Dag og Tid-quizen 23. februar 2024

1. I kva tysk spel med misvisande geografisk namn flytter ein kuler på eit stjerneforma brett?
Indiasjakk
Japansjakk
Kinasjakk
Russlandsjakk
2. Kor mange fjell seier me at Bergen ligg mellom?
Tre
Fem
Sju
Ni
3. Klamydiabakterien heiter Chlamydia trachomatis. Det siste ordet viser til infeksjonen trakom, ei hyppig årsak til kva funksjonsnedsetjing?
Hørsletap
Impotens
Sterilitet
Synshemming
4. Korleis ville Bøygen at Peer Gynt skulle gå?
Gå på akkord
Gå sakte
Gå sin eigen veg
Gå utanom
5. Kva kontroversiell amerikanar vart nyleg den første vestlege journalisten til å intervjue Vladimir Putin sidan invasjonen av Ukraina?
Tucker Cameron
Tucker Carlson
Tucker Charlton
Tucker Compton
6. Kva er måleininga når det står til dømes 10 eller 18 på ein (metrisk) fastnøkkel?
Mikrometer
Millimeter
Centimeter
Desimeter
7. Kva heiter presidentpalasset i Buenos Aires? Namnet viser til utsjånaden.
Casa Amarilla
Casa Azul
Casa Rosada
Casa Verde
8. Kva slags kart kan vere av standarden ISOM? Her tyder til dømes kvitt og grønt vanleg skog og tett skog.
Flykart
Orienteringskart
Skattekart
Vêrkart
9. Kva religiøst verk skal ha stått på gulltavler som vart funne ved hjelp av engelen Moroni?
Koranen
Mormons bok
Tomasevangeliet
Toraen
10. Kva slags rovpattedyr finst i artar med forstavingane flekk-, brun- og stripe-? Den siste arten i familien heiter jordulv.
Bjørn
Hyene
Sjakal
Vaskebjørn
11. Taylor Swift var trekkplaster på tribunen då laget til kjærasten vann Super Bowl i 2024 for andre gong på rad. Kva er laget til Travis Kelce?
Kansas City Chiefs
Philadelphia Eagles
Tampa Bay Buccaneers
San Francisco 49ers
12. Kva veg vert ei arabisk tekstlinje lesen?
Mot høgre
Mot venstre
Nedover
Oppover
13. Kva for eit dokument med jubileum i 2024 er det Jørn Øyrehagen Sunde omtalar slik: «den fyrste vellukka, store, politikkdrivne samfunnsreforma vi kjenner til i norsk historie»? Han er den fremste eksperten på dokumentet.
Gulatingslova
Frostatingslova
Kristian 5.s Norske Lov
Magnus Lagabøtes landslov
14. Duetten «Mysteriet deg» er mellom Bjørn Eidsvåg og kva svenske?
Carola Häggkvist
Elvira Nikolaisen
Lisa Ekdahl
Lisa Nilsson
15. Kva for eit omgrep i Immanuel Kants utforsking av fornufta tyder «verda slik ho eigentleg er»? Motstykket er das Ding für mich, «verda slik eg opplever henne».
Das Ding an sich
Das Ding für alle
Das Ding über alles
Das Ding zu sein
16. Tsjadsjøen var ein av verdas største i 1960-åra. Eksisterer han i dag?
Ja
Nei
17. Kva for ein Hallvard (1898–1987) er kjend som skaparen av moderne offentleg heraldikk i Noreg? Han laga dagens utgåve av riksvåpenet og teikna talrike kommunevåpen og andre merke.
Hallvard Eika
Hallvard Kleven
Hallvard Magerøy
Hallvard Trætteberg
18. Kva for noko med hjul trillar ned trappa i ei kjend scene i Panserkrysseren Potemkim (1925)?
Ei barnevogn
Ei kjerre
Ei pølsebu
Ein sykkel
19. Prinsesse Astrid representerer framleis kongehuset. Kor gamal vart ho den 12. februar? Svaret er eit partal.
92 år
94 år
96 år
98 år
20. Prinsesse Astrid var med på kroninga av Elizabeth 2. i 1953. Eit minne ho har nemnt, var å sjå dronning Salote Tupou 3., som kom i ei nasjonaldrakt med palmeblad. Kva for eit land var sistnemnde monark i?
Lesotho
Madagaskar
Samoa
Tonga
21. Er ei goro jarnsteikt, omnsbakt eller smultkokt?
Jarnsteikt
Omnsbakt
Smultkokt
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 23. februar 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QD08YIU62","txt":"1. I kva tysk spel med misvisande geografisk namn flytter ein kuler på eit stjerneforma brett?, 2. Kor mange fjell seier me at Bergen ligg mellom?, 3. Klamydiabakterien heiter Chlamydia trachomatis. Det siste ordet viser til infeksjonen trakom, ei hyppig årsak til kva funksjonsnedsetjing?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker