Dag og Tid-quizen 27. september 2024

1. Kven er portrettert på ein ny statue i Midtre Gauldal kommune i Trøndelag? Skulptøren Merete Sejersted Bødtker møtte ho under arbeidet for å sjå skiteknikken på nært hald.
Bente Skari
Berit Aunli
Marit Bjørgen
Therese Johaug
2. Kva europeisk øynasjon i Middelhavet ligg rundt 80 kilometer sør for Sicilia?
Kreta
Kypros
Malta
Sardinia
3. Kva for eit namn på k har læra om universet sett som ein heilskap?
Kardiologi
Kirologi
Kosmologi
Kryologi
4. Kva er gygrer i norrøn mytologi? Svar med to ord for å gje ein eksakt definisjon.
Kvinnelege dvergar
Kvinnelege jotnar
Kvinnelege vanar
Kvinnelege æser
5. Jens K. Styve er best kjend for kva humoristisk nynorsk teikneserie om ein småbarnspappa frå bygda?
«Busemannen»
«Dunce»
«Hjalmar»
«Pappa»
6. Kva for eit folkemord er det jødane kallar shoah – katastrofe på hebraisk?
Barnemordet i Betlehem
Holocaust
Holodomor
Novemberpogromen (krystallnatta)
7. Vokteren er ei ny realitysatsing på TV 2. Målet er Noregs nasjonalfjell, som ligg i Narvik kommune. Kva heiter det?
Gaustatoppen
Oksskolten
Snøhetta
Stetinden
8. Denne krepsdyrarten er cirka 2 centimeter lang. Han er vanleg i Noreg, lever på botnen i ferskvatn og er viktig næring for fisk. Han har ein farge i namnet og vert òg kalla asell.
Blååte
Bruntvasskreps
Gråsugge
Raudåte
9. Kva heiter løpsdistansen 21,0975 kilometer?
Halvmaraton
Maraton
Triatlon
Ultraløp
10. Kven vart fødd i 1937 eit stykke utanfor Amsterdam og debuterte i 1964 med albumet Ballader och oförskämdheter?
Benny Borg
Björn Afzelius
Cornelis Vreeswijk
Evert Taube
11. På til dømes elgjakt og hjortejakt er talet 6,5 eit minstekrav. Kva tyder det? Svar med måleining og kva ein måler.
6,5 gram kule
6,5 meter avstand til dyret
6,5 meter fri sikt rundt dyret
6,5 millimeter kaliber
12. Kva veg går prisane over tid i ein deflasjon: opp eller ned?
Opp
Ned
13. Ein hemsko er ei hindring, både konkret og overført. Den første tydinga er ein kileforma kloss plassert framfor kva gjenstand?
Dør
Hjul
Saks
Øks
14. Kva farge har dei fleste kaffibær, frukta som kaffibønnene er i?
Grøn
Kvit
Raud
Svart
15. Denne ismen har vorte kalla den første store moderne kunstrørsla utanfor Europa. Dei tre sentrale utøvarane var venstreradikalarane Rivera, Orozco og Siqueiros. Dei to orda i omgrepet handlar om nasjonalitet og materiale.
Brasiliansk brutalisme
Brasiliansk muralisme
Mexicansk brutalisme
Mexicansk muralisme
16. Tordenskjold vert rekna som Noregs største sjøkrigshelt. Kva krig var det i?
Bjelkefeiden
Den skånske krigen
Den store nordiske krigen
Hannibalsfeiden
17. Frå den djupaste er fiolinstrengane stemde i G, D, A og kva fjerde tone?
Ess
E
F
Fiss
18. Bruda har brudebukett. Kva heiter den tilsvarande dekorasjonen på dressen til brudgommen?
Fadermordar
Jabot
Knappholsblom
Kravatt
19. Fossilet Lucy vart funne i Etiopia i 1974. Ho er den mest kjende representanten for kva tidleg art i menneskets evolusjon? Her er svaret på latin.
'Australopithecus afarensis'
'Australopithecus africanus'
'Homo ergaster'
'Homo habilis'
20. Romanen Moby Dick kom ut midt i kva for eit hundreår?
1500-talet
1600-talet
1700-talet
1800-talet
21. Kva nyleg avdød sosialpsykolog og politikar har denne omtalen i Store norske leksikon: «norsk feminismes mest synlige ansikt gjennom annen halvdel av 1900-tallet»?
Astrid Nøklebye Heiberg
Berit Ås
Eva Kolstad
Kari Vogt
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 27. september 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q6CX8ZV5H","txt":"1. Kven er portrettert på ein ny statue i Midtre Gauldal kommune i Trøndelag? Skulptøren Merete Sejersted Bødtker møtte ho under arbeidet for å sjå skiteknikken på nært hald., 2. Kva europeisk øynasjon i Middelhavet ligg rundt 80 kilometer sør for Sicilia?, 3. Kva for eit namn på k har læra om universet sett som ein heilskap?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker