Dag og Tid-quizen 26. april 2024

1. Iran har åteke Israel direkte for første gong. Forholdet har vore dårleg sidan den islamske revolusjonen i Iran. Kva for eit år var det?
1973
1979
1988
1991
2. Kva for ein Trygve har vist at også poesi er ein sjanger som kan selje godt i dagens Noreg? Den nyaste diktsamlinga heiter Jeg har venta sånn på deg.
Trygve Hoff
Trygve Riiser Gundersen
Trygve Skaug
Trygve Wikstøl
3. Kjem namnet Trygve av adjektivet trygg?
Ja
Nei
4. Kva arm av Bjørnafjorden har sjølv armane Samnangerfjorden, Ådlandsfjorden og Eikelandsfjorden? Svaret inneheld eit av dei to gamle kommunenamna bak dagens Bjørnafjorden kommune.
Bømlafjorden
Fanafjorden
Fusafjorden
Osafjorden
5. Du løyser kryssord, har stikkordet «ap», skal fram til eit ord på fire bokstavar og har allereie «JØ» som dei midtre. Kva er svaret?
Gjøn
Gjøs
Kjød
Kjøl
6. Matteus 6, vers 9–13 inneheld den vanlege versjonen av kva bøn?
Den aronittiske velsigninga
«Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»
Jesu øvsteprestelege bøn
Vår far
7. «Kva er viktige aktivitetar i livet ditt, og korleis vil du delta?» Dette er eit typisk utgangspunkt i yrket som før heitte arbeidsterapeut. Kva yrke?
Ergoterapeut
Fysioterapeut
Logoped
Sosionom
8. Kva øygruppe heiter Islas Malvinas på spansk?
Antillane
Falklandsøyane
Filippinane
Kanariøyane
9. Songen «A Spoonful of Sugar» er med i kva filmmusikal frå 1964?
«Camelot»
«Mary Poppins»
«My Fair Lady»
«The Sound of Music»
10. Kva var fornamnet til dottera som var det einaste ektefødde barnet til Håkon 5.? Då han døydde i 1319, vart den tre år gamle sonen hennar, Magnus 7., konge. Ho tok del i formyndarstyret.
Eufemia
Ingebjørg
Kristin
Margrethe
11. Kva polsk dans gjev namn til omkring 60 klaverstykke av Frédéric Chopin?
Krakowiak
Masurka
Oberek
Polonese
12. Den gamle masseeininga mark har variert i storleik, men vart fastsett etter innføringa av metersystemet. Kor mykje vart ho på? Det går eit heiltal mark på eit kilogram.
50 gram
100 gram
125 gram
250 gram
13. Nidar profilerer seg med originalen frå 1922. Kva slags «fartøygodteri» er det tale om? Ordet står etter «Skipper» på emballasjen.
Ahlgrens bilar
Fisherman's Friends
Lakrisbåtar
Vingummi
14. Kva for eit herrefotballag har denne sigersrekkja i Meisterligaen, inkludert Serievinnarcupen: 1977, 1978, 1981, 1984, 2005 og 2019?
AC Milan
Barcelona
Bayern München
Liverpool
15. Denne delen av storhjernen er spesielt viktig for læring, hukommelse og sosial åtferd. På grunn av utsjånaden kjem namnet frå gresk for «mandel».
Amygdala
Fornix
Hippocampus
Thalamus
16. Over til bustadareal. Vert soverom rekna som primærrom eller sekundærrom?
Primærrom
Sekundærrom
17. Flyktninghjelpen har ei årleg liste over verdas mest neglisjerte fluktkriser. Kva for eit land klatra opp til 1. plass i 2022? Av dei 24 millionar innbyggjarane er omkring to millionar internt fordrivne. Nabolandet Mali kom på 7. plass det same året.
Burkina Faso
Mauritania
Niger
Tsjad
18. Kva er det eksklusive Flora Danica frå Royal Copenhagen?
Eit sengesett
Eit servise
Eit toalett
Eit skap
19. Læraren meinte verda er laga av stoffet apeiron. Ein elev med nesten same namnet meinte svaret heller er luft. Kva for to greske filosofar er det tale om?
Anaximander og Anaximenes
Platon og Plotin
Zenon frå Elea og Zenon frå Kition
Xenofanes og Xenokrates
20. Kva ugleart er størst i både Noreg og resten av Europa?
Haukugle
Hubro
Jordugle
Lappugle
21. Var O.J. Simpson framleis i fengsel då han døydde?
Ja
Nei
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 26. april 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QEFVEC7SV","txt":"1. Iran har åteke Israel direkte for første gong. Forholdet har vore dårleg sidan den islamske revolusjonen i Iran. Kva for eit år var det?, 2. Kva for ein Trygve har vist at også poesi er ein sjanger som kan selje godt i dagens Noreg? Den nyaste diktsamlinga heiter Jeg har venta sånn på deg., 3. Kjem namnet Trygve av adjektivet trygg?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker