Dag og Tid-quizen 24. november 2023

1. Kva norsk teater skal ha framsyninga Jon Fosse ord for ord frå 8. til 10. desember, send direkte på NRK? Dei 41 teaterstykka skal lesast opp av 40 skodespelarar på 40 timar.
Den Nationale Scene
Det Norske Teatret
Det Vestnorske Teateret
Nationaltheatret
2. Kva formingsmateriale, ein gjengangar i barnehagen, har hovudingrediensane vatn, mjøl og salt?
Plastilin
Plastigel
Trolldeig
Trollkrem
3. Kor mange sider har mangekanten heptagon?
Fem
Seks
Sju
Åtte
4. «Tredobbelt ordpoeng» er attraktive felt på Scrabble-brettet. Kva farge har desse?
Lyseblå
Mørkeblå
Raud
Rosa
5. FN har 193 medlemsland. Kva er det tilsvarande omgrepet for Vatikanstaten og Palestina?
Aspirantstat
Novisestat
Observatørstat
Proformastat
6. Kva er det offisielle språket i Belize, jamvel om mange har spansk eller belizisk kreolsk som morsmål?
Engelsk
Fransk
Portugisisk
Tysk
7. Kva for to kjende sysken med fødselsåra 1845 og 1847 var del av ein syskenflokk på fire? Eldstejenta Inga og yngstejenta Margrethe var òg talentfulle, som høvesvis songar og målar, men la bort karrieren.
Harriet Backer og Agathe Backer Grøndahl
Henrik Wergeland og Camilla Collett
Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen
Knud Bergslien og Brynjulf Bergslien
8. Kva «klinkekule» er det Vårherre mistar i songen «Vårherres klinkekule»?
Jorda
Månen
Sirius
Sola
9. Kva av desse er eit dialektord for klinkekule?
Kiksert
Knallert
Kneppert
Kulvert
10. Kva for eit fornamn deler biskopane Alvsvåg i Borg og Veiteberg i Oslo?
Karen
Kari
Karl
Karsten
11. Kva europeisk land er delt inn i Ösling i nord og Gutland i sør? Det førstnemnde har mykje høgder og låge fjell, det sistnemnde meir folk.
Belgia
Liechtenstein
Luxembourg
Sveits
12. Kva av desse er ikkje initialane til ein viktig spelar hos årets seriemeister i norsk herrefotball?
A.G.
A.P.
P.B.
P.G.
13. I kva for eit oddetalsår vart Volvo grunnlagt? Volvo Amazon såg dagens lys 29 år seinare.
1927
1933
1939
1945
14. Hurtigruta går mellom Bergen og kva by i Finnmark?
Hammerfest
Honningsvåg
Kirkenes
Vadsø
15. Kva heiter den einaste pingvinarten som hekkar i Afrika? Du finn dei langs kysten av Sør-Afrika og Namibia.
Agulhaspingvin
Benguelapingvin
Kappingvin
Oranjepingvin
16. Radioprogrammet «Grand Ole Opry» har gått heilt sidan 1925 og er vigd til kva musikksjanger? Det vert ikkje overraskande sendt frå Nashville.
Country
Jazz
Opera
Rock
17. Kva monark med regjeringsåra 1863–1906 spreidde borna sine utover diverse kongehus og fekk tilnamnet «Europas svigerfar»?
Frans Josef 1. av Austerrike-Ungarn
Kristian 9. av Danmark
Leopold 2. av Belgia
Oskar 2. av Sverige
18. Kva er det Pegasus i gresk mytologi har, til forskjell frå verkelege hestar?
Gullhår
Horn i panna
Vengjer
Åtte bein
19. Utanfor kva japansk øy, kjend frå den andre verdskrigen, har det dukka opp ei ny øy? Årsaka er vulkanutbrot under vatn.
Hiroshima
Iwo Jima
Okinawa
Yakushima
20. Kva kallar me stoff som vert transportert i blodet i små konsentrasjonar for å utløyse bestemte fysiologiske responsar i gjevne celler? Eit døme er insulin.
Hormon
Patogen
Steroid
Transmittersubstans
21. Kva heiter syndromet som er sjukeleg sjalusi overfor ein påstått utru partnar? Det har namn etter ein tittelfigur hos Shakespeare.
Desdemona-syndromet
Hamlet-syndromet
Macbeth-syndromet
Othello-syndromet
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 24. november 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q0NYQENER","txt":"1. Kva norsk teater skal ha framsyninga Jon Fosse ord for ord frå 8. til 10. desember, send direkte på NRK? Dei 41 teaterstykka skal lesast opp av 40 skodespelarar på 40 timar., 2. Kva formingsmateriale, ein gjengangar i barnehagen, har hovudingrediensane vatn, mjøl og salt?, 3. Kor mange sider har mangekanten heptagon?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker