Dag og Tid-quizen 15. mars 2024

1. Kor mange av dei fem nordiske landa er med i Nato, etter at Sverige vart medlem 7. mars?
To
Tre
Fire
Fem
2. Kva heiter gasslaget i stratosfæren som vernar jorda mot mykje av UV-strålinga frå sola?
Oboslaget
Oksygenlaget
Overlaget
Ozonlaget
3. Kva slags matvare er kallenamn på skulpturen «Cloud Gate»? Han er ein kjend attraksjon i Chicago, laga av Anish Kapoor.
Banan
Bringebær
Bønne
Lauk
4. Kva kvinne, som kanskje levde på 900-talet, ser me i kommunevåpenet til Stad?
Gyda
Jostedalsrypa
Prillarguri
Sankt Sunniva
5. Kven eller kva er det forbode å «lokke til seg, forfølge eller ved annen handling oppsøke», ifølgje svalbardmiljøloven?
Isbjørnar
Selar
Sysselmeisteren
Russarar
6. Utanfor kva bygning, som opna i 1910, står Matt Busby og fleire andre legender på sokkel?
Anfield
Covent Garden
Old Trafford
Royal Albert Hall
7. Kva latinsk uttrykk vert omsett til «tida flyg»?
Bona fide
Carpe diem
Contra legem
Tempus fugit
8. Kva er det første du trillar etter i (heilt) tvungen yatzy?
Einarar
Eit par
Sjanse
Yatzy
9. Oppenheimer fekk som venta flest prisar – sju stykk – under Oscar-utdelinga for 2023. Ein av dei gjekk til Robert Downey Jr. Kva kategori er det?
Beste mannlege birolle
Beste mannlege hovudrolle
Beste originalmusikk
Beste regi
10. Kva finsk by er vidkjend for operafestivalen sin? Han vert arrangert i mellomalderslottet Olavinlinna.
Jyväskylä
Kokkola
Kuopio
Savonlinna
11. Kva slags fylling treng du når hòlet i tanna går heilt inn til pulpa dentis, tannmergen?
Amalgamfylling
Emaljefylling
Grøftefylling
Rotfylling
12. Under kva for eit døypenamn vart gjennombrotslåtane «Fru Johnsen» og «Romeo & Julie» gjevne ut?
Grethe Nilsen
Grethe Kausland
Inger Lise Andersen
Inger Lise Rypdal
13. Den mest nytta bibelteksten i Noreg, Bibel 2011, har no fått revideringa Bibel 2024. Kva organisasjon står bak?
Bibelselskapet
Den norske kyrkja
Hermon Forlag
Norsk Bibel
14. Assyria fall kort tid etter at den siste store kongen døydde omkring 630 før Kristus. Kva heitte han?
Assurbanipal
Salmanassar 3.
Shamshi-Adad 5.
Tiglat-Pileser 3.
15. Er skalet på ei pasjonsfrukt mjukt eller hardt?
Mjukt
Hardt
16. Kva stilling hadde Nicolai Rygg i det lange tidsrommet 1920–1946?
LO-leiar
Sentralbanksjef
SSB-direktør
Stortingspresident
17. Det finst fem land der det høgaste fjellet er på 7000-talet (i meter over havet). Desse er Kasakhstan, Kirgisistan, Afghanistan, Tadsjikistan og kva for eit siste land, som ikkje sluttar på -stan?
Bhutan
Kina
India
Iran
18. Når i 1994 var OL på Lillehammer?
11. januar–26. januar
27. januar–11. februar
12. februar–27. februar
28. februar–14. mars
19. Kva for eit av fabeldyra einhyrning, griff og kentaur kan flyge?
Einhyrning
Griff
Kentaur
20. Daddelvedtak er sjeldne, men to av dagens norske partileiarar er blant dei som har opplevd det. Kven av desse fekk det først?
Guri Melby
Jonas Gahr Støre
Sylvi Listhaug
Trygve Slagsvold Vedum
21. Kva kjend roman, som kom i bokform i 1873, har originaltittelen Le Tour du monde en quatre-vingts jours?
«De tre musketerer»
«En verdensomseiling under havet»
«Jorden rundt på 80 dager»
«Ringeren i Notre Dame
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 15. mars 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q5QMLFC86","txt":"1. Kor mange av dei fem nordiske landa er med i Nato, etter at Sverige vart medlem 7. mars?, 2. Kva heiter gasslaget i stratosfæren som vernar jorda mot mykje av UV-strålinga frå sola?, 3. Kva slags matvare er kallenamn på skulpturen «Cloud Gate»? Han er ein kjend attraksjon i Chicago, laga av Anish Kapoor.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker