Dag og Tid-quizen 6. oktober 2023

1. Kven stod brud 29. februar 1996 på den norske ambassaden i Paris saman med Sindre Finnes?
Anniken Huitfeldt
Erna Solberg
Olaug Bollestad
Sylvi Listhaug
2. Ein film frå 2006 er sett saman av mange kortfilmar og har eit fransk namn som tyder «Paris, eg elskar deg». Kva er tittelen?
«Paris, bonne nuit»
«Paris, je m'appelle»
«Paris, je t'aime»
«Paris, voulez-vous»
3. Kva krig i gresk mytologi tok til mykje på grunn av kongssonen Paris?
Amasonerkrigen
Olympiarkrigen
Titanarkrigen
Trojanarkrigen
4. Kva er det som er tillate i krig og kjærleik, ifylgje uttrykket?
Alt
Brød og sirkus
Eiter og galle
Ingenting
5. Kva for eit verb tyder «gjere straffri», til forskjell frå legalisere, som tyder «gjere lovleg»?
Antikriminalisere
Avkriminalisere
Dekriminalisere
Nedkriminalisere
6. Kva, som Miljøpartiet Dei Grøne vil legalisere, har THC og CBD som dei viktigaste verkestoffa?
Cannabis
Fleinsopp
Kokain
LSD
7. Sjølvbiografien En kamp til handlar om ein nordmann som fekk fleire hundre fotballkampar for Southampton og sidan kjempa ein hard kamp mot rusmisbruk. Kven er det?
Claus Lundekvam
Egil Østenstad
Erik Mykland
Jo Tessem
8. Set byane Brighton, Southampton og Plymouth i rekkjefylgje frå vest til aust på sørkysten av England.
Brighton, Plymouth, Southampton
Brighton, Southampton, Plymouth
Plymouth, Southampton, Brighton
Southampton, Plymouth, Brighton
9. «Mayflower» og pilegrimsfedrane segla frå Southampton i England til byen Plymouth i det som no er Massachusetts. Kva rundt år var det?
1520
1570
1620
1670
10. Kva er eit anna namn på maiblom, ein plante som passeleg nok minner om liljekonvall?
Bittekonvall
Kranskonvall
Snerpekonvall
Stjernekonvall
11. Kven komponerte melodien til songen «Kom, mai, du skjønne, milde»?
Alf Prøysen
Edvard Grieg
Johannes Brahms
Wolfgang Amadeus Mozart
12. Kva offisiell flaggdag fall på 28. mai i 2023?
17. mai
Første pinsedag
Første påskedag
Kristi himmelfartsdag
13. I flaggloven møter me ordlyden «16 til 22». Forklar kva det tyder.
Forholdet mellom breidde og lengde i det norske flagget
Høgda på offentlege flaggstenger i Noreg
Tidsrommet for offentleg flagging i Noreg
Trådtettleiken i det norske flagget
14. Kva svarar brøken 16/22 til?
Under 70 prosent
Over 70 prosent
15. Kva britisk hardrockband gav i 1970 ut det fjerde studioalbumet sitt, der me ser Mount Rushmore? Dei fire presidentane er her bytte ut med andleta til fem langhåra medlemmer.
Deep Purple
Def Leppard
Led Zeppelin
The Who
16. Kva amerikansk skulptør er best kjend for presidentandleta i Mount Rushmore?
David Smith
Donald Judd
Gutzon Borglum
Paul McCarthy
17. Kva kallar me ein stor og vakker første bokstav i eit bokkapittel eller liknande?
Initial
Integral
Intensjonal
Intestinal
18. Kva er bel paese innanfor italiensk mat og drikke?
Eit brød
Ein ost
Ein pastatype
Ei vindrue
19. Kva kallar me marsjen i 1922 då Benito Mussolini kom til makta i Italia?
Fascistmarsjen
Firedagarsmarsjen
Marsjen mot Roma
Oktobermarsjen
20. Eit av produkta til merket Compeed er plaster til å ha på hælen ved til dømes marsjering. Kva slags plaster er det?
Gnagsårplaster
Liktornplaster
Nikotinplaster
Trekkplaster
21. Noreg på langs er om lag 1700 kilometer i luftline. Kva for eit land er over 4000 kilometer langt, men har berre ei gjennomsnittleg breidde på rundt 200 kilometer?
Argentina
Chile
Malaysia
Thailand
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 6. oktober 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QBXROG2TO","txt":"1. Kven stod brud 29. februar 1996 på den norske ambassaden i Paris saman med Sindre Finnes?, 2. Ein film frå 2006 er sett saman av mange kortfilmar og har eit fransk namn som tyder «Paris, eg elskar deg». Kva er tittelen?, 3. Kva krig i gresk mytologi tok til mykje på grunn av kongssonen Paris?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker