Dag og Tid-quizen 20. september 2024

1. Frå 2024 heiter det ikkje lenger Olje- og energidepartementet, Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet. Dei tre nye namna framstår som «grønare». Kva er desse?
Energidepartementet, Havindustridirektoratet og Sokkeltilsynet
Energidepartementet, Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet
Havindustridepartementet, Energidirektoratet og Sokkeltilsynet
Havindustridepartementet, Sokkeldirektoratet og Energitilsynet
2. Kva plante som ofte har gul og kvit korg, deler namn med ein moropark på Austlandet?
Balderbrå
Hunderfossen
Sommarland
Tusenfryd
3. Kva er verbet le i preteritum, både på bokmål og nynorsk?
Ledd
Ledde
Ler
Lo
4. Om lag kor mange menneske vart avretta under trolldomsprosessane i Europa og Nord-Amerika, ifølgje Store norske leksikon?
6000
60 000
600 000
6 000 000
5. Ho vann tre internasjonale meisterskapsgull i langrenn. Alle fekk ho ved å gå første etappe på stafett (2005, 2010, 2011). Kva eidsberging er det tale om?
Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Hilde Gjermundshaug Pedersen
Kristin Størmer Steira
Vibeke Skofterud
6. Kva kjent fenomen kan me definere slik: «elektromagnetisk stråling som menneskeauget kan registrere»?
Farge
Lyd
Lys
Syn
7. Julian Lloyd Webber, veslebror til Andrew, er òg ein omtykt musikar. Kva er instrumentet hans?
Cello
Gitar
Harpe
Piano
8. Kva kjøtprodusent med geografisk namn vart starta i Olden i 1961 og held no til i Loen? Du finn han på Rema 1000.
Nordfjord Kjøtt
Sognemorr
Stranda Spekemat
Vossafår
9. Er Martin Luther den første me veit om at omsette Bibelen til tysk?
Ja
Nei
10. Kva slags bilete er verket «Den store bølgja ved Kanagawa» av Hokusai? Eit materiale inngår i svaret.
Oljemåleri
Papirteikning
Silketrykk
Tresnitt
11. Kva for eit land er klart størst i Sør-Amerika, både i areal og i folketal?
Argentina
Brasil
Colombia
Mexico
12. Skildringar av personlegdommen vår kan vere generelle og likevel kjennast presise. Til dømes i horoskop. Kva heiter denne effekten?
Barnum-effekten (eller Forer-effekten)
Dunning-Kruger-effekten
Flynn-effekten
Hawthorne-effekten
13. Kva film med Clint Eastwood fekk desse fire oppfølgjarane: Magnum Force (1973), The Enforcer (1976), Sudden Impact (1983) og The Dead Pool (1988)?
«Dirty Harry»
«Kelly's Heroes»
«The Good, the Bad and the Ugly»
«Where Eagles Dare»
14. Denne forfattaren er best kjend for temaet «annleisbarn». No er ho 97 år og aktuell med boka Stadig fortsetter jeg å leve, om eigen alderdom. Kven er det?
Ebba Haslund
Eva Ramm
Märta Tikkanen
Tordis Ørjasæter
15. Kva står firetalet for i fotballformasjonen 4–5–1?
Angrepsspelarar
Forsvarsspelarar
Midtbanespelarar
Målvakter
16. Dette omgrepet var sentralt i minstrel show, ei amerikansk teaterform som var på høgda i siste halvdel av 1800-talet. Ordet er sett saman av ein farge og ein kroppsdel. Stjerna Thomas D. Rice var stadig å sjå med dette.
Blackface
Blue-eye
Redhead
Redskin
17. Kva heiter partiet til Frankrikes nye statsminister Michel Barnier? Det er inspirert av gaullismen.
Le Républicains
Parti socialiste
Rassemblement national
Reneissance
18. Fullfør sluttorda i songen «Vi lever» med Wenche Myhre: «For livet skal vi slåss, så lenge det går …»
«… blod igjennom oss»
«… kraft igjennom oss»
«… pust igjennom oss»
«… ånd igjennom oss»
19. Don Walsh og Jacques Piccard var dei første som dykka ned i Challengerdjupet. I kva rundt år skjedde det?
1950
1960
1970
1980
20. Denne staden i Indre Østfold kommune har eit våpen som førsteledd. Ein trur namnet kjem av at den gamle prestegarden låg på ei høgd med framskytande spissar.
Lanseberg
Lansestad
Spydeberg
Spydestad
21. Kva heiter manøveren der ein får bilen til å dreie (180 grader) ved å trekkje til handbrekket og dreie på rattet?
Brekksladd
Burning
Rådebank
Wunderbaum
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 20. september 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QH2BXG7N5","txt":"1. Frå 2024 heiter det ikkje lenger Olje- og energidepartementet, Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet. Dei tre nye namna framstår som «grønare». Kva er desse?, 2. Kva plante som ofte har gul og kvit korg, deler namn med ein moropark på Austlandet?, 3. Kva er verbet le i preteritum, både på bokmål og nynorsk?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker