Dag og Tid-quizen 22. mars 2024

1. Me startar i vedskjulet. Kva fleirtydig ord kan vere eit rommål på 2,4 kubikkmeter, men òg til dømes noko det er godt å kvile i?
Armkrok
Famn
Stabel
Sekk
2. Kva er det svenske svaret på Melodi Grand Prix, som Marcus & Martinus no har vunne?
Melodifestivalen
Meloditävlingen
Sångfestivalen
Sångtävlingen
3. Kva heiter Belgias viktigaste kystby? På norsk nyttar me gjerne stavemåten med to like forbokstavar.
Aachen
Aantwerpen
Eebrugge
Oostende
4. Er karbon eit metall, halvmetall eller ikkje-metall?
Eit metall
Eit halvmetall
Eit ikkje-metall
5. I kva tidsrom på elleve år var Margaret Thatcher britisk statsminister?
1974–1985
1976–1987
1979–1990
1986–1997
6. Kva kjend forfattar kunne ikkje nytte venstrehanda etter å ha vorte skoten då han slost mot osmanane? Det var i slaget ved Lepanto i 1571.
Edmund Spenser
Miguel de Cervantes
Niccolò Machiavelli
William Shakespeare
7. Dei danske talorda tres og firs viser til høvesvis tre og fire kva?
Dusin
Hundrarar
Sneis
Tiarar
8. Kva heiter den siste delen av tynntarmen, den som kjem etter tolvfingertarmen og tomtarmen?
Blindtarmen
Endetarmen
Krumtarmen
Krøstarmen
9. I kva for eit land er fotballspelaren Sam Kerr den store helten på kvinnelandslaget?
Australia
Nederland
Sør-Afrika
USA
10. Me skal fram til ein 73 meter lang og 20 meter høg statue. Herifrå kan du sjå Kheopspyramiden til høgre, Khefrenpyramiden i midten og Mykerinospyramiden til venstre.
Abu Simbel
Griffen
Rosettasteinen
Sfinksen
11. Med Sverige på plass er Nato oppe i kor mange medlemsland?
24
28
32
36
12. Kva omskolert utgåve av Dynamitt-Harry er det Olsenbanden sprengjer Verdsbanken saman med, ifølgje tittelen på den niande filmen?
Data-Harry
Gummi-Harry
Nitro-Harry
Penge-Harry
13. Kva slags køyretøy har førarkortklassen AM 147, maksfart på 45 km/t og kjende merke som Ligier og Chatenet?
Elsparkesykkel
Moped
Mopedbil
Traktor
14. Kva forkorting på fem bokstavar har FNs organisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten? Dei er sentrale og hardt prøvde no i Gaza.
UNGWR
UNHCR
UNPRM
UNRWA
15. Kva planteart lagar ein tequila av?
Blå agave
Mais
Potet
Sukkerrøyr
16. Kva for ein Lars (1840–1910) er det Norsk biografisk leksikon kallar «husmannsgutten og soningsfangen som ble verdenskjent misjonær blant santalfolket i India»? Santalmisjonen er i dag ein del av Normisjon.
Lars Christensen
Lars Levi Læstadius
Lars Olsen Skrefsrud
Lars Onsager
17. I kva sport er Taiho Koki ei legende? Han var aktiv rundt 1960-åra og hadde ein kroppsmasse på rundt 150 kg.
Baseball
Bobsleigh
Skihopping
Sumo
18. Kva song med assosiasjonar til 14. februar vart ein signaturlåt for jazzmusikaren Chet Baker?
«Happy Valentine»
«My Funny Valentine»
«My Valentine»
«Valentine's Day»
19. Kva mytologisk tvillingpar var det Leto fødde på øya Delos?
Apollon og Artemis
Castor og Pollux
Helena og Klytaimnestra
Phobos og Deimos
20. Agdenes fyr, som var i drift i nesten 200 år, er ei vanleg vestleg avgrensing av kva fjord?
Hardangerfjorden
Nordfjord
Sognefjorden
Trondheimsfjorden
21. Kva agdenesing, som òg skriv for Dag og Tid, er aktuell med Den kortaste historia om Tyskland – frå år 9 til no? Ho har skrive fleire bøker om landet.
Ane Tusvik Bonde
Astrid Sverresdotter Dypvik
Cecilie Hellestveit
Hilde Vesaas
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 22. mars 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q55DLFC96","txt":"1. Me startar i vedskjulet. Kva fleirtydig ord kan vere eit rommål på 2,4 kubikkmeter, men òg til dømes noko det er godt å kvile i?, 2. Kva er det svenske svaret på Melodi Grand Prix, som Marcus & Martinus no har vunne?, 3. Kva heiter Belgias viktigaste kystby? På norsk nyttar me gjerne stavemåten med to like forbokstavar.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker