Dag og Tid-quizen 17. januar 2025
1. I kva konkurranse er Kowalczyk, Johaug, Cologna og Klæbo dei med flest samanlagtsigrar, fire kvar? Dei to nylegaste kom i 2025.
Femmila i ski-VM
Sprintverdscupen i langrenn
Tour de Ski
Verdscupen i langrenn
2. Kva konfektmasse med rista mandlar finst i brun og kvit utgåve? Namnet tyder nøtt.
Ganache
Krokan
Nougat
Trøffel
3. Kva av desse ligg ikkje i Bergen sentrum: Griegakademiet, Grieghallen eller Troldhaugen?
Griegakademiet
Grieghallen
Troldhaugen
4. Sorter desse organa frå øvst til nedst: hjartet, levra, magesekken.
Hjartet, levra, magesekken
Hjartet, magesekken, levra
Levra, hjartet, magesekken
Levra, magesekken, hjartet
5. Kva for eit rike fall formelt i år 476? For kvarmannsen heldt mykje fram som før. Ei himmelretning må med som presisjon.
Austromarriket
Nordromarriket
Sørromarriket
Vestromarriket
6. Kva for eit forlag, stifta i 1868, gjev ut litteratur på nynorsk og norske målføre?
Aschehoug
Fonna Forlag
Samlaget
Skald forlag
7. Den nye NRK-suksessen Familien Nerdrum går tett på Odd med familie. Kva isme er den store, stygge ulven hos dei? Eit døme er sitatet «[…] vi har en fiende, og det er …».
Individualismen
Kapitalismen
Liberalismen
Modernismen
8. Kva står T-en i T-bane for?
Tog
Transport
Trikk
Tunnel
9. Kva kan ha utformingar som «cutaway», «turndown» og «button down»?
Belte
Skjortekragar
Skjortemansjettar
Slips
10. Richard Dawkins (fødd i 1941) er den mest kjende representanten for nyateismen. Kva er faget hans?
Astronomi
Biologi
Kjemi
Psykologi
11. Den største motdebattanten til Dawkins er truleg ein Oxford-kollega. Matematikkprofessoren har lenge vore ein tilsvarande leiarskikkelse i kristent trusforsvar. Kva heiter han (fødd i 1943)?
J. Warner Wallace
John Lennox
Norman Geisler
William Lane Craig
12. Kva slags regjering er dette dei fem siste døma på i Noreg: Willoch inntil 1983, Brundtland II, Brundtland III, Jagland og Stoltenberg I?
Eittpartiregjering
Koalisjonsregjering
Mindretalsregjering
Skuggeregjering
13. Ein farge og ein delstat utgjer namnet på ein Elvis-filmmusikal frå 1961. Kva er tittelen?
«Black Georgia»
«Blue Hawaii»
«Golden California»
«Yellow Florida»
14. I kva for eit hundreår kom misjonæren Hans Egede til Grønland? Ein reknar dette som starten på den dansk-norske koloniseringa av øya.
1400-talet
1500-talet
1600-talet
1700-talet
15. Kari Simonsen var først ut (1975). Seinare har Grethe Kausland, Kari-Ann Grønsund og Pia Borgli gjort det same. Kva då?
Gifte seg med Peder W. Cappelen
Gje stemme til Solan Gundersen
Ha revy med Dizzie Tunes
Spele tante Sofie
16. Kva forfattargruppe på 1500-talet vart leidd av Pierre de Ronsard? Dei var sentrale i å gjere det franske språket meir høgverdig. Det ligg i namnet at dei var sju stykke.
Dødssyndarane
Heptaméron
Pleiaden
Septetten
17. Både 10- og 20-kronaren har kong Harald på framsida. Kva side av hovudet ser me: høgre eller venstre?
Høgre side
Venstre side
18. Kven leidde protestaksjonen saltmarsjen i 1930, der dei gjekk nesten 400 kilometer?
Albert Schweitzer
Mahatma Gandhi
Martin Luther King jr.
Vidkun Quisling
19. Elva Driva møter havet nedst i kva dal på Nordmøre? Dalen gjev òg namn til den aktuelle fjorden, øyra og kommunen.
Oppdal
Romsdalen
Surnadalen
Sunndalen
20. Kva kampsport utanom fekting har vore med i moderne sommar-OL sidan starten?
Boksing
Bryting
Judo
Taekwondo
{"name":"Dag og Tid-quizen 17. januar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q4O9S6WTP","txt":"1. I kva konkurranse er Kowalczyk, Johaug, Cologna og Klæbo dei med flest samanlagtsigrar, fire kvar? Dei to nylegaste kom i 2025., 2. Kva konfektmasse med rista mandlar finst i brun og kvit utgåve? Namnet tyder nøtt., 3. Kva av desse ligg ikkje i Bergen sentrum: Griegakademiet, Grieghallen eller Troldhaugen?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}