Dag og Tid-quizen 23. mai 2025

1. Leo 14. er den første paven frå USA og kva for eit anna land, der han òg er statsborgar? Han budde lenge i Trujillo og vart seinare biskop av Chiclayo.
Argentina
Colombia
Mexico
Peru
2. Kva er spesielt med flaskene på museet til Christian Ringnes i Kirkegata i Oslo?
Dei er små
Dei er store
Dei har skip i seg
Dei inneheld berre alkoholfri drikke
3. Kva for eit rovdyr finst det to artar av i Australia, som ein lokalt kallar saltie og freshie? Den første er verdas største.
Edderkopp
Hai
Krokodille
Slange
4. Kva sentralt omgrep i samband med stavkyrkjer tyder loddrett, takberande tresøyle?
Skip
Stav
Svill
Tile
5. I kva filmklassikar frå 1942 seier karakteren til Ingrid Bergman: «Play it, Sam. Play ’As Time Goes By’.»?
«Casablanca»
«Citizen Kane»
«Mrs. Miniver»
«Trollbundet»
6. Mannen i D.D.E.-songen «E6» skal til Bodø. Den nest siste kommunen på strekninga er òg nemnd i teksten. Kva kommune?
Beiarn kommune
Fauske kommune
Gildeskål kommune
Saltdal kommune
7. Kva av desse detaljane er kvit på måleriet «Nattverden»?
Duken
Jesu hår
Jesu klede
Veggteppa
8. Kva Dodge-modell – ei kruttønne av ein sportsbil – kom på marknaden i 1992 og deler namn med ein type slange?
Dodge Boa
Dodge Cobra
Dodge Mamba
Dodge Viper
9. Kva detektiv frå Bergen møtte me første gong i romanen Bukken til havresekken frå 1977?
Hanne Wilhelmsen
Konrad Sejer
Ole Vik
Varg Veum
10. Den nye LO-leiaren vart Kine Asper Vistnes, ikkje Jørn Eggum. Båe kjem frå det nest største LO-forbundet. Kva heiter det?
Fagforbundet
Fellesforbundet
Fellesorganisasjonen
Norsk Tjenestemannslag
11. Kor mange kvadratmeter er eit dekar?
10
100
1000
10 000
12. Kva heiter dei to mexicanske delstatane som har kyst i vest mot Californiabukta? Den nordlege gjev namn til ein ørken, den sørlege til eit narkotikakartell. Dei startar på same bokstav.
Baja California og Baja California Sur
Chihuahua og Coahuila
Sonora og Sinaloa
Tamaulipas og Tabasco
13. Liverpool FC har mange legender, men berre ei av dei fekk Ballon d’Or medan han spelte for klubben. Kven då? Hint: Han som er det næraste feilsvaret, vann prisen to gonger, men hadde bytt klubb til Hamburger SV.
Kenny Dalglish
Kevin Keegan
Michael Owen
Steven Gerrard
14. Indonesia erklærte seg sjølvstendig i 1945, men vart anerkjent først i 1949, etter ein fire år lang krig mot den gamle koloniherren sin. Kva for eit land er det?
Frankrike
Nederland
Portugal
Tyskland
15. Kva heiter fylkeslaget i Noregs Mållag som dekkjer Innlandet utanom Valdres? Namnet står i kontrast til eit av dei eldste mållaga, stifta i Bergen i 1868.
Austafjellslaget
Austfylkeslaget
Austmannalaget
Austmållaget
16. Kva kallenamn på to ord fekk biologen Thomas Henry Huxley? Det var fordi han kjempa ivrig for ei utviklingslære.
«Darwins bulldog»
«Darwins terrier»
«Wallace' bulldog»
«Wallace' terrier»
17. Kva av desse er eit leveår for den gresk-amerikanske operastjerna Maria Callas?
1850
1900
1950
2000
18. Kva sport har hatt VM sidan 1927 og nesten berre vinnarar frå Dei britiske øyane? I år var vinnaren for første gong ein kinesar, Zhao Xintong.
Bowls
Darts
Snooker
Squash
19. Kva for noko skrått er eit uttrykk for teaterscenen?
Dei skrå breidder
Skrå slagorden
Skråblikk
Skråplanet
20. Kva barnleg, rimande namn nyttar dei bestseljande strikkebokforfattarane Hanne Andreassen Hjelmås og Torunn Steinsland?
Bombegompe
Hompetompe
Klompelompe
Rompestompe
21. Kven var den mest kjende personen i det første triumviratet? Dei to andre i alliansen var Pompeius og Crassus.
Augustus
Julius Cæsar
Kleopatra
Marcus Antonius
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 23. mai 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QCVRIW900","txt":"1. Leo 14. er den første paven frå USA og kva for eit anna land, der han òg er statsborgar? Han budde lenge i Trujillo og vart seinare biskop av Chiclayo., 2. Kva er spesielt med flaskene på museet til Christian Ringnes i Kirkegata i Oslo?, 3. Kva for eit rovdyr finst det to artar av i Australia, som ein lokalt kallar saltie og freshie? Den første er verdas største.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker