Dag og Tid-quizen 1. mars 2024

1. Det heiter ikkje trailer på Det Norske Teatret. Kva flott avløysarord nyttar dei?
Fikefilm
Geileglimt
Kileklipp
Pirresnutt
2. Tittelpersonen i Kong Oidipus giftar seg med Iokaste. Kva slektning er ho?
Dotter hans
Kusina hans
Mor hans
Syster hans
3. Kva for eit bilmerke har sidan 1989 hatt ein logo med tre ovalar?
Audi
Citroën
Mitsubishi
Toyota
4. Kva er jurt, også kalla jurte eller ger, hos nomadiske folk i Sentral-Asia?
Hest
Lue
Mjølk
Telt
5. Kor mange sider har ein hendekagon eller undekagon?
Sju
Ni
Elleve
Tretten
6. Aleksej Navalnyj døydde nyleg i fengselet IK-3 i småbyen Kharp. Kvar i Russland er det?
Nordvest i Sibir
På Kamtsjatkahalvøya
Ved Kaspihavet
Ved Svartehavet
7. Fleire viktige røyster i Russland har vorte drepne. Kva gravejournalist vart skoten heime i blokka si i Moskva 7. oktober 2006?
Anna Politkovskaja
Arkadij Babtsjenko
Boris Nemtsov
Natalja Estemirova
8. I kva norsk turistattraksjon, som ligg på øya Hessa, er pingvinane av arten humboldtpingvin?
Akvariet i Bergen
Atlanterhavsparken
Polaria
Lofotakvariet
9. Disippelbrørne Jakob og Johannes fekk kallenamnet Boanerges, som kanskje seier noko om temperamentet. Kva er det norske omgrepet?
Ildmennene
Stormbrørne
Svovelpredikantane
Toresønene
10. Kven eller kva er det songaren Arja Saijonmaa – og chilenske Violeta Parra i originalen – «vill tacka»?
Bestemor
Deg
Livet
Sola
11. Skøyteløparen Oscar Mathisen vart verdsmeister allround fem gonger. Kva var det første året?
1900
1904
1908
1912
12. Kva retning i målarkunsten fekk namn etter eit bilete der tittelen tyder «Inntrykk av ein soloppgang»?
Ekspresjonismen
Impresjonismen
Fauvismen
Orfismen
13. Kva er eit eldre namn på den giftige, fargelause og luktfrie gassen karbonmonoksid?
Kolos
Kolsyre
Kvelstoff
Tørris
14. Kva film frå 1993 deler namn med merkedagen som karakteren til Bill Murray vaknar opp til kvar morgon?
«Groundhog Day»
«Halloween»
«Memorial Day»
«Thanksgiving Day»
15. Undersida av hatten hos ekte kantarell syner at arten ikkje er ein skivesopp, men ein ... kva?
Piggsopp
Poresopp
Ribbesopp
Røyrsopp
16. Kva heiter verdas største våtmarksområde? Det ligg mest i Brasil, men òg i Bolivia og Paraguay.
Llanos
Mato Grosso
Pantanal
Patagonia
17. Eit bilete frå USAs 200-årsjubileum viser dette jazzikonet, her med krøllete hår og skjegg, sigar og ikkje minst kontrabass. Kven er det, som døydde av hjarteinfarkt i Mexico tre år seinare?
Charles Mingus
Ray Brown
Ron Carter
Thelonius Monk
18. Kva for eit metall tok ein ut heile 1350 tonn av på Kongsberg?
Kopar
Gull
Jern
Sølv
19. Kva sport har vore olympisk sidan 1984 og slepper til menn i leikane frå og med 2024? Det er berre i lagøvinga.
Artistisk symjing
Ballett
Cheerleading
Rytmisk gymnastikk
20. Kva energieining, mykje nytta i ernæring, svarar til cirka 4,2 joule?
Kalori
Kilojoule
Kilowattime
Newtonmeter
21. Kva nordisk person fekk Nobels fredspris med denne grunngjevinga: «for den store innsatsen han har lagt ned på fleire kontinent og gjennom meir enn tre tiår for å løyse internasjonale konfliktar»?
Dag Hammarskjöld
Fridtjof Nansen
Martti Ahtisaari
Nathan Söderblom
0
{"name":"Dag og Tid-quizen 1. mars 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QL2QYG705","txt":"1. Det heiter ikkje trailer på Det Norske Teatret. Kva flott avløysarord nyttar dei?, 2. Tittelpersonen i Kong Oidipus giftar seg med Iokaste. Kva slektning er ho?, 3. Kva for eit bilmerke har sidan 1989 hatt ein logo med tre ovalar?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}
Powered by: Quiz Maker