Dag og Tid-quizen 25. april 2025
1. Kva aktuelt omgrep kan me definere slik: «avgift til offentlege styresmakter på vare som passerer grense»?
Kvote
Moms
Skatt
Toll
2. Kva heitte den nederlandske busetjinga som i 1664 vart engelsk under namnet New York?
Ny-Amsterdam
Ny-Haag
Ny-Haarlem
Ny-Rotterdam
3. I kva Prøysen-vise er nista til tittelfiguren «åtte stykker museflesk og fire bringebær»?
«Bolla Pinnsvin»
«Helene Harefrøken»
«Nøtteliten»
«Teddybjørnens vise»
4. Kva er daglegtalenamnet på achluofobi? Dette er mest vanleg hos barn, men for dei fleste er det ikkje nokon fobi.
Flyskrekk
Høgdeskrekk
Mørkeredsle
Sprøyteskrekk
5. I kva norsk TV-program har verdsmeister Trine Dehli Cleve vore dommar i alle 19 sesongane?
«4-stjerners middag»
«Norske Talenter»
«Skal vi danse»
«Stjernekamp»
6. Kva heiter Indias mest kjente ølmerke, som har ein isfugl i logoen? Svaret er det engelske namnet på isfugl.
Godfather
Kingfisher
Roller
Tody
7. På kva for eit musikkinstrument er Sherlock Holmes ein framifrå utøvar?
Cembalo
Fiolin
Harpe
Obo
8. Røsslyng har vore ein mykje brukt fargeplante. Kva farge dreier det seg mest om?
Blå
Grøn
Gul
Raud
9. Den vidgjetne «Aleksander-mosaikken» viser Aleksander den store, kanskje i slaget ved Issos. Han vart funnen som ein golvmosaikk i Faunens hus i kva by?
Alexandria
Athen
Babylon
Pompeii
10. Kva stor norsk grossist er eigd av Norgesgruppen? På lastebilane ser ein namnet og slagordet «Vi forsyner Norge med mat».
Arla
ASKO
Multi Food
Nortura
11. Kva er fødelandet til Frédéric Chopin? Det var ikkje sjølvstendig den gongen (1810).
Polen
Slovakia
Tsjekkia
Ungarn
12. Rekorden for flest mål i NHL var lenge 894, men i april fall han. Kven er den gamle og den nye rekordinnehavaren?
Gordie Howe (1972) og Aleksandr Ovetsjkin (2025)
Gordie Howe (1972) og Jevgenij Malkin (2025)
Wayne Gretzky (1999) og Aleksandr Ovetsjkin (2025)
Wayne Gretzky (1999) og Jevgenij Malkin (2025)
13. Kva slags styrke vert målt med SI-eininga candela?
Fargestyrke
Lydstyrke
Lysstyrke
Straumstyrke
14. Kva heitte misjonæren og sjukepleiaren frå Kragerø som var eit av få vestlege vitne til folkemordet på armenarane (cirka 1915–1920)? Ho har heltestatus i landet. Det same gjeld Fridtjof Nansen, som kom til nokre år seinare.
Annie Skau Berntsen
Bodil Biørn
Bolette Gjør
Marie Monsen
15. Midt i det sørlege Sahara ligg Mali, Niger og Tsjad på rekkje. Sorter dei frå vest til aust.
Mali, Niger, Tsjad
Mali, Tsjad, Niger
Tsjad, Mali, Niger
Tsjad, Niger, Mali
16. Kva stilling vart ledig i både 2017 og 2025 på grunn av riksrettssaker? Dei som måtte gå, var høvesvis Park Geun-hye og Yoon Suk-yeol.
Generalsekretær i ASEAN
Leiar av Hongkong
President i Sør-Korea
President i Taiwan
17. Den første nynorske Bibelen – Fyrebilsbibelen frå 1921 – var ein siger for målrørsla. Kva var det samla opplaget?
10 000
20 000
100 000
200 000
18. Kva slags spel er tyske Ravensburger ein verdsleiande produsent av?
Brettspel
Kortspel
Puslespel
Rollespel
19. Kva særs omdiskutert fransk film frå 1961 av Alain Resnais vart kalla nonsens av somme, meisterverk av andre? Handlinga går føre seg i eit ombygd palass og spring mykje i tid og rom, mellom minne og draumar.
«Hiroshima, min elskede»
«I fjor i Marienbad»
«Min onkel i Amerika»
«Paraplyene i Cherbourg»
20. Kva er fødselsåret til kronprins Christian av Danmark? Han har jubileum i år.
1995
2000
2005
2015
21. Før påske fekk quizmeisteren ny optikar og naut den finslipte dialekten. Sistnemnde kjem frå ein av dei fire norske byane som startar på O. Der et dei til dømes kaku eller pysje mæ alt. Kva by?
Odda
Orkanger
Oslo
Otta
{"name":"Dag og Tid-quizen 25. april 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q3WYDYZV9","txt":"1. Kva aktuelt omgrep kan me definere slik: «avgift til offentlege styresmakter på vare som passerer grense»?, 2. Kva heitte den nederlandske busetjinga som i 1664 vart engelsk under namnet New York?, 3. I kva Prøysen-vise er nista til tittelfiguren «åtte stykker museflesk og fire bringebær»?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}