Dag og Tid-quizen 13. desember 2024

1. Dei tre siste måleria som har sett ny prisrekord i Noreg, er desse: «Guldhornet» i 2018, «Andersnatten» i 2020 og «Kvitebjørn kong Valemon» i 2024. Alle er måla av same kunstnar. Kven då?
Adolph Tidemand
Edvard Munch
Erik Werenskiold
Theodor Kittelsen
2. Det er stort spenn mellom prisrekordane. Sei ein pengesum i spennet (i norske kroner).
5 millionar
25 millionar
50 millionar
100 millionar
3. Kva er det prinsessa i eventyret drøymer om – og oppdagar at kvitebjørnen har? Det er difor ho slår seg i hop med han. Svaret er å sjå på måleriet.
Ein gullkrans
Ein gullkrone
Ein sølvkrans
Ein sølvkrone
4. Kven filmdebuterte som prinsessa i Kvitebjørn kong Valemon i 1991, året ho fylte 18?
Ellen Dorrit Petersen
Maria Bonnevie
Pia Tjelta
Sissel Kyrkjebø
5. Er ein isbjørn i hovudsak herbivor, karnivor eller omnivor?
Herbivor
Karnivor
Omnivor
6. Den første som skaut isbjørn på Svalbard, skal ha vore Willem Barents, han som oppdaga øygruppa. Dette var på slutten av kva hundreår?
1500-talet
1600-talet
1700-talet
1800-talet
7. Kva russisk øygruppe skil Barentshavet i vest frå Karahavet i aust? Namnet tyder «Nytt land».
Novaja Semlja
Novosibirsk
Sakhalin
Severnaja Semlja
8. Kva avis vart i høve Nobels fredspris i 2021 kalla «den mest uavhengige og prinsipielt maktkritiske avisa i dagens Russland»? Dei har sidan måtta flytte utanlands. Namnet tyder «Ny avis».
Novaja Gazeta
Novaja Polita
Novaja Pravda
Novaja Tyzjnja
9. Bertha von Suttner vart internasjonalt kjend med kva antikrigsroman frå 1889? Ho fekk seinare Nobels fredspris.
«Aldri mer våpen»
«Farvel til våpnene»
«Ned med våpnene»
«Våren uten våpen»
10. Kva føregangskvinne starta Berthas Bakerier i Søndre Land i 1956? Me godtek kallenamnet, som skal inn i biografitittelen: (…) – med kjevle som våpen.
Deig-Bertha
Lefse-Bertha
Sukker-Bertha
Terte-Bertha
11. Kva gjengangar i «dei sju slaga» har iaugefallande fasong fordi ein hjørnespiss er smetta inn i eit snitt i snippen?
Berlinerkrans
Fattigmann
Krumkake
Serinakake
12. Den fleire meter høge vassplanten Typha har kjevleliknande blomestand. Kva er det norske namnet, som inneheld «kjevle»?
Dunkjevle
Vasskjevle
Røyrkjevle
Starrkjevle
13. Mjøsa har over 50 kubikkilometer vatn. Kva annan norsk rekordhaldar har rundt 70, men ikkje i same aggregattilstand?
Glomma
Jostedalsbreen
Søndre Folgefonna
Vinnufossen
14. Genèvesjøen er vatnet i kva kjend rockesong frå 1970-åra?
«Down by the River»
«Ferry Cross the Mersey»
«Rivers of Babylon»
«Smoke on the Water»
15. Kva franskfødd teolog som verka i Genève, var den viktigaste reformatoren ved sida av Martin Luther?
Jean Calvin
Martin Bucer
Philipp Melanchthon
Ulrich Zwingli
16. Genève husar mange aktørar, til dømes Verdshandelsorganisasjonen. Korleis forkortar me namnet?
IHO
ITO
WHO
WTO
17. Korleis er BNP per innbyggjar på Mauritius når me ser Afrika under eitt: særs høg eller særs låg?
Særs høg
Særs låg
18. Kva profilert forskar (1962–2024) skreiv doktoravhandlinga med den lengre tittelen Ethnicity and Two Nationalisms: Social Classification and the Power of Ideology in Trinidad and Mauritius?
Thomas Hylland Eriksen
Tore Linné Eriksen
Trond Berg Eriksen
Trond Norén Isaksen
19. Trinidad og Tobagos første OL-gull kom i 1976 ved Hasely Crawford. Sølvet gjekk til jamaicanske Don Quarrie, bronsen til sovjetiske Valerij Borzov. Kva friidrettsøving var det?
100 meter
800 meter
Lengdehopp
Tresteg
20. Fullfør ordtaket: Tale er sølv, men …
... stillheit er bronse
... stillheit er gull
... tagnad er bronse
... tagnad er gull
21. Kva for to røyster syng sølvgutane som ikkje har gjennomgått stemmeskiftet?
Alt og tenor
Sopran og alt
Sopran og tenor
Tenor og baryton
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 13. desember 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QB3GI1B2A","txt":"1. Dei tre siste måleria som har sett ny prisrekord i Noreg, er desse: «Guldhornet» i 2018, «Andersnatten» i 2020 og «Kvitebjørn kong Valemon» i 2024. Alle er måla av same kunstnar. Kven då?, 2. Det er stort spenn mellom prisrekordane. Sei ein pengesum i spennet (i norske kroner)., 3. Kva er det prinsessa i eventyret drøymer om – og oppdagar at kvitebjørnen har? Det er difor ho slår seg i hop med han. Svaret er å sjå på måleriet.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker