Dag og Tid-quizen 20. mars 2026

1. For første gong sidan 1938 er vinnaren av allround-VM på skøyter for kvinner ein norsk utøvar. Kven då?
Aurora Løvås
Ida Njåtun
Julie Samsonsen
Ragne Wiklund
2. På herresida vann Sander Eitrem, som første nordmann sidan 1994. Kva «skøytemekka» var meisterskapen i?
Olympic Oval i Calgary
Thialf i Heerenveen
Utah Olympic Oval i Salt Lake City
Vikingskipet på Hamar
3. I islam er hajj og umra høvesvis «den store …» og «den vesle …» kva? Båe har Mekka som mål.
Himmelferda
Pilegrimsferda
Reinsingsferda
Utvandringa
4. Kva, som ligg på Magerøya, er målet for billøpet i filmen Børning (2014)?
Nordkapplatået
Nordlysobservatoriet
Kinnarodden
Knivskjelodden
5. Kva heiter den historiske typen køyring som er sentral på Rørosmartnan? Omgrepet tyder å køyre varer med hest og slede vinterstid eller kjerre sommarstid.
Dragkøyring
Ekvipasje
Kanefart
Lasskøyring
6. Lorentz Lossius grunnla Røros Kobberverk i kva år? Han hadde tidlegare arbeidd ved mellom anna Kongsberg Sølvverk.
1344
1444
1544
1644
7. Kva for eit stortingsparti har nestleiarane Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius?
Kristeleg Folkeparti
Miljøpartiet Dei Grøne
Raudt
Sosialistisk Venstreparti
8. Kven i Gleditsch-familien var Noregs første spesialist i radioaktivitet? Ho studerte under Marie Curie og vart landets andre kvinnelege professor.
Anna Gleditsch
Ellen Gleditsch
Kristine Gleditsch
Sidsel Gleditsch
9. Dei tre vanlegaste strålingstypane frå radioaktive kjelder er alfastråling, betastråling og … kva?
Deltastråling
Gammastråling
Radiobølgjer
Røntgenstråling
10. Kva slags gryn har ein gjerne i betasuppe saman med kjøt, poteter og andre grønsaker?
Byggryn
Havregryn
Ruggryn
Semulegryn
11. Kva for to land med felles grense er verdas tredje og fjerde største potetprodusent? Det er bak Kina og India, men framfor USA. Tala er frå 2022.
Brasil og Argentina
Frankrike og Spania
Ukraina og Russland
Russland og Mongolia
12. Kva «grenselaus» naudhjelpsorganisasjon fekk Nobels fredspris i 1999?
Leger Uten Grenser
Piloter Uten Grenser
Reportere Uten Grenser
Sykepleiere Uten Grenser
13. Birgit Skarstein vart kjend gjennom kva NRK-program med Lars Monsen?
«Grenseløs»
«I grenseland»
«Ingen grenser»
«Mine grenser»
14. Kva namn på d har den medfødde tilstanden utan normalt utvikla armar og/eller bein? Ein aktuell profil er Benjamin (11) i Team Pølsa.
Dysbasi
Dysmeli
Dysplasi
Dystoni
15. Kva for ein Paul vart ein profilert konsertpianist utan høgrearmen, som han mista i første verdskrigen? Hint: Bror hans var ein verdskjend filosof.
Paul Heidegger
Paul Russell
Paul Sartre
Paul Wittgenstein
16. Kva slags speleautomat har eit namn som viser til spaken og at du fort vert pengelaus?
Einarma banditt
Einarma kjeltring
Einarma svindlar
Einarma tjuveradd
17. I 1981 kom spelet Donkey Kong. Sorter Donkey Kong, Jumpman og Pauline etter kven som skal redde kven frå kven.
Donkey Kong skal redde Jumpman frå Pauline.
Donkey Kong skal redde Pauline frå Jumpman.
Jumpman skal redde Pauline frå Donkey Kong.
Pauline skal redde Jumpman frå Donkey Kong.
18. Er muldyr og mulesel som regel fertile eller sterile?
Fertile
Sterile
19. Ho vart kjend for dyremotiv og særleg måleriet «Hestemarknaden», eit av dei mest populære bileta på 1800-talet. Kva fransk biletkunstnar?
Berthe Morisot
Élisabeth Vigée-Le Brun
Marie Bracquemond
Rosa Bonheur
20. Kva visuelt særtrekk kjenneteiknar til dømes franske Daft Punk og norske Ballinciaga?
Maske
Gullfarga klede
Rosa klede
Robotkostyme
21. Kva heiter det franske oversjøiske territoriet i Sør-Amerika?
Fransk Guyana
Guadeloupe
Martinique
Réunion
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 20. mars 2026", "url":"https://www.quiz-maker.com/QGZYRXXYS","txt":"1. For første gong sidan 1938 er vinnaren av allround-VM på skøyter for kvinner ein norsk utøvar. Kven då?, 2. På herresida vann Sander Eitrem, som første nordmann sidan 1994. Kva «skøytemekka» var meisterskapen i?, 3. I islam er hajj og umra høvesvis «den store …» og «den vesle …» kva? Båe har Mekka som mål.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}