Dag og Tid-quizen 21. november 2025

1. Kva for ord frå «Musevisa» er tittel på ein ny familiefilm, regissert av Henrik Martin Dahlsbakken?
«For dem som liker søtt»
«Heisann og hoppsann og fallerallera»
«Hvis ingen går i fella»
«Når nettene blir lange»
2. Kva gamalt namn på Oslofjorden inngår i namnet på to fylke ved han?
Rud
Fold
Hus
Mark
3. Kva heiter den relativt sett fredelege 200-årsperioden som tok til med keisar Augustus?
200-årsdagen
Pax Romana
Prinsipatet
Republikken
4. I kva orienteringssport har deltakarane kartstativ på brystet fordi hendene er naudsynte for framdrifta?
Klatreorientering
Padleorientering
Skiorientering
Symjeorientering
5. Maltet i øl er som oftast av kva kornsort?
Bygg
Kveite
Rug
Havre
6. Kva for eit fag vert britiske Harriet Martineau (1802–1876) kalla den første kvinnelege utøvaren av? Hint: Ho omsette Auguste Comte.
Psykologi
Sosialantropologi
Sosiologi
Statsvitskap
7. Bjørn Eidsvåg syng «Eg e bare ein mann/ som gjør …» kva då?
«… alt han kan»
«… ingenting han kan»
«… noko han kan»
«… så godt han kan»
8. Kva er (per 2023) den største plattforma der folk i hovudsak lagrar, deler og samarbeider om kjeldekode? Ho ligg i dag under Microsoft og har ein kattemaskot kalla Octocat.
Bitbucket
GitHub
GitLab
Mendix
9. Kva for ein Adam grunnla eit selskap i Hessen i 1862 som opphavleg produserte symaskinar?
Adam Audi
Adam Mercedez
Adam Opel
Adam Porsche
10. Kva særs dyr gjenstand kan vere til dømes 140 x 200 centimeter og ha fyll frå 60 reir på Vega i Nordland?
Andedunsdyne
Gåsedunsdyne
Lundedunsdyne
Ærdunsdyne
11. Når startar programmet Nitimen på kvardagar: kl. 09.00 eller 21.00?
Kl. 09.00
Kl. 21.00
12. Kven er det Jesus åtvarar mot i verset i Bergpreika som har gjeve oss uttrykket ulv i fåreklede?
Dei falske profetane
Dei skriftlærde
Farisearane
Saddukearane
13. Kva for to grunnstoff utgjer størstedelen av massen i eit vanleg papir?
Hydrogen og karbon
Nitrogen og karbon
Oksygen og karbon
Oksygen og nitrogen
14. Kva, som i dag er verdsdominerande, vart innført av ein pave i 1582 og kom til Danmark-Noreg i 1700?
Den gregorianske kalenderen
Den julianske kalenderen
Metersystemet
SI-systemet
15. Ei populær mellomalderforteljing handlar om Tristan og … kven?
Heloise
Isadora
Isolde
Brynhild
16. Sorter storbyane Fortaleza, Rio de Janeiro og Salvador frå nord til sør langs kysten av Brasil.
Fortaleza, Rio de Janeiro, Salvador
Fortaleza, Salvador, Rio de Janeiro
Salvador, Fortaleza, Rio de Janeiro
Salvador, Rio de Janeiro, Fortaleza
17. Kva slags klassikarar er sykkelløpa E3 Saxo Classic, Gent–Wevelgem, Flandern rundt og Paris–Roubaix? Omgrepet viser normalt til desse fire.
Brusteinsklassikarar
Eindagsklassikarar
Monument
Vårklassikarar
18. Kva for eit land kjem forfattaren Margaret Atwood (fødd 1939) frå?
Australia
Canada
Irland
Storbritannia
19. I kva år – som sluttar på 2 – kom euroen som fysisk betalingsmiddel?
1972
1982
1992
2002
20. Kva heiter ei stor og rund lysopning, ofte med glasmåleri, til dømes midt på Vestfronten til Nidarosdomen?
Gotisk vindauge
Mariavindauge
Rosevindauge
Vestvindauge
21. I kva stortingskomité fekk Ine Eriksen Søreide leiarvervet i 2009, 2021 og 2025?
Finanskomiteen
Justiskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Utanriks- og forsvarskomiteen
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 21. november 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QBHZGAJDD","txt":"1. Kva for ord frå «Musevisa» er tittel på ein ny familiefilm, regissert av Henrik Martin Dahlsbakken?, 2. Kva gamalt namn på Oslofjorden inngår i namnet på to fylke ved han?, 3. Kva heiter den relativt sett fredelege 200-årsperioden som tok til med keisar Augustus?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker