Dag og Tid-quizen 4. juli 2025

1. Ein ny statue er avduka på Eidsvolls plass utanfor Stortinget. Han viser kva kvinneleg pioner, opphavleg frå Søndre Land?
Anna Rogstad
Fredrikke Qvam
Gina Krog
Kirsten Hansteen
2. Kven av desse har mest bruk for ei slangeklemme: ein bilmekanikar, ein bøddel eller ein slangetemjar?
Ein bilmekanikar
Ein bøddel
Ein slangetemjar
3. Kva særmerkjer Spencer Perceval i rekkja av britiske statsministrar?
Han representerte Peelittane
Han sat lengst
Han var ikkje britiskfødd
Han vart drepen
4. Kor mange år fyller dronning Sonja i dag, 4. juli?
86 år
87 år
88 år
89 år
5. Kva ord viste i utgangspunktet til etterkommarar av spanjolar i Karibia, men har meir utvida definisjon i dag? Ordet kjem frå latin for «skape».
Karibar
Kreolar
Maronar
Mestisar
6. Glåmdalen er lokalavis for åtte kommunar. Kva av desse er ein av dei?
Nord-Aurdal
Nord-Fron
Nord-Odal
Nordre Land
7. Kva naturkatastrofe fullfører tittelen på den første av bøkene om Mummitrollet, frå 1945: Småtrollene og ...
... den store oversvømmelsen
... den store skogbrannen
... det store jordskjelvet
... det store snøskredet
8. Kvifor vert artane i øgleslekta basiliskar kalla «jesusøgler»?
Dei bryt brød
Dei gjer vatn til vin
Dei har naglemerke
Dei kan springe på vatnet
9. Til den amerikanske whiskyen bourbon må minst 51 prosent vere kva kornsort?
Bygg
Mais
Ris
Rug
10. Kva heiter den vesle boka til Ivar Aasen frå 1853, den første på nynorsk? Her lanserte han framlegget sitt til ein normal for landsmålet.
«Ervingen»
«Det norske Folkesprogs Grammatik»
«Ordbog over det norske Folkesprog»
«Prøver af Landsmaalet i Norge»
11. Vart den trojanske hesten brukt av Troja eller mot Troja?
Av Troja
Mot Troja
12. Ein bøhering som vart dopingteken, hadde den gamle noregsrekorden frå 1986. Ein vossing oppteken av antidoping slo han i juni 2025. Kva friidrettsøving og kjønn er det tale om?
Diskoskast for kvinner
Diskoskast for menn
Kulestøyt for kvinner
Kulestøyt for menn
13. Kva av dei tre grunnstoffa som startar med «ne», har atomsymbolet Ne?
Neodym
Neon
Neopren
Neptunium
14. Den Norske Opera & Ballett har mellom anna operasjef, ballettsjef, musikksjef og orkestersjef. Kva stilling har Randi Stene?
Operasjef
Ballettsjef
Musikksjef
Orkestersjef
15. Kva for eit land ligg mellom Vanuatu i vest og Tonga i aust? Dette er dei tre sørlegaste av dei elleve små øystatane i Oseania.
Fiji
Salomonøyane
Samoa
Tuvalu
16. Tancred Ibsen leverte filmklassikaraane Fant og Gjest Baardsen med to års mellomrom. Kva for to år?
1931 og 1933
1934 og 1936
1937 og 1939
1940 og 1942
17. Han levde årevis i eksil, kjempa for afrikanske språk og vart ofte spådd å vinne Nobelprisen i litteratur. No er det for seint – han døydde i mai. Kva kenyanar er det tale om?
Abdulrazak Gurnah
Meja Mwangi
Mwangi Ruheni
Ngugi wa Thiong’o
18. Kva del av domkyrkja i Firenze er hovudverket til renessansearkitekten Filippo Brunelleschi?
Altertavla
Bronsedørene
Klokketårnet
Kuppelen
19. Kva er Culbertson, Goren, Vienna, Acol og presisjonskløver vanlege døme på i bridge?
Meldesystem
Trumf
Turneringsformer
Utgangar
20. Kva band frå Manchester bestod tidleg av «Bonehead» på gitar, «Guigsy» på bass og Tony McCarroll på trommer, forutan eit mykje omtala brødrepar?
Joy Division
Oasis
Simply Red
The Stone Roses
21. Kva NRK-teneste frå 1983 vert nedlagd i august? I 2005 nytta nesten 1,5 millionar nordmenn dette dagleg.
Frøken Ur
Sportsrevyen
Tekst-TV
Yr
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 4. juli 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q8NCPFTKL","txt":"1. Ein ny statue er avduka på Eidsvolls plass utanfor Stortinget. Han viser kva kvinneleg pioner, opphavleg frå Søndre Land?, 2. Kven av desse har mest bruk for ei slangeklemme: ein bilmekanikar, ein bøddel eller ein slangetemjar?, 3. Kva særmerkjer Spencer Perceval i rekkja av britiske statsministrar?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker