Dag og Tid-quizen 13. juni 2025

1. Kva stor ulukke i 1980 har Stortinget no vedteke erstatningsordning for, til overlevande og etterlatne?
Alexander Kielland-ulukka
Berge Vanga-ulukka
Mehamn-ulukka
Vassdal-ulukka
2. Kva heiter den mest kjende allegorien hos Platon, ein illustrasjon av idélæra hans?
Grottefabelen
Grottelikninga
Holefabelen
Holelikninga
3. Kva kjennefarge har Central Line på T-banen i London? Det same gjeld ein annan, meir ikonisk del av trafikkbiletet der.
Blå
Grøn
Gul
Raud
4. Kva er eit anna namn på bladgrønt, pigmentet som fangar solenergi i fotosyntesen?
Karbondioksid
Kloroform
Klorofyll
Xantofyll
5. Noregs Bank vart grunnlagd i kva for eit år som sluttar på 6?
1816
1886
1906
1936
6. Drikken lassi kjem frå det indiske subkontinentet. Kva er hovudingrediensen, forutan vatn? Ein har òg i fleire krydder.
Eggeplommer
Olivenolje
Yoghurt
Øl
7. Kva hovudstad ligg attmed grensa til to naboland – Austerrike i vest og Ungarn i sør?
Bratislava
Ljubljana
Praha
Zagreb
8. Kva heiter dokumentet der del 1 skal vere i køyretøyet og del 2 ikkje skal det?
Ansvarsforsikring
Førarkort
Vognkort
Vognskadeforsikring
9. Prestedottera Friederike Brion har fått plass i litteraturhistoria på grunn av ei rekkje kjærleiksdikt skrivne av kven? Dei møttest i 1770, då sistnemnde var student i Strasbourg. Friederike vart aldri gift.
Friedrich Hölderlin
Friedrich Schiller
Heinrich Heine
Johann Wolfgang von Goethe
10. Paris Saint-Germain vann årets UEFA Champions League for menn, med rekordstor margin. Kva vart stillinga i finalen?
5–0
5–1
6–0
6–1
11. Kva stilling har Bergljot Webster, som ein av 20 i Noreg? Ho er blant dei som har sete lengst (sidan 2009).
Høgsterettsdommar
Politimeister
Statsforvaltar
Universitetsrektor
12. Kva heiter styret til dei første fire kalifane etter Muhammed? Det vil seie Abu Bakr, Umar (Omar), Uthman (Othman) og Ali.
Abbaside-kalifatet
Fatimide-kalifatet
Rashidun-kalifatet
Umayyade-kalifatet
13. Kor mange fargar treng du maksimalt til eit kart for å unngå at to naboregionar har same farge? Dette heiter (…)fargeteoremet.
Tre
Fire
Fem
Seks
14. Kva for eit dyr er Babe, som gjerne vil verte sauegjetar i ein film frå 1995?
Geit
Gris
Hest
Høne
15. Kristne teologar vil kunne omtale Gud som omnipresent. Kva er eit meir kjent synonym?
Allmektig
Allstadsnærverande
Alltid
Allvitande
16. «Ingen andre fotografar skildra Sør-Afrika under apartheid meir psykologisk gjennomtrengjande», står det i ei bok om fotografihistorie. Kva for ein David er det tale om?
David Bailey
David Goldblatt
David Hamilton
David Levine
17. Kva diagnose har Morten Harket nyss stått fram med? Han får støtte av Ivar Dyrhaug, som òg er råka.
ALS
Alzheimers sjukdom
MS
Parkinsons sjukdom
18. I kva sport er argentinske Juan Manuel Fangio ein av dei fremste? Han vann fem verdsmeisterskapar, alle i 1950-åra.
Boksing
Fekting
Formel 1
Sjakk
19. Aksemaktene var primært Tyskland, Italia og kva for eit tredje land?
Japan
Jugoslavia
Kina
Sovjetunionen
20. Kva for to ord skal inn her hos Aslaug Låstad Lygre: «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,/ ho er for ljos til det –/ Då skal vi vandra isaman ute/ under dei (…).»
Blømande tre
Fruktige tre
Lauvtunge tre
Nakne tre
21. Frå barndomsheimen hadde Rolv Wesenlund utsikt til Bastøferja. Kva by skal me til?
Holmestrand
Horten
Moss
Mysen
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 13. juni 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q8NCSFLYL","txt":"1. Kva stor ulukke i 1980 har Stortinget no vedteke erstatningsordning for, til overlevande og etterlatne?, 2. Kva heiter den mest kjende allegorien hos Platon, ein illustrasjon av idélæra hans?, 3. Kva kjennefarge har Central Line på T-banen i London? Det same gjeld ein annan, meir ikonisk del av trafikkbiletet der.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker