Dag og Tid-quizen 11. april 2025

1. I mars fekk me ny verdsrekord i skiflyging både på kvinnesida og på herresida. Kva er mest oppsiktsvekkjande med dei to utøvarane?
Dei er ektefeller
Dei er japanarar
Dei er søsken
Dei har innrømt dressjuks
2. Narkissos i gresk mytologi gjekk til grunne, oppslukt av kva for eit bilete?
Bryllaupsbiletet sitt
Førebiletet sitt
Sjølvbiletet sitt
Spegelbiletet sitt
3. Kva heiter vederlaget som er 3000 kroner for personbilar og 500 for motorsyklar?
Eingongsavgift
Omregistreringsavgift
Trafikkforsikringsavgift
Vrakpant
4. I kva barnesong og folkevise opnar ei av strofene med linja «Og om eg vert gammal som skorpe på graut»?
«Anne Knutsdotter»
«Eg heiter Håvard Hedde»
«Kjerringa med staven»
«Per spelmann»
5. Kva farge har hovudet og halsen på ei vaksen canadagås, bortsett frå «hakereima»?
Brun
Grå
Kvit
Svart
6. Ein hovudmotivasjon bak stiftinga av SF og arvtakaren SV var å få Noreg ut av kva organisasjon?
EU
Europarådet
Nato
OECD
7. Det høge bakverket spettekaka er mest ein spesialitet i kva svensk landskap?
Dalarna
Lappland
Skåne
Värmland
8. Dei fem amerikanske rapparane Lil Peep, XXXTentacion, Mac Miller, Juice Wrld og Pop Smoke døydde i åra 2017–2020. Alle var fødde i kva for eit tiår?
1960-åra
1970-åra
1980-åra
1990-åra
9. Kva for eit ord kan me definere slik: «materiale med metalliske eigenskapar, sett saman av to eller fleire grunnstoff, der minst eitt er eit metall»?
Bergart
Legering
Malm
Mineral
10. Det har nyss kome ein ny kriminalserie om Bergerac. Han bur stadig på kva øy?
Anglesey
Guernsey
Isle of Man
Jersey
11. Historiske kjendiser er namnet på ein podkast på NRK. Kven på 1500-talet vert oppsummert slik i ein episode: «den katolske superdronninga som hadde tre kongedøme innan rekkjevidde, men som med uheldig timing, dårleg impulskontroll og katastrofale partnarval dundra gjennom livet rett mot sin eigen avgrunn»?
Isabella av Castilla
Katarina av Medici
Maria Stuart (Mary, Queen of Scots)
Maria Tudor (Bloody Mary)
12. Kva nasjonalpark er den største i Fastlands-Noreg?
Breheimen nasjonalpark
Hardangervidda nasjonalpark
Jotunheimen nasjonalpark
Rondane nasjonalpark
13. Kva sjakktittel oppnådde Simen Agdestein i 1985, som første nordmann?
FIDE-meister
Internasjonal meister
Stormeister
Verdsmeister
14. Kva viktig stad i påskeforteljinga har eit namn som tyder «hovudskallestaden»?
Gabbata
Galilea
Getsemane
Golgata
15. Kor mange medlemsland har Den arabiske ligaen?
11
22
33
44
16. I kva kunsthistorisk periode er Albrecht Dürer det største tyske namnet?
Middelalderen
Renessansen
Barokken
Rokokkoen
17. Relasjonen mellom dei franske forfattarane Paul Verlaine og Arthur Rimbaud fekk ein brå slutt 10. juli 1873. Kva skjedde (kven gjorde kva mot kven)?
Rimbaud forgifta Verlaine
Rimbaud skaut Verlaine
Verlaine forgifta Rimbaud
Verlaine skaut Rimbaud
18. Kva for ei Jannicke vart i 2025 den andre nordmannen i verdsrommet? Ho var fartøysjef på den kommersielle romferda Fram2.
Jannicke Abrahamsen
Jannicke Kruse
Jannicke Mikkelsen
Jannicke Weeden
19. Ligg Beijing på nordsida eller sørsida av Den kinesiske muren?
Nordsida
Sørsida
20. Kva norsk statsføretak er Europas største leverandør av fornybar energi?
Enova
Equinor
Statkraft
Statnett
21. Påskeøya høyrer til Chile. Kva anna stillehavsøy ligg derimot sør i provinsen Penama i Vanuatu?
Juleøya
Kristihimmelfartsøya
Pinseøya
Sankthansøya
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 11. april 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QJLIJR86U","txt":"1. I mars fekk me ny verdsrekord i skiflyging både på kvinnesida og på herresida. Kva er mest oppsiktsvekkjande med dei to utøvarane?, 2. Narkissos i gresk mytologi gjekk til grunne, oppslukt av kva for eit bilete?, 3. Kva heiter vederlaget som er 3000 kroner for personbilar og 500 for motorsyklar?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker