Dag og Tid-quizen 7. november 2025

1. Årets vinnar av Nordisk råds litteraturpris er færøysk og heiter Vónbjørt Vang. Er forfattaren mann eller kvinne?
Mann
Kvinne
2. Kva «vernefokusert» synonym har me for gryteunderlag?
Bordavlastar
Bordskjermar
Bordskånar
Bordsparar
3. Kva nasjonalt senter for samferdselsforsking, forkorta til TØI, held til på Blindern i Oslo?
Trafikkøkonometrisk institutt
Trafikkøkonomisk institutt
Transportøkonometrisk institutt
Transportøkonomisk institutt
4. Kva «rojal» art i Asia er verdas lengste giftslange?
Kongeboa
Kongekobra
Kongepyton
Kongesnok
5. Sekta Folkets tempel er mest kjend for massesjølvmordet i 1978. Tragedien skjedde i kva søramerikansk land?
Guyana
Paraguay
Peru
Venezuela
6. Kva vidgjeten tyskar vart livslang ungkar, sjølv om det var nære på med til dømes Josephine Brunsvik (fødd 1779) og Therese Malfatti (fødd 1792)?
Alexander von Humboldt
Immanuel Kant
Johann Wolfgang von Goethe
Ludwig van Beethoven
7. Steinane i Stonehenge dannar langt på veg kva formasjon: to kvadrat, to liner eller to sirklar?
To kvadrat
To liner
To sirklar
8. Kva vag filosofisk isme er det vanleg å plassere franskmennene Baudrillard, Deleuze, Derrida, Foucalt, Lacan og Lyotard innanfor?
Eksistensialisme
Idealisme
Postmodernisme
Relativisme
9. Kva fire ord lang tittel har signatursongen til Sting og The Police?
«Every Bond You Brake»
«Every Breath You Take»
«Every Move You Make»
«Every Step You Take»
10. Alle tre våpena i fektesport kan stikke. Kva for eit har også lov til å hogge?
Florett
Kårde
Lanse
Sabel
11. Kva nobelprisvinnar i litteratur hadde som tenåring overlevd redslane i Auschwitz og Buchenwald? Dette vart sentralt i forfattarskapen.
Imre Kertész
Isaac Bashevis Singer
Saul Bellow
Shmuel Agnon
12. Kva canadisk storby er Kongsberg ein norskspråkleg namnebror til?
Edmonton
Montreal
Toronto
Vancouver
13. Kva poetisk ord for «verdas» skal inn her i «Det lyser i stille grender»: «som kom og vart (…) Frelsar»?
Heimens
Heimsens
Himlingens
Himmelhallens
14. Kven er ny statsminister i Japan og leiar for det største partiet, LDP? Båe delane er som første kvinne.
Sanae Takaichi
Sara Takanashi
Tsai Ing-wen
Yuriko Koike
15. Kva røysta over 70 prosent for i både Nordland, Troms og Finnmark ved båe EU-avstemmingane: ja eller nei?
Ja
Nei
16. Kva heiter sjukdommar der immunsystemet går til åtak på kroppen sjølv? Døme er diabetes type 1 og MS.
Autoimmune sjukdommar
Autosomale sjukdommar
Infeksjonssykdommar
Revmatiske sjukdommar
17. Når var Noregs første glasverk – Nøstetangen glassverk i Hokksund – i drift?
1441–1477
1541–1577
1641–1677
1741–1777
18. Hokksund er også heimbyen til bestseljaren Oso. Kva stort hushaldsprodukt er det?
Komfyr
Varmvassbehaldar
Vaskemaskin
Vedomn
19. Kva hovudfarge har shortsen på heimedrakta til Rosenborg, ulikt trøya og strømpene?
Gul
Kvit
Raud
Svart
20. The Blue Train er eit av verdas fremste luksustog. Hovudruta er mellom kva for to hovudstader?
Abuja og Kinshasa
Addis Abeba og Nairobi
Cape Town og Pretoria
Kairo og Tripoli
21. Kva slags knapp gjorde inntog i Noreg i 1960-åra med Vidar Lønn-Arnesen og programmet Ti i skuddet?
Manometerknapp
Mentometerknapp
Multimeterknapp
Petimeterknapp
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 7. november 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QE50PPFZ4","txt":"1. Årets vinnar av Nordisk råds litteraturpris er færøysk og heiter Vónbjørt Vang. Er forfattaren mann eller kvinne?, 2. Kva «vernefokusert» synonym har me for gryteunderlag?, 3. Kva nasjonalt senter for samferdselsforsking, forkorta til TØI, held til på Blindern i Oslo?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker