Dag og Tid-quizen 12. april 2024

1. Jan Greves bilete av kongen på trikken i 1973 gjekk verda rundt. Kvar var Olav passasjer?
Bergensbanen
Briskebytrikken
Holmenkollbanen
Lambertseterbanen
2. Kva er presens partisipp av verbet smile?
Hadde smilt
Har smilt
Smilande
Smiling
3. Abortlova er til debatt. I dag bestemmer kvinna fram til utgangen av kva veke?
Veke 8
Veke 12
Veke 18
Veke 22
4. Tre filmar frå 1935, 1962 og 1984 har same tittel. Opprørsleiaren vart spelt av høvesvis Clark Gable, Marlon Brando og Mel Gibson. Kva felles tittel?
«Braveheart»
«Danton»
«Lawrence of Arabia»
«Mytteriet på Bounty»
5. Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen kjem frå kva kommune, som har ei himmelretning i namnet?
Nordkapp
Nordreisa
Sørreisa
Sør-Varanger
6. Kva namn på sju bokstavar har det normative miljøfilosofiske systemet til Arne Næss?
Økogoni
Økologi
Økosofi
Økotikk
7. Kva framstormande amerikanar (fødd i 2004) er verdas beste sprintskøyteløpar, men vraka årets sprint-VM? Det var for å delta i allround-VM, som han vann.
Davide Ghiotto
Jordan Stolz
Patrick Roest
Shani Davis
8. Kva for noko av butterdeig har eit namn som tyder «veksande (måne)»?
Bagel
Croissant
Éclair
Strudel
9. Kven er gul og må passe seg for dei fire spøkelsa Blinky, Pinky, Inky og Clyde?
Pac-Man
Pikachu
Pip
SvampeBob Firkant
10. Forsvaret skal verte større. Kva slags hæravdeling er det Noreg har éi av, men skal få tre av? Den noverande har nemninga Nord.
Bataljon
Brigade
Kompani
Regiment
11. Kven fullførte tonediktet Tapiola i 1926, men komponerte ingen store verk dei neste drygt 30 åra, før han døydde i 1957?
Fartein Valen
Hugo Alfvén
Jean Sibelius
Sergej Prokofjev
12. Kva klatreplante vert òg kalla bergflette?
Eføy
Kaprifol
Klematis
Villvin
13. Kva hushaldsartikkel kan du sjå som symbol merkt med éin, to eller tre prikkar, alt etter om makstemperaturen er 110, 150 eller 200 grader celsius? Eit fjerde alternativ er at symbolet er kryssa over.
Eldfast form
Krølltong
Luftfrityrkokar
Strykejern
14. Kva for eit naturfenomen fullfører tittelen på Monet-måleriet som gjev namn til impresjonismen: «Inntrykk av ein…»?
Fullmåne
Regnboge
Solnedgang
Soloppgang
15. Den 3. april fylte verdas leiande sjimpanseekspert 90 år. Kva brite er det? Ho har studert arten i lang tid, særleg i Tanzania.
Dian Fossey
Birutė Galdikas
Jane Goodall
Mary Leakey
16. Tikal er den mest kjende maya-ruinbyen i kva for eit land?
Belize
El Salvador
Guatemala
Honduras
17. Kva for eit instrument plar Odd Nordstoga spele når han framfører «Kveldssong for deg og meg»?
Gitar
Fiolin
Piano
Trekkspel
18. Kva er det lågaste fjellet som oppfyller båe desse kriteria: 1) Det ragar minst 8000 meter over havet. 2) Det er det høgaste fjellet i eitt eller fleire land.
Mount Everest
K2
Kanchenjunga
Khan Tengri
19. Johannes 19,20 fortel at innskrifta på krossen til Jesus stod på hebraisk, gresk og kva for eit tredje språk?
Arabisk
Arameisk
Latin
Tyrkisk
20. I kva for eit år gav Mary Shelley gav ut romanen Frankenstein?
1798
1818
1838
1858
21. Kva fransk by ligg nær Middelhavet og gjev namn til ein kjend tekstil?
Arles
Genova
Nîmes
Toulon
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 12. april 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/Q9YBFRYK7","txt":"1. Jan Greves bilete av kongen på trikken i 1973 gjekk verda rundt. Kvar var Olav passasjer?, 2. Kva er presens partisipp av verbet smile?, 3. Abortlova er til debatt. I dag bestemmer kvinna fram til utgangen av kva veke?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker