Dag og Tid-quizen 16. august 2024

1. Før Kamala Harris vart senator og visepresident, jobba ho seg opp i rettsvesenet i heimstaten. Kva delstat er det?
California
Florida
New York
Texas
2. Friidrett er kappgang, løp, hopp og kva fjerde type aktivitet?
Ball
Dans
Kast
Symjing
3. Me trur «Mona Lisa» viser ei adelskvinne frå Firenze. Heitte ho Mona, Lisa eller Mona Lisa til fornamn?
Mona
Lisa
Mona Lisa
4. Kva heiter den tjukke russiske øyrelapplua med namn etter eit russisk ord for «øyre»?
Budenovka
Chullo
Karakul
Usjanka
5. Kva avlang gjenstand med eit dyr i namnet skal hindre at til dømes sovande barn fell ned på golvet?
Gyngehest
Kjølsvin
Madrasskatt
Sengehest
6. Fullfør sitatet frå komedien Lady Windermere’s Fan av Oscar Wilde: «I can resist anything except (…)».
Persuasion
Resistance
Seduction
Temptation
7. Diktatoren Rafael Trujillo ville reinske Den dominikanske republikken for haitiarar. Kva kallar me dei tusenvis av drapa han gav ordre om i 1937? Namnet handlar om at soldatane skal ha skilt ut haitiarar på uttale.
Persillemassakren
Potetmassakren
Reddikmassakren
Sukkermassakren
8. Det er mest vanleg å lage spikrar av kva legering?
Bronse
Messing
Smijern
Stål
9. Blåveisen spreier frøa sine ved hjelp av kva slags dyr?
Fuglar
Marihøner
Maur
Sommarfuglar
10. Set dei franske vindistrikta Burgund, Champagne og Rhônedalen i rekkjefølgje frå nord til sør.
Burgund, Champagne, Rhônedalen
Burgund, Rhônedalen, Champagne
Champagne, Burgund, Rhônedalen
Champagne, Rhônedalen, Burgund
11. Er Overlook Hotel i filmen The Shining eit badehotell, eit høgfjellshotell eller eit sjukehotell?
Eit badehotell
Eit høgfjellshotell
Eit sjukehotell
12. Kva for ein Gunnar heldt i 2001 ei tale der han sa: «Dere har ikke valgt den minste motstands vei. Men kjærligheten vant.»?
Gunnar Kagge
Gunnar Staalesen
Gunnar Stålsett
Gunnar Sønsteby
13. 22. juli 2024 vart den varmaste dagen på jorda nokosinne registrert. Kor høg var den globale gjennomsnittstemperaturen (i grader celsius)?
13,16 grader
17,16 grader
21,16 grader
25,16 grader
14. Kva for ei av Kanariøyane er – trass i namnet sitt – berre tredje størst i areal?
Fuerteventura
Gran Canaria
Lanzarote
Tenerife
15. Kva bystat slost mot Romarriket i punarkrigane og vart jamna med jorda?
Kartago
Korint
Sparta
Syrakus
16. Nokon kjem til å kome er det første stykket Jon Fosse skreiv. Kva er derimot det første som vart sett opp? Det var på Den Nationale Scene i 1994. Unni Kristin Skagestad spelte kvinna som dagdrøymer om mannen i sitt liv.
«Barnet»
«Draum om hausten»
«Namnet»
«Og aldri skal vi skiljast»
17. Kven gjev namn til Ella-prisen, heidersprisen på Oslo Jazzfestival?
Elisabeth Granneman
Ella Hval
Ella Baker
Ella Fitzgerald
18. Kva av desse er eit felles leveår for dei engelske filosofane Thomas Hobbes og John Locke? Dei var sentrale i å utforme liberalismen.
1600
1650
1700
1750
19. Kva konstruert namn har det norsk-svenske «fredsriket» som vart skapt gjennom eit radioprogram i 1959 med Lennart Hyland og Randi Kolstad? Dette vesle grenseområdet søraust for Kongsvinger husar Fredsmonumentet med meir.
Brömsebro
Charlottenberg
Morokulien
Pomperipossa
20. Kva hadde dinosauren Triceratops tre av, jamfør namnet?
Auge
Føter
Horn
Ryggplater
21. I juli kunne Ole-Kristian Bryhn omsider innkassere kva «rojal» idrettstittel? Arrangørstaden i år var Steinkjer.
Quizkonge
Seglarkonge
Skikonge
Skyttarkonge
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 16. august 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QJ50G8GI4","txt":"1. Før Kamala Harris vart senator og visepresident, jobba ho seg opp i rettsvesenet i heimstaten. Kva delstat er det?, 2. Friidrett er kappgang, løp, hopp og kva fjerde type aktivitet?, 3. Me trur «Mona Lisa» viser ei adelskvinne frå Firenze. Heitte ho Mona, Lisa eller Mona Lisa til fornamn?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker