Dag og Tid-quizen 8. mars 2024

1. Den internasjonale kvinnedagen vart stifta av Den andre internasjonalen i København og markert første gong året etter. Kva er dei to åra?
1900 og 1901
1910 og 1911
1920 og 1921
1930 og 1931
2. Dei ulike sebraartane høyrer til kva familie?
Hestefamilien
Hjortefamilien
Kamelfamilien
Oksefamilien
3. Kva Modalen-lyrikar smidde mange flotte samansetjingar, som gløymslesekk og kjenslegruve?
Olav Aukrust
Olav Dalgard
Olav H. Hauge
Olav Nygard
4. Det første underet til Jesus var i bryllaupet i Kana. Der gjorde han kva om til kva?
Vatn til blod
Vatn til vin
Vin til saft
Vin til blod
5. Byane Narva, Pärnu og Tallinn er spreidde langs nesten heile kysten av Estland. Set dei i rekkefølgje frå Rigabukta til Finskebukta.
Narva, Tallinn, Pärnu
Pärnu, Narva, Tallinn
Pärnu, Tallinn, Narva
Tallinn, Pärnu, Narva
6. I 2007 gav ein vaksen tsjekkar i Noreg seg ut for å vere gut. No har historia vorte ein podkastsuksess hos NRK. Kva var fornamnet til «guten»?
Adam
Adrian
Anders
Andreas
7. Kva for to bær er det i dronningsyltetøy? Berre det eine er bær i botanisk forstand.
Blåbær og bringebær
Blåbær og jordbær
Bringebær og bjørnebær
Bringebær og jordbær
8. Kva er både eit tidlegare namn på Istanbul og eit anna namn på Austromarriket?
Bosporos
Bysants
Konstantinopel
Miklagard
9. Kva kallar me dei tolv siste nummererte symfoniane til Joseph Haydn, symfoni 93–104? Han reiste til den aktuelle staden fleire gonger på den tida.
London-symfoniane
Paris-symfoniane
Roma-symfoniane
Wien-symfoniane
10. Kor mange personar er ei stokksag meint for?
Ingen
Ein
To
Fire
11. Kven vart i 2022 president i Aust-Timor for andre gong? Han er ein av landets to fredsprisvinnarar frå 1996.
Carlos Belo
Fernando de Araújo
Francisco Guterres
José Ramos-Horta
12. Kva smak er det på til dømes svabergligging og blomeengvandring, ifølgje deLillos?
Blod
Honning
Liv
Sommar
13. Kva er etternamnet til Julie i Romeo og Julie?
Benvolio
Capulet
Montague
Tybalt
14. I Oslo har Verkstedhallen nyleg opna som ein stor utestad med det passande namnet Carls. Kva plass skal me til?
Carl Berners plass
C.J. Hambros plass
Eidsvolls plass
Grev Wedels plass
15. Kva er det ekornet Ratatosk, som spring opp og ned i Yggdrasil, stadig har på hjartet: spådommar, ukvemsord eller visdomsord?
Spådommar
Ukvemsord
Visdomsord
16. Kva øving i skiskyting er 12,5 km for menn, 10 km for kvinner og har startliste ut frå eit tidlegare løp?
Fellesstart
Jaktstart
Normaldistanse
Sprint
17. Kva nasjonalpark med særmerkt geologi ligg nord for Svartisen i Nordland? Namnet er lulesamisk og tyder «høgtliggjande, vidstrekt vidde».
Láhko nasjonalpark
Rago nasjonalpark
Rohkunborri nasjonalpark
Øvre Anárjohka nasjonalpark
18. Kva nordmann (1930–2024) vart ein internasjonal pioner på fredsforsking?
Dagmar Loe
Erling Folkvord
Johan Galtung
Ottar Brox
19. Angélique Kidjo er eit av dei største namna i verdsmusikken. Kva afrikansk land kjem ho frå?
Benin
Mali
Mosambik
Senegal
20. Er emalje i gullsmedkunsten og emalje på tennene det same stoffet?
Ja
Nei
21. Kva sjakkbrikke kan setje kvelarmatt, der motstandarkongen er innestengd av sine eigne brikker?
Bonde
Løpar
Springar
Tårn
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 8. mars 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q40SNMU62","txt":"1. Den internasjonale kvinnedagen vart stifta av Den andre internasjonalen i København og markert første gong året etter. Kva er dei to åra?, 2. Dei ulike sebraartane høyrer til kva familie?, 3. Kva Modalen-lyrikar smidde mange flotte samansetjingar, som gløymslesekk og kjenslegruve?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker