Dag og Tid-quizen 15. september 2023

1. I kva song har tittelpersonen mellom anna «mørke, brune øyne» og «silkebløte kinn»?
«Lykkeliten»
«Ola Tveiten»
«Teddybjørnens vise»
«Vi har ei gammal tante»
2. Eiffeltårnet vart bygd til verdsutstillinga i kva år som sluttar på sifferet 9?
1889
1899
1909
1919
3. Kva er det nordlegaste noverande fylket som Ivar Aasen var innom og samla talemålsprøver frå? Han kom til den største byen i dette fylket i 1851.
Møre og Romsdal
Trøndelag
Nordland
Troms og Finnmark
4. Den 22. august 1961 hoppa sjukepleiaren Ida Siekmann ut vindauget. Ho vart det første dødsofferet me kjenner, knytt til kva historisk byggverk?
Berlinmuren
Dikemark sjukehus
Hoover-demningen
Krystallpalasset
5. Kva kufte, som ofte har striper, lus, sjakkruter og åttebladroser, har namn etter ein tidlegare kommune i Bergen?
Arnakufte
Fanakufte
Laksevågkufte
Setesdalskufte
6. Muhammed vart fødd rundt 570 i kva by?
Jerusalem
Medina
Mekka
Riyadh
7. Kva stort land har i 2023 landa vellukka på månen for første gong? Romsonden heiter «Chandrayaan-3».
Algerie
Brasil
India
Kina
8. Kva for eit ord, ein del av namnet Chandrayaan, tyder «måne» på fleire språk i det nemnde landet?
Chan
Chandra
Rayaan
Yaan
9. Etter at andre verdskrigen øydela mykje av idrettskarrieren, var det ikkje sjølvsagt at Birger Ruud skulle stille i vinter-OL i 1948. Der vann han kva medalje i kva sport?
Bronse i alpint
Gull i kombinert
Gull i skihopping
Sølv i skihopping
10. I august gjekk styringsrenta opp frå 3,75 til 4,00 prosent. Kva slags renteheving er det?
Enkel renteheving
Dobbel renteheving
Trippel renteheving
Kvadruppel renteheving
11. Kva heiter skogtraktene mellom Hallingdal og Valdres assosiert med forfattaren Mikkjel Fønhus?
Finnemarka
Finnskogene
Trillemarka
Vassfaret
12. Kven har spelt dronning Elizabeth 2. og Golda Meir på film i høvesvis 2006 og 2023?
Cate Blanchett
Helen Mirren
Vanessa Redgrave
Meryl Streep
13. Kor mange symfoniar komponerte Edvard Grieg?
Ingen
Éin
Tre
Ni
14. Kva er ein sjøkjeks, som har så korte armar at han minner om ein regulær femkant?
Ein blekksprut
Ein fisk
Ei sjøstjerne
Ein sopp
15. Grete Faremo har hatt fire ulike ministerpostar. Kva for ein er nærast knytt til utdanninga hennar og er den posten ho har hatt lengst? Ho var dette i delar av regjeringane Brundtland 3 og Stoltenberg 2.
Bistandsminister
Forsvarsminister
Justisminister
Olje- og energiminister
16. Kva for eit land i Sør-Amerika er 2,8 millionar kvadratkilometer stort og har 46 millionar innbyggjarar?
Argentina
Brasil
Chile
Surinam
17. Av kva for eit bilmerke er elbilsuksessen i3?
Audi
BMW
Hyundai
Volkswagen
18. Verdsarvstaden Leptis Magna i Libya var ein av dei vakraste romerske byane. Kva keisar var fødd her og stod for omfattande utbygging av staden?
Marcus Aurelius
Septimius Severus
Titus
Trajan
19. Kva for eit varemerke har namn etter ein småby i Ilmajoki kommune i Södra Österbotten i Finland? I Noreg finst det berre éin butikkjede som har lov til å selje produktet.
Arabia
Koskenkorva
Marimekko
Nokia
20. Kor lang effektiv speletid har kvar av dei tre periodane i ein ishockeykamp?
15 minutt
20 minutt
25 minutt
30 minutt
21. Kven var Karl Herman, Gry og Haakon? Dei døydde høvesvis i ei båtulukke i 1936, i sjølvmord i 1970 og som 95-åring i 2016.
Barna til Einar Gerhardsen
Far, mor og stefar til Rolv Wesenlund
Svigersyskena til Sigrid Undset
Syskena til dronning Sonja
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 15. september 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QF50YHMW4","txt":"1. I kva song har tittelpersonen mellom anna «mørke, brune øyne» og «silkebløte kinn»?, 2. Eiffeltårnet vart bygd til verdsutstillinga i kva år som sluttar på sifferet 9?, 3. Kva er det nordlegaste noverande fylket som Ivar Aasen var innom og samla talemålsprøver frå? Han kom til den største byen i dette fylket i 1851.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker