Dag og Tid-quizen 8. desember 2023

1. Henry Kissingers periode som utanriksminister i USA var under kva for to presidentar?
Franklin D. Roosevelt og Harry S. Truman
John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson
Richard Nixon og Gerald Ford
Ronald Reagan og George Bush sr.
2. I 1973 skulle Kissinger få Nobels fredspris saman med Le Duc Tho, som takka nei. Kva var det sistnemnde meinte at slett ikkje var slutt?
Borgarkrigen i Kambodsja
Koreakrigen
Kulturrevolusjonen
Vietnamkrigen
3. Kva vanleg instrument i eit symfoniorkester har palindromisk namn?
Gong
Obo
Triangel
Trompet
4. I kva for eit Ibsen-stykke er hovudpersonen ei gift fyrvaktardotter, noko tittelen viser til?
«Et dukkehjem»
«Fruen fra havet»
«Fru Inger til Østråt»
«Vildanden»
5. Korleis kan ein skrive talet 120 med berre to skriftteikn ved å nytte funksjonen fakultet?
4?
5?
4!
5!
6. I kva bygning i Oslo ligg Statsrådssalen, der det normalt er statsråd kvar fredag klokka 11.00?
Slottet
Statsministerbustaden
Stortingsbygningen
Utanriksdepartementet
7. Det er handball-VM for kvinner om dagen i Skandinavia. I den norske troppen er det Camilla Herrem, Sanna Solberg-Isaksen og Emilie Hovden som har kva spelarposisjon?
Bakspelar
Kantspelar
Linjespelar
Målvakt
8. Kva av desse er eit leveår for Sarah Bernhardt, den vidgjetne skodespelaren som kaka er oppkalla etter?
1825
1875
1925
1975
9. Kva gamal norsk kulturplante liknar på sløke, men har sterk og stram lukt og vart dyrka i spesielle hagar heilt fram til 1800-talet? På Voss har ein foredla fram den einaste kjende kulturforma på verdsbasis.
Hundekjeks
Karve
Kvann
Persille
10. Kva er Dødehavet for elva Jordan: utspringet eller utløpet?
Utspringet
Utløpet
11. Kva spesifikk type bygning fortel sagaen at Håkon jarl nytta som gøymestad då han vart drepen av trælen sin i 995? Det var i Melhus hos frilla Tora på Rimol.
Brønnhus
Grisehus
Stabbur
Årestove
12. På Rauland kan ein studere ved ITF, som er Institutt for tradisjonskunst og kva meir?
Felemaking
Folkemusikk
Folketru
Folkloristikk
13. Kva kjend by på Sicilia, rik på gresk og romersk historie, ligg på austkysten, eit stykke sør for Catania?
Messina
Palermo
Ragusa
Siracusa
14. Kva er det mest kjende kallenamnet til Joralf Gjerstad, som meinte at Gud gav han lækjande kraft?
Smølamannen
Snåsamannen
Sulamannen
Sømnamannen
15. Kva for eit land kan skilte med forfattarar som Jorge Isaacs, kjend for romanen María frå 1867, og José Eustasio Rivera med nasjonaleposet La Vorágine (Kvervelstraumen) frå 1924? Då har me sett vekk frå den mest vidgjetne pennen.
Brasil
Colombia
Peru
Mexico
16. Kva heiter skinnmaterialet som dei fleste viktigare handskrifter frå mellomalderen vart laga av?
Pergament
Permanent
Pigment
Postament
17. Kva tittel på fem ord har John Denver-songen som er eit symbol for staten Vest-Virginia?
«Take Me Home, Country Land»
«Take Me Home, Country Roads»
«Take You Home, Country Land»
«Take You Home, Country Roads»
18. Kva europeisk mann regisserte dei tre filmane som fekk Oscar-prisen for beste internasjonale film i 1961, 1962 og 1984?
Federico Fellini
François Truffaut
Ingmar Bergman
Vittorio De Sica
19. Kva er arealet til Noregs største kommune, Kautokeino? Me rundar av oppover til eit rundt og pent svar.
5000 kvadratkilometer
10 000 kvadratkilometer
20 000 kvadratkilometer
50 000 kvadratkilometer
20. Stjernene Frank Shorter, Bill Rodgers og Steve Prefontaine var sentrale i å skape kva slags «bylgje» i 1970-åra?
Eldrebylgje
Hippiebylgje
Høgrebylgje
Joggebylgje
21. Somme atombomber er hydrogenbomber. Kva for eit grunnstoff vert danna i fusjonen som er den vanlegaste reaksjonen i desse?
Helium
Hydrogen
Plutonium
Uran
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 8. desember 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QEBGOJOSV","txt":"1. Henry Kissingers periode som utanriksminister i USA var under kva for to presidentar?, 2. I 1973 skulle Kissinger få Nobels fredspris saman med Le Duc Tho, som takka nei. Kva var det sistnemnde meinte at slett ikkje var slutt?, 3. Kva vanleg instrument i eit symfoniorkester har palindromisk namn?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker