Dag og Tid-quizen 7. februar 2025

1. Kva øy ligg nesten 2000 km frå Antarktika, 3000 km frå Afrika og 5000 km frå Sør-Amerika? Ho er norsk biland.
Bouvetøya
Dronning Mauds land
Jan Mayen
Peter 1.s øy
2. Kva heiter mjøl som er male av heile kornet, til forskjell frå sikta mjøl?
Fullkornsmjøl
Kli
Kruska
Sammale mjøl
3. Set inn rett ord: Våpenkvileavtalen mellom Israel og Hamas inneber mellom anna å frigjere israelske (…) i byte mot palestinske fangar.
Diplomatar
Gissel
Sionistar
Terroristar
4. I kva hovudstad ligg Rijksmuseum? Her heng til dømes «Nattevakta» av Rembrandt.
Amsterdam
Berlin
Brussel
Paris
5. Phillips-kurva måler inflasjon på y-aksen. Kva annan variabel måler x-aksen? Ifølgje kurva er det eit omvendt forhold – når inflasjonen minkar, aukar fasitsvaret.
Arbeidsløyse
Lønsnivå
Lånevilje
Sysselsetjing
6. Kva aktivitet kan du gjere frå ulike vinklar med ein gjærkasse?
Brodering
Klatring
Saging
Såing
7. Kva himmellekam var det Edmond Halley såg i 1682 og fekk oppkalla etter seg?
Ein asteroide
Ein komet
Ein meteor
Ei stjerne
8. Kva for ei Kristine fekk Arne Nordheims komponistpris i 2020 og Edvard-prisen i 2024? I år har ho vorte den første norske vinnaren av Ernst von Siemens’ komponistpris.
Kristine Bruland
Kristine Breistøl
Kristine Næss
Kristine Tjøgersen
9. Stokk om anagrammet «taklista!». Det skal verte eit kraftuttrykk hos mange siddisar. Ordet kjem av etternamnet til ein upopulær lokal politimeister.
Asaklitt!
Kittalas!
Salikatt!
Skittala!
10. Kva for eit organ byggjer opp slimhinna der det ytste laget vanlegvis endar sine dagar som menstruasjon?
Eggstokken
Livmora
Morkaka
Skjeden
11. Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde ein president, ein visepresident og ein sekretær. Set personane Christie, Falsen og Krohg i tilsvarande rekkefølge.
Christie, Falsen, Krohg
Christie, Krohg, Falsen
Falsen, Christie, Krohg
Falsen, Krohg, Christie
12. Kva heiter Stevie Wonder-songen som titulerer og hyllar Duke Ellington?
«Mr. Duke»
«Mr. Ellington»
«Sir Duke»
«Sir Ellington»
13. Kva vert rekna som hovudverket i bysantinsk arkitektur, oppført på 500-talet under keisar Justinian 1.?
Den blå moskeen
Hagia Irene
Hagia Sofia
Topkapipalasset
14. Kva skeiseløpar vart førstemann under 12.30 på 10.000 meter? Ingen andre verdsrekordhaldarar på distansen har vore frå same land som han.
Davide Ghiotto
Eric Heiden
Johann Olav Koss
Ted-Jan Bloemen
15. Også på friidrettsbana er 10.000 meter kor mange rundar?
10
20
25
40
16. Julius Paltiel, Leo Eitinger og Samuel Steinmann er kjende norske holocaust-overlevande. Dei var omkring to år i kva konsentrasjonsleir?
Auschwitz
Bergen-Belsen
Sachsenhausen
Treblinka
17. Dei klassiske kjærleiksromanane Jane Eyre og Stormfulle høgder vart utgjevne same året. Kva år som sluttar på 7?
1817
1827
1837
1847
18. Kva Hollywood-stjerne vart fødd i Stockholm i 1905 som Greta Lovisa Gustafsson?
Greta Garbo
Greta Gerwig
Ingrid Bergman
Ulla Jacobsson
19. Kva type veksestad finst i mange norske plantenamn, til dømes framfor -arve, -kjeks, -rug, -stjerne og -vindel? Alle fem artane lever opp til namnet.
Eng
Skog
Strand
Åker
20. I kva for eit land ligg punkta lengst vest og sørvest på det europeiske kontinentet? Dei heiter Cabo da Roca og Cabo de São Vicente.
Andorra
Frankrike
Portugal
Spania
21. Kva for eit ord skal inn her, i Efesarbrevet 2,8: «For av (…) er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.»
Kjærleik
Nåde
Oppstoda
Under
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 7. februar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QDJOSZ67N","txt":"1. Kva øy ligg nesten 2000 km frå Antarktika, 3000 km frå Afrika og 5000 km frå Sør-Amerika? Ho er norsk biland., 2. Kva heiter mjøl som er male av heile kornet, til forskjell frå sikta mjøl?, 3. Set inn rett ord: Våpenkvileavtalen mellom Israel og Hamas inneber mellom anna å frigjere israelske (…) i byte mot palestinske fangar.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker