Dag og Tid-quizen 29. november 2024

1. Han kom til Oslo som tenåring og opna butikken Volvat Pels i 1941. Kva nyleg avdød åling er det?
Fred. Olsen
Johan Kaggestad
Olav Thon
Thomas Hylland Eriksen
2. Kva for to av nabokommunane til Ål har nesten identiske namn?
Hol og Gol
Hol og Hole
Lærdal og Lårdal
Sigdal og Sirdal
3. Kva er det særs mykje av i Dødehavet, som gjer at ein flyt lett?
Korallar
Luft
Salt
Sand
4. I kva liga har Dave Williams og Dave Schultz rekordane for høvesvis flest straffeminutt og flest straffeminutt på éin sesong? Den første er på rundt 4000 minutt.
NBA
NFL
NHL
MLB
5. Kva for eit adjektiv på m tyder utmatta og står til eit fransk ord for «skurk, slyngel»? Opphavet er sjuke eller såra soldatar som plyndra under trettiårskrigen.
Makaber
Malisiøs
Maroder
Mødd
6. I kva TV 2-program er dei fleste lojale, det motsette av tittelrolla?
«Forræder»
«Muldvarpen»
«Overløperen»
«Tyster»
7. Kva volum har 1 kilogram is: 0,9 liter, 1,0 liter eller 1,1 liter?
0,9 liter
1,0 liter
1,1 liter
8. Somme følgjer enno den tyske lova Reinheitsgebot frå 1516 når dei produserer kva?
Akevitt
Brød
Pølser
Øl
9. I kva for eit land var Siad Barre diktator frå 1969 til han vart avsett i 1991? Maktkampen etterpå førte til borgarkrig.
Jemen
Liberia
Sierra Leone
Somalia
10. På kva kyst ligg Marbella, Fuengirola og Málaga?
Costa Blanca
Costa Brava
Costa de la Luz
Costa del Sol
11. Kva heiter den viktigaste rørsla i afrikansk-amerikansk litteraturhistorie? Dette var i mellomkrigstida i eit bestemt område i New York. To sentrale figurar var Langston Hughes og Zora Neale Hurston.
Chelsea-renessansen
Harlem-renessansen
SoHo-renessansen
Tribeca-renessansen
12. Kva svensk selskap er verdas mest nytta musikkstrøymeteneste?
Napster
Spotify
Tidal
Wimp
13. Kva heiter høgkoret i Nidarosdomen, aust i kyrkjerommet, der Olavsskrinet stod fram til reformasjonen? Namnet handlar om fasong.
Pentagonen
Heksagonen
Oktogonen
Dekagonen
14. Kristin Lavransdatter døyr i kva historisk hending?
Hannibalfeiden
Slaget på Stiklestad
Storofsen
Svartedauden
15. I Nøtteknekkeren drøymer me oss av garde saman med dottera i familien. Kva er fornamnet hennar?
Anna
Clara
Greta
Maria
16. Asterismar er ikkje offisielle stjernebilete. Kva kjend asterisme med sju stjerner er del av Den store bjørnen?
Den vesle bjørnen
Karlsvogna
Orions belte
Pegasusfirkanten
17. Gladiator vann Oscar for beste film, og Gladiator II er kinoaktuell. Kva brite har regissert båe?
James Cameron
Mike Leigh
Ridley Scott
Tony Scott
18. Keisarane i Gladiator II er brørne Caracalla og Geta. I kva periode var minst éin av dei anten medkeisar eller keisar?
98–117
198–217
298–317
398–417
19. I dødsriket Hel herskar guddommen med same namn. Er Hel mannleg eller kvinneleg?
Mannleg
Kvinneleg
20. Kva er heimbyen til Ole Gunnar Solskjær, der han starta karrieren på laget Clausenengen?
Fosnavåg
Molde
Kristiansund
Åndalsnes
21. Kva er det mest talrike treslaget i Noreg? Det utgjer saman med gran og furu over 90 prosent av det ståande skogvolumet, ifølgje Nibio.
Barlind
Bjørk
Eik
Einer
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 29. november 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QALR0UI5F","txt":"1. Han kom til Oslo som tenåring og opna butikken Volvat Pels i 1941. Kva nyleg avdød åling er det?, 2. Kva for to av nabokommunane til Ål har nesten identiske namn?, 3. Kva er det særs mykje av i Dødehavet, som gjer at ein flyt lett?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker