Dag og Tid-quizen 21. mars 2025

1. Skihopping har lenge slite med manipulering av dressar. Dette har kome fram i lyset etter eit videoopptak der Noreg nyttar kva slags maskin?
Stiftemaskin
Symaskin
Vaskemaskin
Vindmaskin
2. Tittelkarakteren i Holberg-komedien Erasmus Montanus har latinisert namnet sitt. Kva heiter han eigentleg?
Rasmus Berg
Rasmus Fjell
Rasmus Heien
Rasmus Aasen
3. Har dei fleste kvinner i veke 10 av svangerskapet gravidmage?
Ja
Nei
4. Kva bygning i Oslo er Anne Grimdalen kjend for å ha utsmykka, mellom anna med ryttarstatuen av Harald Hardråde høgt oppe på vestveggen?
Frogner stadion
Nationaltheatret
Oslo rådhus
Slottet
5. Kor lang er kvar vedkubbe i ein famn dersom stabelen er 2 meter høg og 2 meter brei?
30 centimeter
40 centimeter
50 centimeter
60 centimeter
6. Michael Haneke har vore ein av Europas viktigaste filmskaparar sidan 1990-åra. Kva er heimlandet hans?
Austerrike
Belgia
Polen
Sverige
7. Kva hovudgrein i filosofien har tradisjonelt vorte inndelt i induksjon og deduksjon?
Epistemologi
Etikk
Logikk
Metafysikk
8. Kva nordleg kystprovins i Nederland er Leeuwarden hovudstad i? Også Heerenveen ligg her.
Flevoland
Friesland
Groningen
Nord-Holland
9. Kva er tilnamnet til Edvard Griegs einaste symfoni?
«Avskjedssymfonien»
«Den forbodne»
«Den ufullenda»
«Fra Holbergs tid»
10. Kva stort kattedyr har dusk på halen?
Jaguar
Leopard
Løve
Tiger
11. Kva for eit forlag vart starta i 1892 av ein Johan Martin? Det var familieeigd i over hundre år og ligg no under Kagge.
J.M. Evensens Forlag
J.M. Helgesens Forlag
J.M. Petersens Forlag
J.M. Stenersens Forlag
12. Futomaki er tjukkare enn vanleg makisushi. Kva heiter den tilsvarande tynne varianten? Han har tradisjonelt berre éin ingrediens i midten av rullen.
Gunkanmaki
Hosomaki
Temaki
Uramaki
13. Kva androgyn glamrockfigur slo David Bowie stort gjennom med i 1972?
Halloween Jack
Major Tom
Screaming Lord Byron
Ziggy Stardust
14. Kva amerikansk sekkeprodusent har ein fiskeørn i logoen og eit engelsk namn som tyder nett «fiskeørn»?
Oriole
Osprey
Ouzel
Oystercatcher
15. Hedda Berntsen, årets vinnar av Mesternes mester, har briljert i alpint, døds, freestyle, frikøyring, telemarkskøyring og wakeboard. Kva for ein av sportane har ho OL-medalje i?
Alpint
Døds
Freestyle
Frikøyring
Telemarkskøyring
Wakeboard
16. Kva stor hending i Den katolske kyrkja varte frå 1869 til 1870? Det viktigaste vedtaket var dogmet om den ufeilbare paven.
Det første laterankonsilet
Det andre laterankonsilet
Det første vatikankonsilet
Det andre vatikankonsilet
17. Kva er fellesomgrepet for apparat som gjev elektrisk ladde partiklar stor fart? Dei er vanlege i kjernefysisk forsking med meir.
Akselerator
Oscillator
Reaktor
Velosirator
18. Den siste faraoen ein har funne grava til, er Thutmosis 2., oppdaga i 2022 og identifisert i 2025. Kva farao er det førre tilfellet?
Akhenaten
Kheops
Ramses 2.
Tutankhamon
19. I kva for eit fylke er Numedal og Hallingdal dei to store dalføra?
Agder
Buskerud
Innlandet
Telemark
20. Under ein brudulje i Dag og Tid i 1966 måtte redaktør Ivar Eskeland og redaksjonssekretær Bjørn Hervik takke av. Kven eller kva hadde Hervik skrive «nekrolog» om?
Gud
Kongehuset
Nynorsk
Tarjei Vesaas
21. Artikkel 5 hos Nato har berre vorte utløyst éin gong. Kva dato og år var det?
9. april 1940
21. april 1967
11. september 2001
22. juli 2011
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 21. mars 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q3LADTWY9","txt":"1. Skihopping har lenge slite med manipulering av dressar. Dette har kome fram i lyset etter eit videoopptak der Noreg nyttar kva slags maskin?, 2. Tittelkarakteren i Holberg-komedien Erasmus Montanus har latinisert namnet sitt. Kva heiter han eigentleg?, 3. Har dei fleste kvinner i veke 10 av svangerskapet gravidmage?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker