Dag og Tid-quizen 4. oktober 2024

1. Quizmeisteren tok nyleg Østfoldbanen frå Oslo til Fredrikstad for å delta på NM i quiz. Om lag kor lang er togturen?
Ein time
To timar
Tre timar
Fire timar
2. På gåtur i Fredrikstad sentrum oppdagar ein fort organet som mellom anna gjev pressestøtte. Kva heiter dette, der Mari Velsand er direktør?
Mediebedriftenes Landsforening
Medietilsynet
Norsk Redaktørforening
Pressens Faglige Utvalg
3. I Gamlebyen er det statue av han som grunnla «Plankebyen» i 1567, den første kongen med ein norsk by oppkalla etter seg. Kven er det?
Fredrik 1.
Fredrik 2.
Fredrik 3.
Fredrik 4.
4. Kva Lillebjørn Nilsen-song handlar om ei Oslo-kvinne som «bor i ei gate i Gamleby’n»?
«Tanta til Agathe»
«Tanta til Beate»
«Tanta til Kathe»
«Tanta til Renate»
5. Du ser på Karlsvogna. Handtaket stikk ut mot venstre. Kvar må du sjå for å finne Den vesle bjørnen: opp, ned, høgre eller venstre?
Opp
Ned
Høgre
Venstre
6. På latin heiter Den vesle bjørnen Ursa Minor. Urša Bogataj frå Slovenia er òg stadig høgt oppe. I kva sport vann ho to OL-gull i 2022?
Aking
Alpint
Kombinert
Skihopping
7. Kva kjend kvitevareprodusent, stifta i 1950, er slovensk?
Asko
Electrolux
Gorenje
Smeg
8. Kva kvitevare kan du nytte på låg varme dersom vaskelappsymbolet er eit kvadrat med ein sirkel inni og ein prikk i midten? Fleire prikkar tyder høgare varme.
Strykejern
Tørketrommel
Tøydampar
Vaskemaskin
9. Kva faktor kan du multiplisere med diameter for å få omkrinsen til ein sirkel?
2
3
Pi
Radius
10. Faktor kan vere ein eldre yrkestittel for teknisk sjef på kva slags arbeidsplass? Det første norske dømet på fasitsvaret vart opna i Kristiania i 1643 av Tyge Nielssøn.
Apotek
Bakeri
Bryggjeri
Trykkjeri
11. I kva for to tiår leia Simón Bolívar mykje av Sør-Amerika til sjølvstende frå Spania?
1790-åra og 1800-åra
1810-åra og 1820-åra
1830-åra og 1840-åra
1850-åra og 1860-åra
12. Kva nederlendar fekk Nobelprisen i fysikk i 1913 for arbeid med materiale som har særs låg temperatur? Eit kjent døme er oppdaginga av superleiarar, stoff som leiar straum utan at det er elektrisk motstand.
Heike Kamerlingh Onnes
Hendrik Antoon Lorentz
Johannes Diderik van der Waals
Pieter Zeeman
13. Kva er frå 28. september særeige for Willie Nelson blant dei fire medlemmane i supergruppa The Highwaymen?
Han er død
Han er gift
Han har barn
Han lever
14. Kva italiensk ord for motorveg vert nytta i Italia og fleire andre land?
Autobahn
Autopista
Autoroute
Autostrada
15. Me skal fram til ein liten by i regionen Umbria midt i Italia. Dei to helgenane som grunnla fransiskanarordenen og klarissane, var båe herifrå.
Assisi
Lucca
Perugia
Siena
16. Umbria er ein av fem italienske regionar utan kyst. Kva er dei fire andre?
Liguria, Aostadalen, Piemonte og Lombardia
Aostadalen, Piemonte, Lombardia og Trentino-Alto Adige
Piemonte, Lombardia, Trentino-Alto Adige og Veneto
Lombardia, Trentino-Alto Adige, Veneto og Friuli-Venezia Giulia
17. Israel er igjen i konflikt med Hizbollah. Islamistrørsla held til i kva for eit land med kyst mot Middelhavet?
Egypt
Libanon
Libya
Syria
18. Romarane kalla Middelhavet Mare Nostrum. Kva tyder det?
Det store havet
Havet i midten
Havet til keisaren
Havet vårt
19. Kva for eit H.C. Andersen-eventyr startar slik: «Langt ude i Havet er Vandet saa blaat»?
«Den lille havfrue»
«Den stygge andungen»
«Prinsessen på erten»
«Snedronningen»
20. Kallenamnet «havets kardinal» speler på raudfargen hummaren får når han … 
Skiftar skal
Vert kjønnsmoden
Vert kokt
Vert truga
21. Kven er kunstnaren bak «Teléfono Langosta»? Surrealistverket frå 1930-åra er ein telefon med ein hummar liggjande oppå røyret.
Frida Kahlo
Pablo Picasso
René Magritte
Salvador Dalí
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 4. oktober 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q9XG31JF3","txt":"1. Quizmeisteren tok nyleg Østfoldbanen frå Oslo til Fredrikstad for å delta på NM i quiz. Om lag kor lang er togturen?, 2. På gåtur i Fredrikstad sentrum oppdagar ein fort organet som mellom anna gjev pressestøtte. Kva heiter dette, der Mari Velsand er direktør?, 3. I Gamlebyen er det statue av han som grunnla «Plankebyen» i 1567, den første kongen med ein norsk by oppkalla etter seg. Kven er det?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker