Dag og Tid-quizen 8. september 2023

1. Er valdagen 11. september offisiell flaggdag?
Ja
Nei
2. Kva vekedag var 11. september 2001? To andre døme på same vekedag er D-dagen 6. juni 1944 og børskrakkdagen 29. oktober 1929.
Tysdag
Torsdag
Laurdag
Sundag
3. Ordet fredag har vorte knytt til både Frøy, Frøya og ei av hustruene til Odin. Kven då?
Freke
Frid
Frigg
Frille
4. Frøya og Flatanger er to av dei tre trøndelagskommunane som startar på F. Kva heiter den siste? Han kan skilte med ruinane av Tautra kloster og det nyare Tautra Mariakloster.
Fauske kommune
Folldal kommune
Fosen kommune
Frosta kommune
5. Fyllet i Freia Fruktnøtt er hasselnøtter og kva anna matvare?
Kokos
Mandlar
Rosiner
Svisker
6. Er det fertil eller steril som tyder «fruktbar»?
Fertil
Steril
7. Carlo Broschi vart fødd i Andria i Puglia i 1705. Under kva for eit artistnamn skulle han verte ein vidgjeten kastratsongar?
Alessandro Moreschi
Caffarelli
Farinelli
Senesino
8. Salento-halvøya søraust i regionen Puglia vert gjerne omtala som kva del av den italienske støvelen?
Hælen
Sporen
Såla
Tuppen
9. Kva heiter den danske designaren (1960–2022) som starta opp i Hornbæk på Sjælland og er særleg kjend for gummistøvlar? Merket ber fornamnet og etternamnet hennar.
Astrid Andersen
Ilse Jacobsen
Malene Birger
Nanna Ditzel
10. Eventyrfiguren katten med støvlane er med i kva animasjonsfilm frå 2001, som har fått fleire oppfylgjarar?
«Flukten fra hønsegården»
«Min bror bjørnen»
«Shrek»
«Toy Story»
11. Kva karakteristisk augefarge har katterasen siamesar?
Blå
Brun
Grøn
Oransje
12. Bhumibol vart konge av Thailand i kva for eit år som sluttar på sifferet 6? Han sat fram til han døydde i 2016.
1946
1956
1966
1976
13. Blandingsforholdet i kongevatn er ofte tre volumdelar saltsyre til éin volumdel av kva anna syre?
Fosforsyre
Oksalsyre
Salpetersyre
Svovelsyre
14. Sidan 2006 har ein registrert over 100 døde ørnar på Smøla på Nordmøre, klart flest havørnar, men òg nokre kongeørnar. Kven eller kva har teke livet av fuglane?
Fugleinfluensa
Krypskyttarar
Sur nedbør
Vindturbinar
15. Kor mange slag under par i golf er ein eagle?
Eitt
To
Tre
Fire
16. Bastianprisen vert gjeven til omsetjarar og har namn etter Ørnulf Bast, som ikkje var omsetjar. Kva for eit yrke på s hadde han?
Skipsreiar
Skodespelar
Skulptør
Stortingsrepresentant
17. Over til planteriket. Kvar finn ein bast, slik me vanlegvis forstår ordet? Svar med eit uttrykk på fleire ord, her nytta i konkret tyding.
Ikkje langt frå stammen
Inni granskogen
Mellom barken og veden
Midt på treet
18. Jeanne d’Arc vart basta og bunden og brend i 1431 i kva fransk by?
Reimes
Rennes
Roubaix
Rouen
19. Kor mange år vart franske Jeanne Calment, verdas eldste registrerte person? Ho levde ti år lenger enn Maren Bolette Torp, som har noregsrekorden.
126 år
122 år
118 år
114 år
20. Kva for eit passande namn har den eldste delen av Fredrikstad by?
Gamlebyen
Middelalderbyen
Oldtidsbyen
Vikingbyen
21. Kva har me lista opp dersom Fredrikstad ligg på andreplass med 9, godt under førsteplassen på 26?
Byar der kong Frederik 2. levde flest år
Kommunar med flest kraftverk i Glomma
Kommunar med flest kyrkjer
Lag med flest seriemeisterskap i norsk herrefotball
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 8. september 2023", "url":"https://www.quiz-maker.com/QG8D4XKRM","txt":"1. Er valdagen 11. september offisiell flaggdag?, 2. Kva vekedag var 11. september 2001? To andre døme på same vekedag er D-dagen 6. juni 1944 og børskrakkdagen 29. oktober 1929., 3. Ordet fredag har vorte knytt til både Frøy, Frøya og ei av hustruene til Odin. Kven då?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker