Dag og Tid-quizen 16. mai 2025
1. Den 8. mai vart Robert Francis Prevost den første paven frå Nord-Amerika. Kva namn og nummer har han teke?
Gregor 16.
Gregor 17.
Leo 13.
Leo 14.
2. Den nye paven er den første frå kva katolsk orden? Han var generalprior (øvste leiar) frå 2001 til 2013.
Augustinarordenen
Benediktinarordenen
Fransiskanarordenen
Kapusinarordenen
3. Kva for eit hav ligg Cape Town ved?
Atlanterhavet
Indiahavet
Raudehavet
Sørishavet
4. Kva for eit kattedyr utanom tiger, løve og leopard kan brøle?
Gepard
Jaguar
Puma
Snøleopard
5. Den første reisa i Gullivers reiser går til Lilliput. Kva er spesielt med menneska der? På den andre reisa, til Brobdingnag, er det motsett.
Dei er gamle
Dei er små
Dei er store
Dei er unge
6. Scrub Daddy ser ut som eit gult smilefjes, Scrub Mommy som eit rosa. Kva slags gjenstand er dei? Clas Ohlson kallar båe effektive og sel dei til 39,90.
Oppvaskbørste
Svamp
Tannbørste
Toalettbørste
7. Kva for to land er dei viktigaste partane i Kashmir-konflikten, som igjen har eskalert?
India og Kina
India og Pakistan
Kina og Pakistan
Pakistan og Afghanistan
8. Kva Flåklypa-figur har eit etternamn som kan tyde «skinnlappen under snøringa på skotøy»?
Frimand Pløsen
Jostein Kroksleiven
Melvind Snerken
Olram Slåpen
9. Den første OL-medaljen til det norske kvinnelandslaget i handball var eit sølv i kva år? Arrangørlandet vann.
1988
1992
1996
2000
10. På kva øy ligg teaterdistriktet Broadway?
Manhattan
Liberty Island
Long Island
Staten Island
11. Den nest siste var gul. Den siste var derimot blå, vart trykt i nesten 750 millionar eksemplar, kom i 1972 og vart ugyldig i 1999. Kva er det tale om?
1-kronesetelen
2-kronesetelen
5-kronesetelen
10-kronesetelen
12. Sanitetskvinnene reknar ein stor kvinnesaksforkjempar som grunnleggjaren sin. Både heidersprisen og medlemsbladet deira er oppkalla etter ho. Kven då?
Cecilie Thoresen
Fredrikke Marie Qvam
Gina Krog
Randi Blehr
13. Ordet saueauge har to tvilydar. Kva er eit synonym for tvilyd?
Diftong
Konsonant
Monoftong
Vokal
14. Eit av dei mest kjende verka til arkitekten Frank Gehry er i Spania og opna i 1997. Kva iaugefallande bygning er det?
Casa Milà
Sagrada Família
Guggenheimmuseet i Bilbao
Museo Reina Sofía
15. Stipla kantlinje tyder at vegbreidda er mindre enn kva heilt tal meter?
4 meter
5 meter
6 meter
7 meter
16. Kven vann nyss årets herresingle i Madrid Open? Dette er den største tittelen hans så langt, den første på nivået ATP 1000.
Casper Ruud
Kristoffer Ventura
Nicolai Budkov Kjær
Viktor Hovland
17. Kva «lov» frå 1911 seier at parti og andre organisasjonar endar i fåmannsvelde? Lova vart laga av Robert Michels, ein tysk-italiensk sosiolog.
Hakkelova
Oligarkiets jernlov
Vondskapens banalitet
Ålmentas tragedie
18. Kva italiensk likør, oppfunnen i 1860, fekk lenge raudfargen sin frå karmin frå skarlakslus?
Amaretto
Aperol
Campari
Negroni
19. Slowfox er, jamfør namnet, ei langsam utgåve av kva annan dans?
Foxbug
Foxer
Foxhound
Foxtrot
20. Krabbetåka er restar etter ein … kva? Eksempelet i dette tilfellet var av type II, og året var 1054.
Komet
Kvit dverg
Raud kjempe
Supernova
21. Kva 17. mai-song er frå 2012, skriven av Grethe Myhre Skottene og tonesett av Carl-Andreas Næss?
«17. mai-sang for de små»
«Det går et festtog gjennom landet!»
«Norge i rødt, hvitt og blått»
«Tenk at nå er dagen her»
{"name":"Dag og Tid-quizen 16. mai 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QCV1IF9F0","txt":"1. Den 8. mai vart Robert Francis Prevost den første paven frå Nord-Amerika. Kva namn og nummer har han teke?, 2. Den nye paven er den første frå kva katolsk orden? Han var generalprior (øvste leiar) frå 2001 til 2013., 3. Kva for eit hav ligg Cape Town ved?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}