Dag og Tid-quizen 15. desember 2023

1. Kva finst det 48 av i Noreg etter at Østmarka i Oslo fekk slik status i 2023?
Biotopvernområde
Landskapsvernområde
Nasjonalparkar
Naturreservat
2. Kva for ein setter har ofte kvit pels med svarte flekker?
Engelsk setter
Gordonsetter
Irsk setter
Jetsetter
3. Kva for eit av dei fire evangelia i Bibelen nemner vismennene Kaspar, Melkior og Baltasar med namn?
Johannesevangeliet
Lukasevangeliet
Matteusevangeliet
Ingen
4. SUS står for Samveldet av uavhengige statar. Desse statane var tidlegare ein del av kva for eit land?
Jugoslavia
Det osmanske riket
Sovjetunionen
Transkaukasia
5. I 1966 fekk Ingmar Bergman ei dotter som skulle verte ein kjend forfattar. Kven er mor hennar?
Bibi Andersson
Harriet Andersson
Ingrid Bergman
Liv Ullmann
6. Kva handlar tenester som Expedia og Momondo om?
Dating
Reise
Sparing
Trening
7. I 1885 måla Amaldus Nielsen biletet «Morgen ved Ny-Hellesund». Kvar ligg Ny-Hellesund?
På Bømlo
Utanfor Egersund
På Frei i Kristiansund
Ved Søgne
8. Handlinga i Shakespeare-komedien Much Ado About Nothing er lagd til Messina på Sicilia. Kva er den norske tittelen?
«Mye skrik og lite ull»
«Mye vil ha mer»
«Stor ståhei for ingenting»
«Troll kan temmes»
9. Set bjørk, gråor og kristtorn i rekkjefølgje frå størst til minst brennverdi. To av dei ligg i kvar sin ende av skalaen, den siste er midt på treet.
Bjørk, kristtorn, gråor
Gråor, bjørk, kristtorn
Kristtorn, bjørk, gråor
Kristtorn, gråor, bjørk
10. Kva slags sesongbasert trykksak har teikneserien Vangsgutane kome ut som sidan 1941?
Sommarlektyre
Julehefte
Julekort
Påskekrim
11. Ein gong quizmeisteren hadde fasitsvaret «Vangsgutane», vart det dessverre ikkje poeng til han som svarte Vassendgutane. Kva kommune kjem countrybandet frå, den same som Ivar Aasen og Anders Hovden?
Sykkylven kommune
Stranda kommune
Volda kommune
Ørsta kommune
12. Kva for eit land har vunne 12 av dei 13 siste afrikameisterskapa i kvinnehandball? Dei var å sjå i årets handball-VM.
Angola
Etiopia
Kamerun
Marokko
13. Kva valør har den amerikanske dollarsetelen der me ser Ulysses S. Grant på framsida og Capitol på baksida?
5 dollar
10 dollar
20 dollar
50 dollar
14. Kva for to grunnstoff, båe kjende frå glødetrådar, gjev namn til lyspæreprodusenten Osram?
Oksygen og aspartam
Ozon og wolfram
Osmium og wolfram
Ostium og amalgam
15. Kva for eit randhav i Antarktis, på den sida som vender ut mot Stillehavet, har namn etter ein nordmann?
Amundsenhavet
Borchgrevinksjøen
Dronning Maud Bukt
Nansengolfen
16. Kva mykje sett julekalender på NRK er tilbake i år med sesong 2? Me møter Selma, Julius og dei andre, men òg den nye hovudpersonen Noah.
«Jul i Blåfjell»
«Julekongen»
«Snøfall»
«Stjernestøv»
17. Kva heiter den 5000 år gamle ruinbyen i Peru som gjev namn til det me reknar som Amerikas eldste sivilisasjon? Han ligg ved kysten nord for Lima og står på Unescos verdsarvliste.
Caral-Supe
Chavín de Huántar
Chan Chan
Cuzco
18. Kva fransk vindistrikt kan stå framfor ordet Nouveau i namnet på ein vin som vert lansert kvar november med brask og bram?
Alsace
Beaujolais
Bordeaux
Bourgogne
19. Vinterkrigen tok til då Sovjetunionen angreip Finland den 30. november i kva år?
1939
1940
1941
1942
20. Armbrøsten på våpenskjoldet på biletet er på venstre halvdel. Er det heraldisk høgre eller heraldisk venstre?
Heraldisk høgre
Heraldisk venstre
21. Kva amerikanar, fødd i 1989 og kalla eit låtskrivargeni, er nyleg kåra til Person of the Year av Time?
Kanye West
Lady Gaga
Taylor Swift
Travis Scott
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 15. desember 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QBVPKF5XY","txt":"1. Kva finst det 48 av i Noreg etter at Østmarka i Oslo fekk slik status i 2023?, 2. Kva for ein setter har ofte kvit pels med svarte flekker?, 3. Kva for eit av dei fire evangelia i Bibelen nemner vismennene Kaspar, Melkior og Baltasar med namn?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/CDN/96-4726299/morgen-ved-ny-hellesund.jpg?sz=1200-00500001970896905300"}
Powered by: Quiz Maker