Dag og Tid-quizen 5. desember 2025

1. I kva hovudstad vert Sisse Marie Welling den første faste overborgarmeisteren som ikkje representerer Socialdemokratiet?
Helsinki
København
Nuuk
Stockholm
2. Kva slags stasjon var sovjetiske Saljut 1, som blei skoten opp i 1971, verdas første av?
Månestasjon
Romstasjon
Satellittstasjon
Vêrstasjon
3. Bibelen fortel at Adam og Noah vart høvesvis 930 og 950 … kva?
Jubelår
Månader
Sekel
År
4. Countryartistane Cowboy Copas og Hawkshaw Hawkins døydde i ei flyulukke saman med eit større namn i sjangeren. Kven då (1932–1963)?
Jim Reeves
Johnny Horton
Otis Redding
Patsy Cline
5. Kva organisasjon har sin eigen nyheitsnettstad på news.un.org?
EU
FN
Nato
Verdsbanken
6. Kva er Kimen, Kolben og Kuben døme på i høvesvis Stjørdal, Kolbotn og Grong?
Fjell
Innsjøar
Kunstmuseum
Kulturhus
7. Kva heiter hovuddelen av ei dør, også kalla dørplate eller dørfløy?
Dørblad
Dørbord
Dørlerret
Dørvifte
8. Kva hovudstad på B ligg cirka 14 grader nord og 100 grader aust?
Bagdad
Bandar Seri Begawan
Bangkok
Beijing
9. Kva vinmerke – det viktigaste til chilenske Viña San Pedro – har både namn og logo med eit dyr i ein viss farge?
Gato Negro
Oveja Blanca
Veuve Clicquot
Vinho Verde
10. I kva for eit tiår måla Claude Monet biletet «Inntrykk, soloppgang», som gav namn til impresjonismen?
1830-åra
1850-åra
1870-åra
1890-åra
11. Kva språk er Lars Moa den fremste – og for tida einaste – omsetjaren av i Noreg? Han har nyss fått den største nordiske prisen på feltet, Letterstedtska föreningens nordiska översättarpris.
Færøysk
Grønlandsk
Kvensk
Lulesamisk
12. Kva føregår vonleg i til dømes ein motorisert Moonboon eller Membantu, som går opp og ned av seg sjølv?
Babysoving
Bærreinsing
Styrketrening
Vedkløyving
13. Kva er alltid vinkelsummen i ein pentagon?
500 grader
510 grader
540 grader
550 grader
14. Kva for ein Matthew, som også er skodespelar, har Sarah Jessica Parker vore gift med sidan 1997?
Matthew Broderick
Matthew Fox
Matthew McConaughey
Matthew Modine
15. Kva heiter «den skogfinske hovudstaden» i Noreg, som ligg i Grue kommune? Det er her Norsk skogfinsk museum omsider har fått eit stort, samla museumsbygg i 2025.
Brandval
Kirkenær
Skrautvål
Svullrya
16. Kva er «svelte reven»?
Ein drikkeleik
Eit kortspel
Ein straffemetode
Ein strikketeknikk
17. Kva felles etternamn fekk fleire av dei utanomekteskapelege barna til dei fire etterfølgjande kongane Kristian 4., Frederik 3., Kristian 5. og Frederik 4.?
Falsen
Guldberg
Gyldenløve
Sehested
18. Kva tekstilfiber var det keisarinne Leizu visstnok lærte kinesarane opp i for nesten 5000 år sidan?
Bomull
Hamp
Lin
Silke
19. I kva motorsykkelsport har spanske Marc Márquez vunne den gjævaste klassa, MotoGP, heile sju gonger, sist i 2025?
Motocross
Roadracing
Speedway
Trial
20. Kva var det problematiske grunnstoffet i amalgamfyllingar, då ofte legert med tinn, sølv og kopar?
Arsen
Bly
Jern
Kvikksølv
21. Elisabeth Schweigaard Selmer og Egil Endresen var justisministrane i kva regjering?
Einar Gerhardsens andre regjering
Einar Gerhardsens tredje regjering
Kåre Willochs regjering
Per Bortens regjering
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 5. desember 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q3W5D4XE9","txt":"1. I kva hovudstad vert Sisse Marie Welling den første faste overborgarmeisteren som ikkje representerer Socialdemokratiet?, 2. Kva slags stasjon var sovjetiske Saljut 1, som blei skoten opp i 1971, verdas første av?, 3. Bibelen fortel at Adam og Noah vart høvesvis 930 og 950 … kva?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker