kjent år i verdshistoria?
1517
1648
1776
1848
8. Kva er i genetikken det motsette av adjektivet dominant?
Recessiv
Reduktiv
Regressiv
Rekursiv
9. Kva internasjonalt organ med 15 medlemsland vedtok 10. juni ein resolusjon for å stanse krigen i Gaza?
Den arabiske ligaen
OECD
Tryggingsrådet
UNHCR
10. Johannes Paul 2. var den første ikkje-italienske paven sidan 1523. Kva var heimlandet hans?
Estland
Polen
Tsjekkia
Ungarn
11. Kva svensk kvinneklesbutikkjede med over 100 butikkar i Norden vart starta i 1997 og har hovudkontor i Borås? Grunnleggjarane heiter Annette og Jörgen Appelqvist, men det er eit anna fornamn som inngår i kjedenamnet.
Filippa K
Gina Tricot
Lindex
Zara
12. I kva operette er tittelpersonen den styrtrike Hanna Glawari, som nyss har mista ektemannen sin?
«Czardasfyrstinnen»
«Den glade enke»
«Dollarprinsessen»
«Flaggermusen»
13. Kva for eit museum held til i Milnbrygga, ein kvit trebygning i Kristiansund? Bygningen vart nytta til det som museet handlar om.
Geitbåtmuseet
Kråksundet sjøbruksmuseum
Norsk klippfiskmuseum
Norsk myrmuseum
14. Fruktkjøtet til ein pitahaya, også kalla dragefrukt, er anten raudt, gult eller i kva tredje farge?
Grønt
Kvitt
Oransje
Rosa
15. England har vunne fotball-VM for menn éin gong, i 1966. Kva vart sluttstillinga i finalen?
3–1
3–2
4–1
4–2
16. Kva er Noregs største fylke i areal? Det vart danna i 2020 og er størst frå og med 2024.
Agder
Innlandet
Trøndelag
Vestland
17. Kven av USAs presidentar er den einaste som vart vald inn frå Pennsylvania, og den einaste som var ungkar heile livet?
James Buchanan
James Garfield
James K. Polk
James Madison
18. Dei kinesiske munkane Faxian (400-talet) og Xuanzang (600-talet) er båe kjende for å ha reist ut og samla skrifter om kva isme, som dei tok med tilbake til Kina?
Buddhismen
Konfutsianismen
Shintoismen
Taoismen
19. Kva er det vanlegaste norske bartreet der nålene sit tre og tre stykke i kransar?
Barlind
Einer
Furu
Gran
20. Kva Flåklypa-figur er både sjåfør, livvakt og meieriassistent?
Emanuel Desperados
Jostein Kroksleiven
Roger Jurtappen
Ollvar O. Kleppvold
21. Kva slags bygning i Montreux i Sveits brann i 1971, noko som vart til «Smoke on the Water», signatursongen til Deep Purple?
Bank
Bibliotek
Bordell
Kasino
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 21. juni 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q02OHG7F5","txt":"1. Den største norske medaljefangsten i eit friidretts-EM kom i 2024. Gullvinnarane var Karsten Warholm, Jakob Ingebrigtsen og kva tredje person?, 2. Kva øy er med god margin den mest folkerike i Middelhavet?, 3. Dette dyret har vurderinga «høg risiko» på Framandartslista. I jaktåret 2022–2023 vart det skote 425 av dei i Noreg, dei fleste i Halden og Aremark. Kva art er det, som kan verte over 200 kilogram?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker