Dag og Tid-quizen 27. juni 2025

1. Byen Natanz er sentral i konflikten mellom Iran og Israel. Det er her Iran rikjer opp mest av kva for eit grunnstoff?
Neptunium
Plutonium
Uran
Urea
2. Har Iran og Israel noko felles naboland?
Ja
Nei
3. Kva kallast bilete av døde eller urørlege gjenstandar, til dømes måleri av frukt?
Akvarell
Freske
Kontrafei
Stilleben
4. Kva er fornamnet til den eldste og mest fornuftige av systrene i Småfrøkner av Louisa May Alcott? Dei yngre er Jo, Beth og Amy. I filmen frå 2019 vert ho spelt av Emma Watson.
Meg
Mildred
Mindy
Molly
5. Kva er nasjonaledelsteinen i Australia? Landet har lenge dominert verdsproduksjonen, med over 90 prosent.
Opal
Onyks
Smaragd
Topas
6. Kva engelsk rockeband er best kjent for hiten «A Whiter Shade of Pale» frå 1967?
The Animals
Herman's Hermits
The Kinks
Procol Harum
7. Edith Södergran vart berre 31 år, men er like fullt ein populær lyrikar. Når levde ho?
1892–1923
1902–1933
1912–1943
1922–1953
8. Kva slags himmellekam er Ceres definert som sidan 2006? Før dette hadde ho merkelappen asteroide.
Dvergplanet
Komet
Meteoroide
Planet
9. Det japanske populærkulturfenomenet kawaii dyrkar eit spesielt uttrykk. Kva adjektiv på tre bokstavar kan me omsetje omgrepet til?
Gøy
Kul
Lat
Søt
10. Kva er naudnummeret til politiet i Noreg?
110
111
112
113
11. Kva trondheimar fødd i 1960 var lenge målvakt for Rosenborg og landslaget, hos sistnemnde ofte på benken for Erik Thorstvedt? Han fekk òg mange år som assistenttrenar for båe laga.
Frode Grodås
Jørn Jamtfall
Ola By Rise
Trond Sollied
12. Kva heiter den felles minnedagen 29. juni for martyria til Peter og Paulus? Det hyppigaste primstavmerket er nøkkel.
Per vinkel
Persok
Peters stol
Pålsmesse
13. Kva song om ein hest har tekst av Nordahl Rolfsen og melodi av Edvard Grieg?
«Kveldssang for Blakken»
«Kveldssang for Gampen»
«Kveldssang for Hingsten»
«Kveldssang for Lukas»
14. Kva blå til fiolett art frå det sørlege Afrika, ein vanleg prydplante i Noreg, har liten, toflika overleppe og stor, treflika underleppe?
Flittiglise
Hagelobelia
Lavendel
Purpurriddarspore
15. I kva uvanleg friidrettsøving sette Karsten Warholm ny verdsbestenotering på årets Bislett Games? Tida var 32,67.
300 meter
300 meter hekk
400 meter
400 meter hekk
16. Kven vart oppsynsmann for Royal Mint i London i 1696 og avslørte mange falskmyntnarar? Særleg kjend er William Chaloner, hengd i 1699.
Alexander Pope
Edmund Halley
Isaac Newton
Samuel Pepys
17. Kva kjemisk sambinding er arvestoffet som finst i nesten alle celler?
Cellekjerne
DNA
Gen
Kromosom
18. Kva by husar både Luftfartstilsynet, Norsk Luftfartsmuseum og Luftforsvarsmuseet? Dei to siste er samlokaliserte.
Bodø
Narvik
Trondheim
Tromsø
19. I juni har kongeparet for første gong vitja kva aude øy, som høyrer til Svalbard?
Bjørnøya
Bouvetøya
Jan Mayen
Nordaustlandet
20. Kva fisk heiter herring på engelsk?
Abbor
Kveite
Sei
Sild
21. I 1992 vart Algeries president, Mohammad Boudiaf, drepen i borgarkrigen. Kva heiter etterfølgjaren, som sat til 1994? Namnet kan føre tankane til gruff.
Abdi Kafi
Abdul Kafi
Ahmed Kafi
Ali Kafi
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 27. juni 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q5U1KAJDD","txt":"1. Byen Natanz er sentral i konflikten mellom Iran og Israel. Det er her Iran rikjer opp mest av kva for eit grunnstoff?, 2. Har Iran og Israel noko felles naboland?, 3. Kva kallast bilete av døde eller urørlege gjenstandar, til dømes måleri av frukt?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker