Dag og Tid-quizen 7. mars 2025

1. Drømmer av Dag Johan Haugerud har vorte den første norske vinnaren av hovudprisen på filmfestivalen i Berlin. Kva heiter prisen?
Gullbjørnen
Gulleoparden
Gulløven
Gullpalmen
2. Kva to bokstavar langt namn har støytestokken i biljardspel?
Bo
Ti
3. Kva uvanleg transportmiddel nyttar Nils i Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige av Selma Lagerlöf? Svaret inngår i «yrkestittelen» hans.
Ei gås
Ein katt
Flygande teppe
Luftballong
4. Kva stort kattedyr har størst geografisk utbreiing? Det lever i mykje av både Afrika og Asia.
Gepard
Leopard
Løve
Tiger
5. Kva vekedag kjem den britiske kvalitetsavisa The Observer ut? Slik har det vore sidan starten i 1791.
Fredag
Laurdag
Sundag
Måndag
6. Kva russar med leveåra 1882–1971 vert ofte rekna som den største klassiske komponisten på 1900-talet? Han rakk å gjere både franskmann og amerikanar av seg.
Dmitrij Sjostakovitsj
Igor Stravinskij
Sergej Prokofjev
Sergej Rakhmaninov
7. Kva innanfor mat og drikke er italienske minestrone?
Ei kake
Ein pastatype
Ei suppe
Ein vin
8. I kva kjent slag vart den tapande sida leidd av Kjøtve den rike, ifølgje Haraldskvadet? Kjøtve klarte å flykte.
Slaget ved Hafrsfjord
Slaget på Stamford Bridge
Slaget på Stiklestad
Slaget ved Svolder
9. Kva stilling i kva område har Sunniva Gylver teke over i 2025? Til sommaren får Fredrik Hansen den tilsvarande katolske.
Biskop i Borg
Biskop i Hamar
Biskop i Oslo
Domprost i Oslo
10. William Harvey er best kjend som oppdagaren av blodomløpet. Det var i første halvdel av kva hundreår?
1500-talet
1600-talet
1700-talet
1800-talet
11. Bruce Springsteen heldt konsert i Noreg første gong i 1981. Kvar då? Dette var landets viktigaste konsertarena i 1980-åra for internasjonal pop og rock. Han har ikkje spelt der sidan.
Chateau Neuf
Drammenshallen
Ekeberghallen
Njårdhallen
12. Kva er spesielt med langrennsdistansane i ski-VM frå og med 2025?
Dei er like lange for menn og kvinner
Dei har fellesstart
Dei har intervallstart
Dei har valfri stil
13. Forfattaren Olympe de Gouges vert rekna som ein av dei første feministane. Korleis vart ho avretta?
Ved drukning
Med giljotin
Ved henging
Ved skyting
14. England er delt i 48 seremonielle grevskap. 25 av namna sluttar med kva ending, som tyder «grevskap»?
-ham
-land
-shire
-ton
15. Kva heiter fingerbøl på nynorsk? Endinga er eit kvinnenamn som tyder «hjelp».
Fingerastrid
Fingerbjørg
Fingergerd
Fingerheidi
16. Kva er det ein HDMI-kabel overfører: lyd og bilete, nettverk eller petroleum?
Lyd og bilete
Nettverk
Petroleum
17. Tre store øyar ligg på rekkje langs vestsida av Porsangerhalvøya. Sorter Kvaløya, Seiland og Stjernøya frå nord til sør.
Kvaløya, Seiland, Stjernøya
Kvaløya, Stjernøya, Seiland
Seiland, Kvaløya, Stjernøya
Seiland, Stjernøya, Kvaløya
18. Kva guffen skikkelse er det som «drar», «kommer», «farer landet rundt» og er «i trappen» på teikningar av Theodor Kittelsen?
Hufsa
Huldra
Pesta
Oskoreia
19. Kva i islam er adhan? Dette vert utført av ein muezzin, ofte i ein minaret.
Bøneropet
Den store reinsinga
Domsseiing
Truvedkjenninga
20. Kva grunnstoff, ein edelgass, har atomsymbolet Ne?
Neodym
Neon
Neopren
Nitrogen
21. Baudouin 1. var konge av Belgia fram til 1993. Kva slags slektning er etterfølgjaren Albert 2.?
Barnebarn
Bror
Nevø
Son
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 7. mars 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q1XR8SA0O","txt":"1. Drømmer av Dag Johan Haugerud har vorte den første norske vinnaren av hovudprisen på filmfestivalen i Berlin. Kva heiter prisen?, 2. Kva to bokstavar langt namn har støytestokken i biljardspel?, 3. Kva uvanleg transportmiddel nyttar Nils i Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige av Selma Lagerlöf? Svaret inngår i «yrkestittelen» hans.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker