Dag og Tid-quizen 14. mars 2025

1. Kva skikonge, attpåtil frå Trondheim, vann seks av seks gull i ski-VM i 2025?
Jarl Magnus Riiber
Johannes Høsflot Klæbo
Johannes Thingnes Bø
Jørgen Graabak
2. Årets ski-VM vart debut for parautøvarar. Øvinga var paralangrennssprint i tre klassar: ståande, sitjande og …
Døv
Kneståande
Liggjande
Synshemma
3. I kva H.C. Andersen-eventyr er dei to «tittelaktørane» skilde av tjue madrassar og tjue ærdunsdyner?
«Hyrdinnen og skorsteinsfeieren»
«Keiserens nye klær»
«Piken med svovelstikkene»
«Prinsessen på erten»
4. Kva forkorting har FNs barnefond?
UNDP
Unesco
UNHCR
Unicef
5. Kva kjenneteiknar ein planet som er ekstrasolar? Over 5000 stykke er oppdaga så langt.
Den eine halvdelen får alt sollyset
Han er ikkje i solsystemet
Han går i bane rundt fleire stjerner
Han går ikkje i bane rundt ei stjerne
6. Kva for eit land vann Eurovision sist i 1983 med Corinne Hermès? Ho song «Si la vie est cadeau».
Belgia
Frankrike
Luxembourg
Monaco
7. Kringkastingsprisen heidrar godt språk på nynorsk eller dialekt i radio og fjernsyn. Kva NRK-profil frå Vinje vann i 2009?
Astrid Versto
Olav Vesaas
Yasmin Syed
Åsulv Edland
8. Tysklands største flyselskap er òg eit av verdas største. Kva er namnet?
German Airways
KLM
Lufthansa
Luftwaffe
9. Er det Bartimeus eller Bartolomeus som var ein av dei tolv disiplane til Jesus?
Bartimeus
Bartolomeus
10. Kva heiter filmen som vann Gullpalmen i 2024 og Oscar for beste film i 2025? Me følgjer ein sexarbeidar som vert kjærast med ein russisk oligarkson.
«Anora»
«A Real Pain»
«Emilia Pérez»
«The Brutalist»
11. Kor mange tær har ein struts på kvar fot? Ingen andre fuglar har dette.
Inga
Ei
To
Tre
12. Kva ville ein antikk grekar gjere med til dømes ein kantharos, ein kylix eller ein skyfos, men ikkje med ein amfora?
Drikke av dei
Lagre vin i dei
Nytte dei i gravferd
Nytte dei i ofring
13. Eit heiltal større enn 1 er anten eit samansett tal eller kva annan type tal?
Oddetal
Primtal
Rasjonalt tal
Reelt tal
14. Coca-Cola kom sju år før Brad’s Drink, det som no heiter Pepsi. Kva er tidsrommet?
1872–1879
1879–1886
1886–1893
1893–1900
15. Kva innsjø var Noregs største fram til 1645? Han er på nesten 500 kvadratkilometer.
Femunden
Røssvatnet
Siljan
Storsjön
16. Kva for eit land stod bak den særs bestialske Nanjing-massakren rundt årsskiftet 1937–38? Somme estimat er på over 300.000 dødsoffer.
Italia
Japan
Kina
Tyskland
17. Kva for ein av Noregs fem nasjonale minoritetar har nasjonaldag 16. mars?
Kvenar
Rom
Romani
Skogfinnar
18. Kva for eit ord på g viser til kasseforma, steinfylte ståltrådkorger brukte som støttemur? I Noreg sikrar dei mange vegar. Ordet kjem frå italiensk for «stort bur».
Gabionar
Gesimsar
Gibbonar
Giberellinar
19. Trommeskinnet på ein djembe kjem som regel frå kva for eit husdyr?
Hest
Geit
Gris
Storfe
20. Sett frå Cuba ligg Jamaica i kva av dei fire himmelretningane?
Nord
Sør
Aust
Vest
21. Kven vert spelt av Anneke von der Lippe i ein ny TV-serie om ei lang ventetid (1959–1968)? Personen opplevde òg ved ulike høve å miste yngstesonen, ektemannen og eldstedottera.
Anne-Cath. Vestly
Dagny Haraldsen
Randi Bratteli
Werna Gerhardsen
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 14. mars 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q5WVLFOF6","txt":"1. Kva skikonge, attpåtil frå Trondheim, vann seks av seks gull i ski-VM i 2025?, 2. Årets ski-VM vart debut for parautøvarar. Øvinga var paralangrennssprint i tre klassar: ståande, sitjande og …, 3. I kva H.C. Andersen-eventyr er dei to «tittelaktørane» skilde av tjue madrassar og tjue ærdunsdyner?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker