Dag og Tid-quizen 2. januar 2025

1. I 2026 vert det flytting til det nye regjeringskvartalet. Kva «bokstaveleg» namn har den største bygningen, som vil huse SMK, UD og KUD?
A-blokka
B-blokka
C-blokka
D-blokka
2. Kva for eit mannsnamn med nær 4000 norske berarar deler opphav med til dømes Per, Peter og Petter?
Patrick
Peder
Pelle
Pål
3. Kva for to brør kryssa målstreken saman og vann herreklassa i Skarverennet i 1991?
Anders Aukland og Jørgen Aukland
Dag Bjørndalen og Ole Einar Bjørndalen
Kristen Skjeldal og Gudmund Skjeldal
Odd-Bjørn Hjelmeset og Roar Hjelmeset
4. Set inn ordet som manglar i det fulle namnet: Universitetet i Tromsø – Noregs (…) universitet.
Arktiske
Minste
Nordlegaste
Polare
5. Kva er det Salomos ordtak 4,23 oppmodar til å ta vare på framfor alt – «for livet går ut frå det»?
Auget
Hjartet
Håpet
Ordet
6. Kva er Hemsil, godt synleg i landskapet i Hemsedal og Gol?
Ei elv
Eit fjell
Ein innsjø
Ein skog
7. Kva heiter serveringsmåten der maten kjem ferdig ut på tallerkenen til kvar gjest? Han er oppkalla etter ein nasjonalitet.
Amerikansk servering
Engelsk servering
Fransk servering
Russisk servering
8. I kva for eit fag er Aristoteles, Cicero og Quintilian rekna som dei fremste forfattarane frå antikken?
Etikk
Jus
Logikk
Retorikk
9. Kva er eg i ei Thorbjørn Egner-vise, sidan eg er fødd i Henningsvær?
Ein ekte lofotlaks
Ein ekte lofotsei
Ei ekte lofotsild
Ein ekte lofottorsk
10. Kva Oskar Braaten-stykke, om to jenter som kjem til Oslo, er ei dramatisering av hans eigen roman Bak høkerens disk? Urpremieren var i 1927 på Det Norske Teatret, med Ragnhild Hald i tittelrolla.
«Godvakker-Maren»
«Hønse-Lovisa»
«Mathilde»
«Ungen»
11. Kor mange centimeter – deleleg med 3 – er ei typisk fotlengde for personar med skostorleik 42?
24 cm
27 cm
30 cm
33 cm
12. Kva for eit ord kan ha desse tydingane: 1) oppbyggjeleg helgenforteljing, 2) fantastisk, utruleg forteljing, 3) randskrift på medalje eller liknande, 4) person som er beundra?
Fabel
Hero
Legende
Myte
13. I kva for eit rike var Ustad Mansur ein sentral hoffmålar? Han er kjend for naturmotiv, til dømes verket «Sebra».
Mogulriket
Mongolriket
Det osmanske riket
Safavideriket
14. Ariana Grande har hatt mange hits sidan 2013. Ein av dei heiter «No Tears Left to …».
Cry
Dry
Spare
Weep
15. Kva vart skapt av ein russar på 1800-talet etter at mange hadde prøvd, som tyskaren Döbereiner, franskmannen De Chancourtois, briten Newlands og tyskaren Meyer?
Helikopteret
Periodesystemet
pH-skalaen
Thereminen
16. Kva amerikanar, som har spelt i mellom anna Mary Poppins, runda 100 år like før årsskiftet?
David Tomlinson
Dick Van Dyke
Glynis Johns
Julie Andrews
17. Er slekta seder bartre eller lauvtre?
Bartre
Lauvtre
18. Når eksisterte Folkeforbundet, forløparen til FN?
1918–1939
1919–1940
1920–1946
1921–1949
19. Kva i olympiske leikar svarar til dei tre agitos i paralympiske leikar?
OL-eiden
OL-elden
OL-flagget
OL-ringane
20. I kva for eit land ligg byane Tsjojbalsan og Khovd høvesvis 10 og 20 timars bilkøyring aust og vest frå hovudstaden?
India
Kasakhstan
Mongolia
Russland
21. Kva risikabel og sjeldan operasjon – rundt 30 i året i Noreg – må kronprinsesse Mette-Marit bu seg på?
Bukspyttkjerteltransplantasjon
Hjartetransplantasjon
Levertransplantasjon
Lungetransplantasjon
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 2. januar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q2KDXRKPM","txt":"1. I 2026 vert det flytting til det nye regjeringskvartalet. Kva «bokstaveleg» namn har den største bygningen, som vil huse SMK, UD og KUD?, 2. Kva for eit mannsnamn med nær 4000 norske berarar deler opphav med til dømes Per, Peter og Petter?, 3. Kva for to brør kryssa målstreken saman og vann herreklassa i Skarverennet i 1991?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker