Dag og Tid-quizen 31. januar 2025

1. Våpenkvila i Gaza 19. januar vart mekla fram av Egypt, USA og kva tredje land? Kunngjeringa kom frå statsminister Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim al-Thani.
Dei sameinte arabiske emirata
Kuwait
Oman
Qatar
2. Kva slags bokstavar er den eldste kjende skrifttypen i Noreg?
Greske bokstavar
Helleristingar
Latinske bokstavar
Runer
3. Insekt har tre typar utvikling. Har sommarfuglar ametabol, hemimetabol eller holometabol utvikling?
Ametabol utvikling
Hemimetabol utvikling
Holometabol utvikling
4. Kva for eit dåverande kronprinsbarn starta etter heimkomsten i 1945 i klasse 3A på Smestad skole i Oslo?
Dronning Sonja
Kong Harald
Prinsesse Astrid
Prinsesse Ragnhild
5. Kvar på kysten av Grønland ligg hovudstaden Nuuk?
Nordaust
Nordvest
Søraust
Sørvest
6. Kven av katolikkar, ortodokse og protestantar brenn stort sett ikkje røykjelse?
Katolikkar
Ortodokse
Protestantar
7. Kva heiter den japanske matretten eller teknikken som er å dyppe til dømes sjømat i røre og frityrsteikje det?
Okonomiyaki
Sashimi
Tempura
Teriyaki
8. Kva er telefonnummeret til næraste lækjevakt? Svaret er to etterfølgjande heiltal, slik som 504 505.
101 102
110 111
116 117
122 123
9. Ordet trenchcoat – skyttargravsfrakk – minner om at plagget vart nytta i kva krig? Opphavet går likevel lenger tilbake.
Krimkrigen
Den amerikanske borgarkrigen
Første verdskrigen
Andre verdskrigen
10. Kva er Håvard Bøkkos beste samanlagtplassering i allround-VM? Han fekk dette fire gonger.
Førsteplass
Andreplass
Tredjeplass
Femteplass
11. Kven vart fødd i Duluth i Minnesota i 1941 som Robert Allen Zimmerman?
Bob Dylan
Bob Geldof
Bob Marley
Bob Seger
12. Kva heiter den typen ordning som Russland hadde heilt til 1861, då Aleksander 2. oppheva henne? Landet hadde innført ho på 1500-talet, som òg var ganske seint. Ordninga er nær knytt til føydalismen og kom aldri til Noreg.
Adel
Heimfallsrett
Liveigenskap
Vasallitet
13. I kva TV-serie er Jennifer Melfi, spelt av Lorraine Bracco, sentral? Ho er psykiateren til hovudpersonen.
«Frasier»
«Grey's Anatomy»
«The Sopranos»
«The Wire»
14. Håkon Bleken nytta fleire teknikkar som biletkunstnar. Kva slags verk er «Fragmenter av et diktatur», som han slo gjennom med i 1971?
Collage
Glasmåleri
Kolteikningar
Litografiar
15. Kva for eit kort kan utgjere pokerhanda royal straight flush saman med spar 10, spar knekt, spar dame og spar konge?
Hjarter ess
Hjarter konge
Spar ess
Spar 9
16. Kva er måleeininga når me seier at liten kuling har vindstyrke på 22–27?
Kilometer i timen
Knop
Meter per sekund
Nautisk mil
17. Kva norsk forfattar (1873–1942) var såpass raus at Sigurd Hoel skreiv dette: «Hennes samlede verker burde ha en rekke tilleggsbind, bøker der det sto på omslaget: Disse bøkene er blitt til, takket være hjelp i råd og dåd av …»
Cora Sandel
Hulda Garborg
Nini Roll Anker
Sigrid Undset
18. Kva klimaavtale frå 2015 er det Donald Trump vil trekkje USA ut av for andre gong?
Bernkonvensjonen
Kyotoavtalen
Lisboatraktaten
Parisavtalen
19. I kva by møter Glomma havet?
Larvik
Moss
Fredrikstad
Halden
20. Kva isme oppstod som moderne politisk ideologi på 1700-talet med Edmund Burke som førande talsperson?
Anarkisme
Konservatisme
Liberalisme
Sosialisme
21. Kva for to fenomen har fellesomgrepet polarlys?
Midnattssol og mørketid
Nordlys og sørlys
Sollys og måneskin
UVA-stråling og UVB-stråling
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 31. januar 2025", "url":"https://www.quiz-maker.com/QK3OKZ67N","txt":"1. Våpenkvila i Gaza 19. januar vart mekla fram av Egypt, USA og kva tredje land? Kunngjeringa kom frå statsminister Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim al-Thani., 2. Kva slags bokstavar er den eldste kjende skrifttypen i Noreg?, 3. Insekt har tre typar utvikling. Har sommarfuglar ametabol, hemimetabol eller holometabol utvikling?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker