Dag og Tid-quizen 29. august 2025
1. Kva for ein idrettsmeisterskap vart vunnen av Katrine Aannestad Lund i 2017 og av kjærasten Rasmus Løberg i 2019 og 2025? Arrangørstadene var Førde, Evje og Kongsberg.
Landskappleiken
Landsskyttarstemnet
NM i quiz
NM i sjakk
2. Kva heiter resultatet av ein multiplikasjon?
Faktor
Kvotient
Produkt
Subjekt
3. Det verdsleiande operahuset La Scala, opna i 1778, ligg i kva by?
Barcelona
Firenze
Madrid
Milano
4. Leo 14. er pave. Kva annan tittel har Bartolomeus 1., motstykket i Den ortodokse kyrkja?
Erkebiskop
Pater
Patriark
Preses
5. Kva er det største kusjittiske språket ved sidan av oromo? Det har rundt 40.000 brukarar i Noreg. Greina er i den afroasiatiske språkfamilien.
Amharisk
Somali
Tigrinja
Urdu
6. Rams opp Latvias fire naboland frå nord, med klokka.
Estland, Litauen, Belarus, Polen
Estland, Russland, Belarus, Litauen
Estland, Russland, Litauen, Polen
Russland, Belarus, Litauen, Polen
7. Amandaprisen 2025 gav fine innblikk i fleire av dei mindre profilerte kategoriane. Kva for ein vann Jens Christian Fodstad for fjerde gong? Han har 25 års erfaring, til dømes frå Den 12. mann, Barn og trilogien Sex/Drømmer/Kjærlighet.
Beste klipp
Beste lyddesign
Beste produksjonsdesign/scenografi
Beste visuelle effektar
8. Kva er etternamnet til forfattarslekta som kan skilte med Eystein, sonen Arnljot og barnebarna Eystein, Jo og Torgrim?
Egge
Eggen
Eng
Engen
9. Kva heiter korte strikkepinnar som er spisse i båe endane, med namn etter eit plagg?
Koftepinnar
Luepinnar
Strømpepinnar
Vottepinnar
10. Isbjørnen et primært kva selart? Det går òg med ein del storkobbe og grønlandssel.
Havert
Klappmyss
Ringsel
Steinkobbe
11. Kva guddom har ordet onsdag namn etter?
Frøy
Odin
Tor
Ty
12. Kva populært videospel frå 2017 er det best kjende til amerikanske Epic Games?
'Among Us'
'Baldur's Gate'
'Fortnite'
'Minecraft'
13. Bømlo-selskapet Stavland lagar kva for to ganske ulike produkt? Båe er å finne i små glas i daglegvarebutikken.
Jordbærsyltetøy og tomatpuré
Tomatpuré og lynghonning
Lynghonning og sennep
Sennep og jordbærsyltetøy
14. Lund-kommisjonen konkluderte i 1996 med at mange nordmenn sidan krigen hadde vorte utsette for ulovleg … kva?
Overvaking
Ransaking
Skattlegging
Sterilisering
15. «Er du glad i meg ennå, Karl-Johan?» song Nora Brockstedt. Kva liknande tittel har den svenske originalen frå 1959, ein tidleg suksess for Lill-Babs?
«Är du kär i mej ännu Karl-Fabian?»
«Är du kär i mej ännu Klas-Göran?»
«Är du kär i mej ännu Kim-Stefan?»
«Är du kär i mej ännu Kjell-Tristan?»
16. Stilepoken rokokko var i store delar av kva for eit hundreår?
1500-talet
1600-talet
1700-talet
1800-talet
17. Kva for eit land mista nyleg to ministrar i ei helikopterulukke i Ashanti-regionen? I dei fulle namna Edward Kofi Omane Boamah og Ibrahim Murtala Muhammed ligg eit hint som kan føre tankane til FN.
Gambia
Ghana
Guinea
Guinea-Bissau
18. Set inn rett energieining: Det trengst 1 (…) til å varme opp 1 gram vatn 1 grad celsius.
Joule
Kalori
Kilowattime
Wattime
19. Kva heiter den andre hovudperioden i Romarrikets historie, om lag 509–27 før Kristus?
Anarkiet
Kongedømet
Prinsipatet
Republikken
20. Kommunevåpenet til Frøya er skildra slik: «I blått tre sølv-angler i skrå rekke». Kva tyder angel?
Blad
Engel
Fiskekrok
Vinkelhake
21. Kva søramerikansk land er inne på topp 15 over verdas minst korrupte statar (Transparency International, 2024)? Det einaste andre på topp 50 er Chile.
Guyana
Paraguay
Surinam
Uruguay
{"name":"Dag og Tid-quizen 29. august 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QIEOBUT5F","txt":"1. Kva for ein idrettsmeisterskap vart vunnen av Katrine Aannestad Lund i 2017 og av kjærasten Rasmus Løberg i 2019 og 2025? Arrangørstadene var Førde, Evje og Kongsberg., 2. Kva heiter resultatet av ein multiplikasjon?, 3. Det verdsleiande operahuset La Scala, opna i 1778, ligg i kva by?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}