Dag og Tid-quizen 14. juni 2024

1. Norske smågnagarar vert delte inn i langhalemus og korthalemus. Kva gruppe høyrer husmusa til?
Korthalemus
Langhalemus
2. Dag Erik Pedersen hadde lenge den beste norske samanlagtplasseringa i eit Grand Tour. Det var tiandeplass i kva for eit sykkelritt?
Flandern rundt
Frankrike rundt
Italia rundt
Spania rundt
3. Urinnbyggjarane i Australia er øyfolk i Torressundet og kva anna gruppe folk?
Aboriginar
Maori
Papuanarar
Polynesiarar
4. Kva er det Jarlsberg-ost produsert på Nærbø og i Verdal er fri for, til forskjell frå den i Elnesvågen?
Kumjølk
Laktose
Hol
Skorpe
5. I kva roman er hovudpersonen Sofie Ramm, yngstesystera som vert pressa til giftarmål, ho òg?
«Amtmannens døtre»
«Familien på Gilje»
«Forrådt»
«Sofies verden»
6. Robert Falcon Scott nådde Sørpolen den 17. dagen i kva månad og år? Roald Amundsen slo han med 34 dagar.
November 1911
Desember 1911
Januar 1912
Februar 1912
7. I samband med Språkrådet tyder dette verbet på n «fastsetje kva som er gjeldande rettskriving». Kva verb?
Nominere
Normalisere
Normere
Norvagisere
8. I balletten Svanesjøen har Odette og Odile kvar sin farge. Kva farge har Odile?
Gul
Kvit
Raud
Svart
9. Ein relasjonsdatabase har data organiserte som rader i tabellar. Kva er det klart mest nytta programmeringsspråket til dette? Ei spørjing kan til dømes ha kommandoane SELECT, FROM og WHERE.
Java
Lisp
Python
SQL
10. Kva for ein Lågen renn gjennom Rollag kommune?
Gudbrandsdalslågen
Hallingdalslågen
Numedalslågen
Suldalslågen
11. Paolo Veronese fullførte eit hovudverk i 1563, eit stort måleri av kva for eit bryllaup?
Eit bondebryllaup
Arnolfinis bryllaup
Bryllaupet i Kana
Bryllaupet til Pelevs og Thetis
12. Kven har i år som 39-åring vorte leiar av Den Norske Nobelkomité, den yngste nokon gong? Han var dagleg leiar for Utøya i fleire år etter 22. juli.
Asle Toje
Gry Larsen
Jørgen Watne Frydnes
Olav Njølstad
13. Kva av Alaska, Kaspihavet og Madagaskar er klart størst, over fire gonger Noregs areal?
Alaska
Kaspihavet
Madagaskar
14. Kva gamalt filosofisk omgrep – på gresk arete – er det motsette av last?
Dygd
Evne
Kunnskap
Moral
15. I ein song av Di Derre endar «danseskolens minstemann» opp i kva dans saman med Gunn?
Mambo
Rumba
Salsa
Tango
16. Kva folkerikt land, der omkring ti kvinner vert drepne kvar dag, har nyss valt sin første kvinnelege president? Det er klimaforskaren Claudia Sheinbaum.
Brasil
Filippinane
Mexico
Nigeria
17. Før Zsa Zsa Gabor emigrerte til stjernelivet i Hollywood, vart ho i 1936 den åttande vinnaren av ... kva?
Miss Albania
Miss Serbia
Miss Tyrkia
Miss Ungarn
18. Faren vann OL-gull i diskos i 2000 og 2004. I april slo sonen den 37 år gamle verdsrekorden i øvinga. Kva heiter desse to utøvarane?
Jorma Kinnunen og Kimmo Kinnunen
Jürgen Schult og Jesper Schult
Romas Ubartas og Zydrunas Ubartas
Virgilijus Alekna og Mykolas Alekna
19. Merkur sin er særs tynn. Hos Venus og Mars er han nesten rein karbondioksid. Kva er det tale om?
Atmosfære
Jordskorpe
Kjerne
Mantel
20. I kva krig var Tjukke-Bertha eit kjent våpen? Haubitsen hadde eit kaliber på heile 42 centimeter.
Den amerikanske borgarkrigen
Den første verdskrigen
Den andre verdskrigen
Vietnamkrigen
21. Dette rektangulære trafikkskiltet med blå botn finst i fleire variantar. Motivet er i utgangspunktet ein raud og kvit figur ganske lik bokstaven T. Kva skilt?
Blindveg
Einvegskøyring
Møteplass
Havarilomme
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 14. juni 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q3LZDV9N9","txt":"1. Norske smågnagarar vert delte inn i langhalemus og korthalemus. Kva gruppe høyrer husmusa til?, 2. Dag Erik Pedersen hadde lenge den beste norske samanlagtplasseringa i eit Grand Tour. Det var tiandeplass i kva for eit sykkelritt?, 3. Urinnbyggjarane i Australia er øyfolk i Torressundet og kva anna gruppe folk?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker