Dag og Tid-quizen 1. desember 2023

1. Kor mange FN-land er det i skrivande stund som anerkjenner Palestina som stat?
8
38
78
138
2. Kva song, tonesett i 1960-åra, handlar om DS «Oster», som låg «ved bryggja i Bergen»?
«Dar kjem dampen»
«Min båt er så liten»
«Skomværsvalsen»
«Så lenge skuta kan gå»
3. Kva er det engelske ordet for rundkøyring?
Merry-go-round
Roundabout
Round-robin
Round-the-clock
4. Thea Næss er ein av fleire norske verdsmeistrar i denne sporten, der namnet indikerer at både spark og slag er lov. Kva sport?
Karate
Kickboksing
MMA
Taekwondo
5. Kva er ein mokkert?
Ei dobbeltknappa jakke
Ein kverulant
Eit skip
Eit slagverktøy
6. Kvar i Finland ligg Helsinki?
Aust
Nord
Vest
Sør
7. Kva heiter Louisa May Alcotts romanklassikar frå 1868, om systrene Meg, Jo, Beth og Amy?
«Little Women»
«Middlemarch»
«The Scarlet Letter»
«Wuthering Heights»
8. Kva heiter sjukeleg trong til eldpåsetjing?
Dromomani
Kleptomani
Ludomani
Pyromani
9. I kva stort selskap har Helena Helmersson arbeidd som mellom anna HR-manager i Bangladesh og berekraftssjef, før ho vart administrerande direktør i 2020?
Electrolux
Hennes & Mauritz
Ikea
Volvo
10. Er hendene til «Mona Lisa» med på portrettet?
Ja
Nei
11. Kva heiter tradisjonsretten frå Hardanger med lammekjøt, kalvekjøt, flesk og byggryn, vanleg i bryllaup, servert med til dømes poteter og kålrotstappe? Kjøtet kan variere noko frå oppskrift til oppskrift.
Fleskasos
Hakkasteik
Krotakaker
Sluskasteik
12. Kva for eit årstal er Carsten Anker særleg knytt til, ikkje minst som (fysisk fråverande) forsamlingsvert?
1536
1814
1905
1940
13. Kva sosiolog, SV-politikar og embetskvinne frå Skien har hatt éin fast ministerpost: statsråd for forsking og høgare utdanning i Stoltenberg II? Ho har forska mykje både før og etter det.
Helen Bjørnøy
Inga Marte Thorkildsen
Kristin Halvorsen
Tora Aasland
14. Kva for ein av dei sju verdsdelane kjem lauvtreet teak frå?
Afrika
Asia
Nord-Amerika
Sør-Amerika
15. Ein kan dele teologi i fire hovuddisiplinar. Kva manglar dersom me nemner bibelfag, systematisk teologi og praktisk teologi?
Kyrkjehistorie
Transsubstansiasjonslære
Salmelære
Økumenikk
16. Kor mykje blått er det i det norske flagget i forhold til kvitt?
Mykje mindre
Litt mindre
Like mykje
Litt meir
17. Kva for ein Pablo (1844–1908) var ein spansk fiolinvirtuos som òg komponerte for instrumentet sitt? Det best kjende verket er Zigeunerweisen (Sigøynerviser) for fiolin og orkester.
Pablo Casals
Pablo Luna
Pablo Neruda
Pablo de Sarasate
18. Kva er namnet på både ei matbutikkjede, eit tyggegummimerke og eit spel frå Norsk Tipping? Det er òg ein sentral del av namnet på ei leikebutikkjede.
Extra
Flax
Joker
Keno
19. Kva for noko på v heiter hodos på gresk, som har gjeve ordet odometer?
Vatn
Veg
Vekt
Vind
20. Kva canadisk skodespelar (f. 1935) er far til fleire eple som ikkje fall langt frå stammen, både Kiefer, Rossif og Angus?
Christopher Plummer
Clint Eastwood
Donald Sutherland
William Shatner
21. Quizmeisteren hyggjer seg med ei ny bok av Erik Fosnes Hansen. Kva for eit land er det han skriv om i bokserien «På 200 sider»? Eit tekstdøme er at landet «hadde karet til seg Tanzania og Namibia samt noen øyer hist og her».
Frankrike
Nederland
Portugal
Tyskland
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 1. desember 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QBNFZFC7L","txt":"1. Kor mange FN-land er det i skrivande stund som anerkjenner Palestina som stat?, 2. Kva song, tonesett i 1960-åra, handlar om DS «Oster», som låg «ved bryggja i Bergen»?, 3. Kva er det engelske ordet for rundkøyring?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker