Dag og Tid-quizen 28. juni 2024

1. Kva isme, som Oslo og Bergen hadde frå før, er no innført i Trondheim? Kommunen har dimed fått byråd som må ha fleirtal i bystyret.
Konservatisme
Konstitusjonalisme
Parlamentarisme
Pluralisme
2. Kva kroppsdel var stor hos Louis Armstrong, jamfør kallenamnet Satchmo?
Føtene
Hendene
Munnen
Nasen
3. Under kva for eit namn kjenner me spanske José Victoriano González-Pérez, ein sentral målar i kubismen? Han levde i åra 1887–1927.
Albert Gleizes
Georges Braque
Juan Gris
Pablo Picasso
4. Smeltar ein fondyost som regel i raudvin eller kvitvin?
Raudvin
Kvitvin
5. Sulitjelma Gruber i Nordland var i drift i over hundre år. Kva for eit metall vann dei ut forutan pyritt og sink?
Jern
Kopar
Mangan
Sølv
6. Dei fleste grizzlybjørnar lever i kva delstat i USA?
Alaska
California
Hawaii
Minnesota
7. Kva av desse er ikkje heilt ukontroversielt med i flagget til Mosambik?
Ein AK-47
Ein slave
Flagget til Portugal
Partinamnet Frelimo
8. Tidlegare norske bibelomsetjingar har gjeve oss uttrykket om å skilje denne planten frå kveite. Kva ugrasplante?
Burot
Klinte
Kveke
Ryllik
9. Her følgjer dei ti arrangørbyane for årets fotball-EM alfabetisk. Kva for ein manglar: Berlin, Dortmund, Düsseldorf, Frankfurt, (…), Hamburg, Köln, Leipzig, München, Stuttgart? Laget Schalke 04 kjem frå denne industribyen.
Garmisch-Partenkirchen
Gelsenkirchen
Halle
Heidelberg
10. Kva nobelprisvinnar i litteratur vart fødd i småbyen Kalundborg på Sjælland i 1882?
Halldór Laxness
Johannes V. Jensen
Knut Hamsun
Sigrid Undset
11. Me tenkjer oss ein vinkel i ein rettvinkla trekant. Kva trigonometrisk funksjon er då definert som den hosliggjande kateten dividert med hypotenusen?
Cosekans
Cosinus
Sinus
Tangens
12. E39 kryssar Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. Er det bru, ferje eller tunnel?
Bru
Ferje
Tunnel
13. Kva vilter teikneseriegut skapt av Hank Ketcham i 1951 har etternamnet Mitchell og tilnamnet the Menace, «trusselen»? Mange kjenner han òg frå TV og film.
Dennis
Henry
Robin
Tommy
14. Kva tyder lóng nián, som den kinesiske kalenderen gjekk inn i 10. februar 2024? Det første ordet viser til eit av dei mest kjende symbola på kinesisk kultur.
Drakens år
Drakens tid
Tigerens år
Tigerens tid
15. Under dei første Holmenkollrenna i 1892 konkurrerte ein i berre éin ting, og Svein Sollid frå Morgedal vann. Var det 50 kilometer, kombinert eller skihopping?
50 kilometer
Kombinert
Skihopping
16. Kven drog på seg ei politimelding for utukt etter eit reportasjestunt i 1998, då Thorbjørn Jagland måtte ta ho på brysta?
Anne-Kat. Hærland
Anne Lindmo
Synnøve Skarbø
Synnøve Svabø
17. Italienske Bartolomeo Cristofori skal ha funne opp pianoet ein gong omkring kva rundt år?
1100
1300
1500
1700
18. Kva kommisjon, leidd av Kamilla Silseth, har nok ein gong avvist kravet til Per og Veronica Orderud?
Gjenopptakingskommisjonen
Sannings- og forsoningskommisjonen
Statens havarikommisjon
Verdikommisjonen
19. Kva for eit land opplevde 1. februar 1908 at kong Karl 1. og kronprins Ludvig Filip vart skotne og drepne på open gate? Den yngre sonen Manuel vart ny konge.
Bulgaria
Hellas
Portugal
Spania
20. Kva heiter den berbare musikkspelaren frå Sony som kom i 1979 og vart allemannseige?
Discman
Gettoblaster
MPMan
Walkman
21. Kven av desse har mest bruk for ein tommeskrue: ein lækjar, ein røyrleggjar eller ein torturist?
Ein lækjar
Ein røyrleggjar
Ein torturist
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 28. juni 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q950GF974","txt":"1. Kva isme, som Oslo og Bergen hadde frå før, er no innført i Trondheim? Kommunen har dimed fått byråd som må ha fleirtal i bystyret., 2. Kva kroppsdel var stor hos Louis Armstrong, jamfør kallenamnet Satchmo?, 3. Under kva for eit namn kjenner me spanske José Victoriano González-Pérez, ein sentral målar i kubismen? Han levde i åra 1887–1927.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker