Dag og Tid-quizen 24. januar 2025

1. Noreg har fått sin første europameister i allround hurtigløp på skøyter sidan Johann Olav Koss. Kva heiter vinnaren? Attpåtil gjekk sølvet til Peder Kongshaug.
Allan Dahl Johansson
Kristian Ulekleiv
Sander Eitrem
Sindre Henriksen
2. Gullvinnaren kjem frå Skreia i kva kommune? Namnet er to ord, mellom anna eit distrikt, og er alfabetisk nummer 344 av 357.
Vestre Slidre
Vestre Toten
Øystre Slidre
Østre Toten
3. Koss vann EM det året Warszawapakta og Sovjetunionen vart oppløyste. Kva oddetalsår?
1987
1989
1991
1993
4. Kva heiter nivået mellom bispedøme og sokn i Den norske kyrkja?
Kyrkjelyd
Lagdøme
Prosti
Sakristi
5. Kvar i kroppen sit knoklane hammaren, ambolten og stigbøyelen? Me skal ha eit spesifikt svar på m.
Mellomfoten
Mellomhanda
Mellomøyret
Midthjernen
6. Kven fekk Nobels fredspris for «den ikkje-valdelege kampen sin for borgarrettar for den afroamerikanske befolkninga»?
Barack Obama
Emily Greene Balch
Malcolm X
Martin Luther King jr.
7. I kva mytologi møter me Shu og Tefnut? Dei to søskena er foreldre til jordguden Geb og himmelgudinna Nut.
Egyptisk mytologi
Gresk mytologi
Inkaenes mytologi
Kinesisk mytologi
8. Her er ein vanleg dekkdimensjon på personbilar: 205/55 R16. Kor stor er hjuldiameteren her, altså diameteren til felgen? Svar med tal og måleining.
16 centimeter
16 tommar
55 centimeter
205 millimeter
9. Kva er den norske versjonen av voggevisa «Twinkle, Twinkle, Little Star»?
«Blinke, blinke, Stjernehild»
«Blinke, blinke, Stjernelill»
«Glimte, glimte, Stjernehild»
«Glimte, glimte, Stjernelill»
10. Kva isme har namn etter ein fransk soldat – truleg fiktiv – på Napoleons tid? Denne ismen handlar om å ha for høge tankar om ei gruppe ein sjølv høyrer til.
Egosentrisme
Sjåvinisme
Patriotisme
Rasisme
11. Kva tittel har personen som er statsoverhovud på New Zealand?
Generalguvernør
Konge
President
Statsminister
12. Kva er det mest oppsiktsvekkjande med kvinna på måleriet «Skumring» (1981) av Odd Nerdrum? Biletet vart refusert av Haustutstillinga.
Ho er spedalsk
Ho manglar armar
Ho skit
Ho sprutar brystmjølk
13. Kva har lengst nåler av furu og gran?
Furu
Gran
14. Kva kjend norsk forfattar skal me fram til her? Fødd i Kristiania i 1880. Voks opp der og i Tromsø. Gifta seg i Paris med skulptøren Anders Jönsson. Budde lenge i Stockholm og Uppsala, der ho døydde i 1974.
Amalie Skram
Cora Sandel
Nini Roll Anker
Sigrid Undset
15. Eggjasteinen, Einangsteinen, Kannesteinen, Kulisteinen, Tunesteinen. Kva for ein av desse er ikkje ein runestein?
Eggjasteinen
Einangsteinen
Kannesteinen
Kulisteinen
Tunesteinen
16. Kva heiter hovudstaden i India?
Chennai
Kolkata
Mumbai
New Delhi
17. Han har vore ein leiande karakterskodespelar i amerikansk film sidan 1980-åra. Seks døme på roller er Vietnamkrig-soldat, vampyr, Spiderman-skurk, Jesus, Vincent van Gogh og Pier Paolo Pasolini. Kven (fødd i 1955) er det?
Christopher Walken
Laurence Fishburne
Martin Sheen
Willem Dafoe
18. Gari, som er vanleg å servere til sushi, er tynne skiver med sylta … kva?
Hovudkål
Ingefær
Peparrot
Raudalgar
19. Kva for eit land vart til som stat på 1200-talet under Mindaugas, den første og einaste kongen? Alt på 1300-talet vart landet ei stormakt under storhertug Gediminas.
Bulgaria
Litauen
Polen
Romania
20. Kva for eit rockeband frå Birmingham, kjend for fleire atypiske instrument, vert ofte forkorta til ELO?
Eccentric Life Orchestra
Eccentric Light Orchestra
Electric Life Orchestra
Electric Light Orchestra
21. Karen Kyllesø frå Hjelmeland vart nyss den yngste nokosinne til å gjere kva bragd åleine? 21-åringen brukte snautt to månader.
Gå til Nordpolen
Gå til Sydpolen
Klatre opp alle fjella over 8000 moh.
Klatre opp Mount Everest
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 24. januar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QBISZ172A","txt":"1. Noreg har fått sin første europameister i allround hurtigløp på skøyter sidan Johann Olav Koss. Kva heiter vinnaren? Attpåtil gjekk sølvet til Peder Kongshaug., 2. Gullvinnaren kjem frå Skreia i kva kommune? Namnet er to ord, mellom anna eit distrikt, og er alfabetisk nummer 344 av 357., 3. Koss vann EM det året Warszawapakta og Sovjetunionen vart oppløyste. Kva oddetalsår?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker