Dag og Tid-quizen 17. oktober 2025

1. Kva heiter den nye storhertugen av Luxembourg? Faren Henri – tremenning av kronprins Haakon – abdiserte 3. oktober.
Charles
François
Guillaume
Jean
2. Kva «stillferdig» namn har eit stativ med knaggar til yttertøy?
Stumfrue
Stumherre
Stummeister
Stumtenar
3. Kva praktisk objekt er det overraskande få av på offentlege stader i Japan, ikkje minst etter T-baneterroren i 1995?
Benkar
Syklar
Søppelkasser
Toalett
4. Set inn rett ord: Me finn fotosyntese hos nesten alle plantar og (…) og hos somme bakterietypar.
Algar
Arkear
Insekt
Soppar
5. Kven forsvann i tempelet som tolvåring, ifølgje Lukasevangeliet?
Døyparen Johannes
Jesus
Paulus
Peter
6. Kva gjer Platon med høgrehanda på måleriet «Skulen i Athen»?
Han held ei bok
Han held ei skriftrull
Han peiker framover
Han peiker oppover
7. Kva norsk fysikar (1862–1951) er i stor grad opphavet til moderne vêrvarsling?
Carl Størmer
Halvor Solberg
Kristian Birkeland
Vilhelm Bjerknes
8. Urfolket mixtek er blant dei eldste kulturane i heimlandet sitt. Kva land?
Brasil
Mexico
Peru
USA
9. Kva er den bestemte artikkelen framfor tyske hankjønnsord i eintal (nominativ), til dømes Untergang?
Das
Den
Der
Die
10. Kva heiter den runde, majestetiske grensetoppen mellom Alvdal og Tynset, 1665 meter over havet?
Elgspiggen
Storsølnkletten
Trolltinden
Trondfjell
11. Kva tsjekkisk opera på det globale standardrepertoaret minner om «Den vesle havfrua», men er mørkare?
«Den listige vesle reven»
«Den selde bruda»
«Kát'a Kabanova»
«Rusalka»
12. Kva dyreart var nyleg avlidne Jane Goodall verdsleiande ekspert på?
Austgorilla
Bavian
Orangutang
Sjimpanse
13. Kva innanfor mat og drikke er den italienske storseljaren Peroni Nastro Azzurro?
Ost
Skinke
Vin
Øl
14. Rams opp dei fire symjestilane i individuell medley-rekkjefølgje.
Butterfly, brystsymjing, ryggsymjing, frisymjing
Butterfly, ryggsymjing, brystsymjing, frisymjing
Ryggsymjing, butterfly, brystsymjing, frisymjing
Ryggsymjing, brystsymjing, butterfly, frisymjing
15. Filmane I’m Not There (2007), Rolling Thunder Revue (2019) og A Complete Unknown (2024) handlar alle om kva kjend person?
Bob Dylan
Elton John
Elvis Presley
Michael Jackson
16. Kva for to krigar, omtala som «den første …» og «den andre …», var i 1894–1895 og 1937–1945?
Den første og den andre indokinesiske krigen
Den første og den andre kinesisk-japanske krigen
Den første og den andre opiumskrigen
Den første og den andre russisk-japanske krigen
17. Kva for to land, som grensar til kvarandre, er dei einaste med forbokstaven Z?
Zambezi og Zimbabwe
Zambia og Zambezi
Zambia og Zimbabwe
Zambia og Zululand
18. Dei romantiske poetane P.B. Shelley, John Keats og Lord Byron levde både kort og samtidig. Kva av desse er eit felles leveår?
1790
1820
1850
1880
19. Kva norsk selskap grunnlagt i 1993 har det fulle namnet (…) Air Shuttle ASA?
Flyr
Norse Atlantic
Norwegian
Widerøe
20. Fullfør namnet på den første YouTube-videoen: «Me at the (…)».
«… computer»
«… museum»
«… school»
«… zoo»
21. Kva norsk legende avslutta nyss boksekarrieren med siger mot slovenske Ema Kozin?
Cecilia Brækhus
Katharina Thanderz
Sunniva Hofstad
Thea Næss
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 17. oktober 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q8NJ4FZZL","txt":"1. Kva heiter den nye storhertugen av Luxembourg? Faren Henri – tremenning av kronprins Haakon – abdiserte 3. oktober., 2. Kva «stillferdig» namn har eit stativ med knaggar til yttertøy?, 3. Kva praktisk objekt er det overraskande få av på offentlege stader i Japan, ikkje minst etter T-baneterroren i 1995?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker