Dag og Tid-quizen 23. august 2024

1. «Allsidighetens største mester er en 22-åring fra Lambertseter», ropte Jann Post under OL i Paris. Kva heiter gullguten i tikamp, som vil at idrett skal vere gøy?
Espen Rooth
Marius Rooth
Markus Rooth
Vegard Rooth
2. Lambertseter vert ofte kalla Noregs første … kva? Påstanden er lett å debattere.
Drabantby
Forstad
Innvandrarbydel
Tettstad
3. Lambertseter-trilogien (1959–1962) er blant dei største suksessane i norsk filmhistorie. Kva av desse er ikkje ein av dei tre komediane?
«Støv på hjernen»
«Sønner av Norge»
«Sønner av Norge kjøper bil»
«Vi gifter oss»
4. Kva heiter komediens muse i gresk mytologi? Ho held gjerne ei smilande maske.
Evterpe
Kalliope
Melpomene
Thalia
5. Kva slags institusjon eller bygning har eit namn frå gresk som tyder «tempel for musene»?
Bordell
Mausoleum
Motell
Museum
6. I kva for eit av desse åra trur me at Salomos tempel (det første tempelet i Jerusalem) eksisterte?
1750 f.Kr.
1250 f.Kr.
750 f.Kr.
250 f.Kr.
7. Kva for eit land – eit av dei tre store i Oseania – er næraste nabo i vest for Salomonøyane?
Australia
Mikronesiaføderasjonen
New Zealand
Papua Ny-Guinea
8. Kva slags forsking, med eit eige institutt i Bergen, vert òg kalla oseanografi?
Havforsking
Klimaforsking
Skogforsking
Vassforsking
9. Kva Eurovision-vinnarsong inneheld linja «Känner doften från en stilla ocean»?
«Diggi-loo diggi-ley»
«Främling»
«Fångad av en stormvind»
«Waterloo»
10. Kva for eit teleskopord viser til ei blanding av svensk og norsk?
Nornsk
Norvensk
Sversk
Svorsk
11. I Noreg har me hatt Alf Næsheim i 1960-åra, Håkon Aasnes i 1970-åra, Arild Midthun sidan 2004 og Trine Lise Normann sidan 2024. Kva spesifikt yrke har dei fått løyve til?
Bibelomsetjar
Donald Duck-teiknar
Kongeleg portrettmålar
Ostehøvelmakar
12. Nykommaren Trine Lise Normann held til i Myre i Øksnes kommune. Det er på kva øy i Vesterålen?
Andøya
Hadseløya
Hinnøya
Langøya
13. DS «Vesteraalen» frå 1891 er namnet på det første … kva?
Dampskipet i Noreg
Fartøyet til Redningsselskapet
Hurtigruteskipet
Kongeskipet i Noreg
14. Kva slags damp er det som driv ei dampmaskin?
Alkoholdamp
Kvikksølvdamp
Metalldamp
Vassdamp
15. Måleriet «Rain, Steam and Speed» hylla det nye vedunderet jarnbanen. Kunstnaren (1775–1851) er ein av Storbritannias fremste. Kven då?
J.M.W. Turner
John Constable
Joshua Reynolds
Thomas Gainsborough
16. Kva slags instrumentalist er verket «Regndropepreludiet» meint for?
Cellist
Fiolinist
Harpist
Pianist
17. Parfymane Euphoria, Obsession og Truth er alle frå kva amerikansk motehus? Det har namn etter ein designar fødd i 1942.
Calvin Klein
DKNY
Ralph Lauren
Tommy Hilfiger
18. Fullfør sitatet som er tilskrive Aiskylos og fleire andre personar: «I krig er sanninga det første …»
Diplomatiet
Offeret
Våpenet
Slaget
19. Den argentinske utanriksministeren Carlos Saavedra Lamas fekk Nobels fredspris. Det var for å mekle mellom Bolivia og Paraguay. Kva heiter denne krigen (1932–1935), den verste i Sør-Amerika på 1900-talet?
Chaco-krigen
Platinakrigen
Salpeterkrigen
Trippelalliansekrigen
20. Kva heiter den mest kjende arten av beltedyr? Han lever i både Nord-Amerika og Sør-Amerika og har namn etter banda som går sidelengs over ryggen.
Trebanda beltedyr
Fembanda beltedyr
Sjubanda beltedyr
Nibanda beltedyr
21. Kva «må ein berre bøye seg for», ifølgje eit populært steingrunnsitat i Dag og Tid?
Akilleshælar
Knyttnevar i magen
Skot frå hofta
Slag under beltestaden
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 23. august 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q1XR315QO","txt":"1. «Allsidighetens største mester er en 22-åring fra Lambertseter», ropte Jann Post under OL i Paris. Kva heiter gullguten i tikamp, som vil at idrett skal vere gøy?, 2. Lambertseter vert ofte kalla Noregs første … kva? Påstanden er lett å debattere., 3. Lambertseter-trilogien (1959–1962) er blant dei største suksessane i norsk filmhistorie. Kva av desse er ikkje ein av dei tre komediane?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker