Dag og Tid-quizen 9. januar 2026

1. USA har gått inn og fjerna Nicolás Maduro frå kva stilling i kva land?
President i Colombia
President i Venezuela
Statsminister i Colombia
Statsminister i Venezuela
2. Kva retorikkomgrep på a tyder ei plutseleg og/eller høgtideleg tiltale, som regel til ein fråverande, tenkt eller avliden person? Eit døme frå Nobels fredsprisutdeling er då komitéleiar Jørgen Watne Frydnes vende seg til Maduro og baud han gå av.
Allusjon
Antanaklase
Apostrofe
Aptum
3. Kva er eit anna namn på hjartansfryd? Matplanten duftar og smakar som ei sitrusfrukt.
Appelsinmelisse
Grapefruktmelisse
Limemelisse
Sitronmelisse
4. Fører venene blodet frå hjartet eller til hjartet?
Frå hjartet
Til hjartet
5. I kva folkeeventyr seier den siste av dei sju svoltne ungane «Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg»?
«Kjerringa mot straumen»
«Mannen som skulle stelle heime»
«Mumle Gåsegg»
«Pannekaka»
6. Kva «søt» plante med fem særs blå kronblad er i kommunevåpenet til Nord-Aurdal i Valdres?
Bakkesøte
Klokkesøte
Snøsøte
Søterot
7. Kva bygd i Nord-Aurdal har sin truleg største profil i langrennsløparen Inger Helene Nybråten?
Bagn
Fagernes
Leira
Skrautvål
8. Bråtebrenning er mest vanleg i kva årstid?
Hausten
Sommaren
Vinteren
Våren
9. Kva for ein av Noregs fem nasjonale minoritetar er kjend for bråtebruk, også kalla svibruk?
Kvenar
Rom
Romani
Skogfinnar
10. Den religiøse minoriteten drusarar lever i hovudsak i kva for tre land?
Egypt, Israel og Jordan
Irak, Iran og Syria
Syria, Libanon og Israel
Tyrkia, Libanon og Irak
11. I kva Disney-film (1950) har tittelpersonen stesystrene Anastasia og Drizella?
«Askepott»
«Den lille havfruen»
«Snøhvit»
«Tornerose»
12. Fleire hevda å vere Anastasia Nikolajevna, trass i at 17-åringen og familien vart drepne ei julinatt i kva år?
1917
1918
1919
1920
13. «Nattevakta» (1642) er eit hovudverk av kva barokkmålar?
Caravaggio
Rembrandt
Rubens
Vermeer
14. Kva ni timar langt tidsrom er definert som nattarbeid i arbeidsmiljølova?
Kl. 21.00–06.00
Kl. 22.00–07.00
Kl. 23.00–08.00
Kl. 00.00–09.00
15. Den fjerde nattevakt er gjennombrotsromanen til Johan Falkberget. Kva er yrket til Benjamin Sigismund, hovudpersonen som kjem til Røros?
Forfattar
Gruvearbeidar
Prest
Smed
16. Falkberget henta tittelen frå Bibelen. Kva for eit av Jesu mirakel skjedde «i den fjerde nattevakta»?
Jesus gjer vatn til vin
Jesus går på vatnet
Jesus stiller stormen
Jesus står opp att
17. Kva kallar me «fotballmirakelet» der den polske målvakta Jerzy Dudek vart helten?
«Mirakelet i Hellas»
«Mirakelet i Istanbul»
«Mirakelet på San Siro»
«Remontada»
18. Marie Curie arbeidde i Paris, men var fødd og oppvaksen i kva polsk by?
Łódź
Poznań
Warszawa
Wrocław
19. Elva Seinen munnar ut i kva havområde, ein del av Atlanterhavet?
Biscayabukta
Den engelske kanalen
Middelhavet
Nordsjøen
20. Kva musikal handlar om ein deformert parisar som er besett av den vakre sopranen Christine Daaé?
«La Bohème»
«Le Misérables»
«Moulin Rouge!»
«The Phantom of the Opera»
21. Christine Dancke er kunnskapsformidlar mest innan kva del av kulturfeltet?
Biletkunst
Film
Litteratur
Musikk
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 9. januar 2026", "url":"https://www.quiz-maker.com/QJ54C2GTG","txt":"1. USA har gått inn og fjerna Nicolás Maduro frå kva stilling i kva land?, 2. Kva retorikkomgrep på a tyder ei plutseleg og\/eller høgtideleg tiltale, som regel til ein fråverande, tenkt eller avliden person? Eit døme frå Nobels fredsprisutdeling er då komitéleiar Jørgen Watne Frydnes vende seg til Maduro og baud han gå av., 3. Kva er eit anna namn på hjartansfryd? Matplanten duftar og smakar som ei sitrusfrukt.","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker