Dag og Tid-quizen 21. februar 2025

1. Kor mange år fyller kong Harald den 21. februar?
86 år
87 år
88 år
89 år
2. Sorter desse sitrusfruktene frå størst til minst: appelsin, grapefrukt, lime.
Appelsin, grapefrukt, lime
Appelsin, lime, grapefrukt
Grapefrukt, appelsin, lime
Grapefrukt, lime, appelsin
3. Kva for eit omgrep i samfunnsgeografi er det motsette av ruralisering?
Gentrifisering
Globalisering
Sentralisering
Urbanisering
4. Hinduismen har fleire referansar til dette dyret. Eit døme er Airavata, som Indra rir på. Eit anna er hovudet til Ganesha. Kva dyr?
Elefant
Krokodille
Løve
Nashorn
5. Kven av teknologioligarkane rundt Donald Trump er sjef for Doge? Målet er å sløse mindre i byråkratiet.
Elon Musk
Jeff Bezos
Mark Zuckerberg
Sundar Pichai
6. Kva slags bilete er Frida Kahlo mest kjend for? Slike utgjer 55 av dei 143 måleria hennar.
Landskapsmåleri
Portrett
Stilleben
Sjølvportrett
7. Kva for eit forteikn viser at ein note skal verte heva med ein halvtone?
B (♭)
G-nøkkel
Kryss (#)
Oppløysingsteikn (♮)
8. Kva slags krem kan vere av merke som australske Kiwi, franske Saphir og spanske Tarrago?
Iskrem
Skokrem
Solkrem
Tannkrem
9. Kva kvinneleg karakter i norsk litteratur vert omtala slik i original språkdrakt: «Uten denne vansirede Mund var hun vel aldrig kommet til ham, Hareskaaret var hans Held»?
Fru Marta Oulie
Inger Sellanraa
Nora Helmer
Ylajali
10. Kva er påleggsnamnet HaPå forkorting for?
Halden-pålegg
Hamar-pålegg
Hamarøy-pålegg
Haugesund-pålegg
11. I kva amerikansk TV-serie kjem den eine hovudpersonen brasande inn døra i nesten alle 180 episodane?
«The Big Bang Theory»
«Cheers»
«Friends»
«Seinfeld»
12. Kva øykommune ligg godt over ei mil vest for Karmøy?
Austevoll kommune
Fedje kommune
Kvitsøy kommune
Utsira kommune
13. Kva øy kjem Liz Mitchell og Marcia Barrett opphavleg frå? Dei var to av originalmedlemmene i Boney M. Dei andre var Maizie Williams og Bobby Farrell, fødde på høvesvis Montserrat og Aruba.
Cuba
Jamaica
Puerto Rico
Trinidad
14. Kva minoritet i Finland omfattar rundt 290.000 personar? Dei fleste bur på sørkysten, Åland eller delar av vestkysten.
Finlandssvenskar
Kvenar
Samar
Skogfinnar
15. I kva for eit land er Atyrau og Aktau dei største byane ved eller nær Kaspihavet?
Iran
Kasakhstan
Russland
Turkmenistan
16. Kva kjend nynorsk profil var kyrkjeminister då jamstillingsvedtaket kom i 1885? Både han og statsminister Johan Sverdrup var pådrivarar for saka.
Elias Blix
Ivar Aasen
Magnus Brostrup Landstad
Per Sivle
17. Kva heiter den særs aktive meteorsvermen som kjem til syne kvar desember? Det ser ut som han strålar frå stjernebiletet Tvillingane, noko namnet viser.
Geminidane
Leonidane
Perseidane
Quadrantidane
18. Det var mykje atypisk med denne europeiske diktatoren. Han var lite i ålmenta, smilte sjeldan, heldt rolege talar, gjekk med dress, levde nøkternt og var ugift. Økonomiprofessoren kom inn i politikken då landet sårt trong ein finansminister.
Antonio de Oliveira Salazar
Enver Hoxha
Francisco Franco
Tito
19. I kva sport vann Danmark herre-VM for fjerde gong på rad i 2025? Dei arrangerte tevlinga saman med Noreg og Kroatia.
Bandy
Handball
Innebandy
Volleyball
20. Kva heiter ein kort, lett, kåserande avisartikkel? Ordet tyder «liten» på fransk, etter den vesle skriftstorleiken.
Enquête
Petit
Modest
Notis
21. I kva for to hundreår levde det folk i Machu Picchu?
1300- og 1400-talet
1400- og 1500-talet
1500- og 1600-talet
1600- og 1700-talet
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 21. februar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QJGILUXWU","txt":"1. Kor mange år fyller kong Harald den 21. februar?, 2. Sorter desse sitrusfruktene frå størst til minst: appelsin, grapefrukt, lime., 3. Kva for eit omgrep i samfunnsgeografi er det motsette av ruralisering?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker