Dag og Tid-quizen 20. juni 2025

1. Kva politisk parti, skipa i 1923, stiller berre éi liste til stortingsvalet i haust? Det er i Vest-Agder.
Frisinna Venstre
Kystpartiet
Norges Kommunistiske Parti
Kristeleg Folkeparti
2. I kva hovudstad ligg Den forbodne byen? Keisarpalasskomplekset er på nesten éin kvadratkilometer.
Beijing
Moskva
New Delhi
Tokyo
3. Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane sine. Ifølgje tradisjonen spikra han dei på kva slags dør?
Klosterdør
Kyrkjedør
Låvedør
Rådhusdør
4. Kva er namn på både ei sentral tekstsamling hos mayafolket k'iche' og eit tysk krautrock-band stifta i 1969? Eit band med Jahn Teigen heitte òg dette, men måtte skifte namn.
Amon Düül II
Ash Ra Tempel
Popol Vuh
Tangerine Dream
5. Kva person er veska Hermès Kelly oppkalla etter?
Gene Kelly
Grace Kelly
Kelly Clarkson
Kelly Rowland
6. Kva av desse er eit synonym for det nynorske adjektivet fræv?
Fargerik
Frekk
Fruktbar
Frykteleg
7. Kva tilnamn har hendinga i 1807 som drog Danmark-Noreg inn i Napoleonskrigane på fransk side? Åstaden var København, og britiske styrkar stod bak.
Blodbadet
Flåteranet
Kornblokaden
Trekeisarslaget
8. Den engelske komikaren Ricky Gervais slo gjennom i 2001 med kva situasjonskomedie?
«After Life»
«Extras»
«Life's Too Short»
«The Office»
9. Kva for noko i kroppen er det matvarer med høg glykemisk indeks får til å stige raskt?
Kolesterolet
Blodsukkeret
Blodtrykket
Pulsen
10. Herresinglefinalen i årets French Open vart tidenes lengste – og ein av dei beste. Det stod 2–0 til Jannik Sinner. Korleis enda kampen (stilling og vinnar)?
3–2 til Carlos Alcaraz
3–2 til Lorenzo Musetti
5–2 til Carlos Alcaraz
5–2 til Lorenzo Musetti
11. Kva for eit yrke er tyske Anne-Sophie Mutter (fødd 1963) ein verdsleiande utøvar av? Ho vel ofte skulderfrie, stroppelause ballkjolar som ein del av uttrykket.
Cellist
Fiolinist
Pianist
Operasongar
12. På kva øygruppe lever elefantskjelpaddene?
Filippinane
Galápagosøyane
Seychellane
Sundaøyane
13. Kva spanjol er det mange kunsthistorikarar kallar den siste gamle meisteren og den første modernisten? Han levde frå 1746 til 1828.
Diego Velázquez
Francisco Goya
Francisco Zurbarán
Manuel Castellano
14. Kva heiter islamsk lov? Dette er ikkje ei spesifikk lovsamling, men ein mangfaldig tradisjon.
Fatwa
Fiqh
Sharia
Sunna
15. Den eldste teikninga me kjenner, er eit raudt mønster på ein stein funnen i Blombos-hola i Sør-Afrika. Om lag kor gamal er ho?
7000 år
70 000 år
700 000 år
7 000 000 år
16. Kva norsk idrettslandslag hadde kapteinskifte i 2003 mellom to gjøvikensarar?
Herrelandslaget i fotball
Herrelandslaget i handball
Kvinnelandslaget i fotball
Kvinnelandslaget i handball
17. Kva kvit art i korgplantefamilien er eit utbreidd symbol for Alpane?
Edelweiss
Issoleie
Mogop
Rhododendron
18. Kva for ei Hermine var ein sentral forfattar då sjangeren ungpikebøker slo gjennom i Noreg rundt 1890? Det var med bøkene om Tulla. Hint: Hermine døydde på Voss. Både kunstnarektemannen, spelemannssonen og skodespelarbarnebarnet er vel så kjende.
Hermine Bernhoft Osa
Hermine Helgeland
Hermine Mosafinn
Hermine Svartveit
19. Rams opp dei tre fargane i Estlands flagg ovanfrå.
Blå, svart, kvit
Kvit, blå, svart
Kvit, svart, blå
Svart, blå, kvit
20. Noregs største isbre (utanom Antarktis) smelta rekordmykje i fjor. Kva heiter han? Førsteleddet fortel kvar på Nordaustlandet på Svalbard han ligg.
Austfonna
Nordbreen
Sørbreen
Vestfonna
21. Kor mykje må ein fotgjengar eller syklist betale for dei 35 minuttane på Bastøferja?
0 kroner
35 kroner
99 kroner
199 kroner
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 20. juni 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q4KNBG7O5","txt":"1. Kva politisk parti, skipa i 1923, stiller berre éi liste til stortingsvalet i haust? Det er i Vest-Agder., 2. I kva hovudstad ligg Den forbodne byen? Keisarpalasskomplekset er på nesten éin kvadratkilometer., 3. Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane sine. Ifølgje tradisjonen spikra han dei på kva slags dør?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker