Dag og Tid-quizen 19. april 2024

1. Kva for eit verbp kjem via fransk frå latin for «stele menneske»? Både Sandra Borch og Ingvild Kjerkol kan vere hint.
Paternalisere
Plagiere
Postulere
Privatisere
2. Kva kjem først i skiskyting, uansett øving: liggjande eller ståande?
Liggjande
Ståande
3. Kva heiter den historiske perioden som Attila og hunarane var sentrale i å utløyse? Ei avgrensing er cirka 375 til 550 etter Kristus.
Folkevandringstida
Karolingartida
Mellomalderen
Merovingartida
4. Kva er kleinspitz, som stammar frå Tyskland? Eitt ord held som svar.
Ein dans
Ein hunderase
Ei pølse
Eit øl
5. Dag og Tid har ei av dei ti avisteikningane i årets utstilling på Stortinget, signert May Linn Clement. Kva nobelføredragshaldar er motivet?
Annie Ernaux
Jon Fosse
Katalin Karikó
Narges Mohammadi
6. Om lag kor mange menneske bur fast på Finse?
10
100
1000
10 000
7. Kva for eit omgrep hos Immanuel Kant var det han gav fleire definisjonar, med universallovsformuleringa og humanitetsformuleringa som dei mest kjende?
Das Ding an sich
Det kategoriske imperativet
Fornuft
Pliktetikk
8. Kva for ein av desse har smultringform?
Bagel
Ciabatta
Panini
Scone
9. Butikken Sex låg i London og var kortliva, men er kjend fordi Vivienne Westwood gav punken eit visuelt uttrykk her. I kva for år fanst han?
1969–1971
1974–1976
1979–1981
1984–1986
10. I kva film, etter ein roman av Vikas Swarup, vinn Jamal 20 millionar rupi når han gjettar rett på det siste spørsmålet?
«Latika»
«Q & A»
«Quiz Show»
«Slumdog Millionaire»
11. Ein annan med rett svar er tryslingen som nyss vann «Der Quiz-Champion», det største spørjeprogrammet på tysk fjernsyn. Kva for ein Thomas er det? Han er Noregs mest meritterte quizsportutøvar.
Thomas Halck
Thomas Heliks Van Dahl
Thomas Iversen
Thomas Kolåsæter
12. Mangel på vitamin B1 kan gje kva sjukdom, som har eit namn frå singalesisk?
Beriberi
Cheilose
Pellagra
Rakitt
13. Kva heiter (på norsk) talet som er 10 opphøgd i 21.?
Billiard
Kvadrillion
Trilliard
Trillion
14. Kva for eit ord skal inn i Jesus-sitatet: «Om nokon slår deg på høgre (…), så vend òg det andre til.»?
Auget
Kinnet
Kneet
Øyret
15. Ho vart fødd i Portugal i 1909, voks opp i Brasil, vart ein stor entertainer i Hollywood og døydde i 1955. Kva heitte denne sambaformidlaren, med ein ikonisk frukthatt?
Astrud Gilberto
Carmen Miranda
Chiquinha Gonzaga
Heloísa Pinheiro
16. Musselin er ein tynn tekstil med namn etter kva by?
Mogadishu
Moskva
Moss
Mosul
17. Kva for eit land har blått flagg med fire kvite stjerner, ei for kvar av dei fire delstatane? Desse heiter Yap, Chuuk, Pohnpei og Kosrae.
New Zealand
Marshalløyane
Mikronesiaføderasjonen
Palau
18. Folkemordet i Namibia var frå omkring 1903 og 1908, utført av Tyskland. Kva heiter dei to folkegruppene som var offer?
Dinka og nuer
Herero og nama
Hutu og tutsi
Mossi og fulani
19. Kven har komponert klaverstykket «Bryllupsdag på Troldhaugen», som du fort kan ha høyrt i ein vigsel?
Edvard Grieg
Johan Halvorsen
Nina Grieg
Ole Bull
20. Kva heiter den tredje av dei fem romferjene til Nasa, i drift frå 1984 til 2011? Atlantis hadde jomfrutur året etter, i 1985.
Challenger
Columbia
Discovery
Endeavour
21. Herakles og Herkules er ekvivalente figurar. Fordel dei på gresk og romersk mytologi.
Herakles i gresk mytologi, Herkules i romersk
Herakles i romersk mytologi, Herkules i gresk
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 19. april 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q1XRTXU5O","txt":"1. Kva for eit verb på p kjem via fransk frå latin for «stele menneske»? Både Sandra Borch og Ingvild Kjerkol kan vere hint., 2. Kva kjem først i skiskyting, uansett øving: liggjande eller ståande?, 3. Kva heiter den historiske perioden som Attila og hunarane var sentrale i å utløyse? Ei avgrensing er cirka 375 til 550 etter Kristus.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker