Dag og Tid-quizen 6. desember 2024
1. Set inn rett omgrep: Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har skrive ut (…) mot Benjamin Netanyahu, Yoav Gallant og Mohammed Deif.
Arrestordre
Arrestplikt
Fengslingsordre
Fengslingsplikt
2. Kva jobb får Jesper som lovlydig borgar av Kardemomme by?
Bakar
Brannmann
Sirkusdirektør
Vêrmeldar
3. Kva stort kattedyr i og rundt Himalaya har eit namn som startar med ein type nedbør?
Regnleopard
Regntiger
Snøleopard
Snøtiger
4. Nibelungens ring av Richard Wagner er Rhingullet, Valkyrien, Siegfried og kva fjerde opera?
«Lohengrin»
«Ragnarok»
«Rienzi»
«Tannhäuser»
5. Kva for eit av dei åtte dåverande landa som inngjekk Warszawapakten i 1955, grensa ikkje til nokon av dei andre? Landet melde seg sidan ut, og det finst framleis.
Albania
Bulgaria
Cuba
Hellas
6. Har ein wok større eller mindre botn enn ei vanleg steikepanne?
Større botn
Mindre botn
7. Kva slags festival er både Risør, Norheimsund og Ulsteinvik kjende for?
Kammermusikkfestival
Kristen ungdomsfestival
Skalldyrfestival
Trebåtfestival
8. Dionysius Exiguus er opphavsmannen til ein viktig kronologi. Kva hending sette han til 25. desember i år 753 a.u.c.? A.u.c. viser til grunnlegginga av Roma.
Jesu fødsel
Jesu død
Jesu oppstode
Jesu himmelferd
9. Alle brøkar kan verte skrivne som ein sum av stambrøkar. Kva er ein stambrøk?
Ein brøk der nemnaren er lik 0
Ein brøk der nemnaren er lik 1
Ein brøk der teljaren er lik 1
Ein brøk der teljaren er mindre enn nemnaren
10. Den første utgåva var i Berlin i 1995. Den 29. vart nyleg arrangert i Baku. Kva er det tale om?
COP (klimatoppmøte)
Eurovision Song Contest
Fotball-VM for kvinner
Verdas økonomiske forum
11. Kor mange strenger har vanlegvis ein bassgitar?
Fire
Fem
Seks
Åtte
12. «Den vitruviske mannen» av Leonardo da Vinci handlar om kroppslege proporsjonar. Kva for to geometriske figurar er rundt mannen?
Kvadrat og likesida trekant
Sirkel og kvadrat
Sirkel og likesida trekant
Sirkel og likesida åttekant
13. Kven la opp i forfjor, fødde Kristin i fjor, gjorde comeback i år og satsar på ski-VM i Trondheim neste år?
Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Maiken Caspersen Falla
Marit Bjørgen
Therese Johaug
14. Kva stor hamneby i Jemen gjev namn til bukta mellom Raudehavet og Arabiahavet?
Aden
Akaba
Sana
Suez
15. Ein liten jemenittisk by ved Raudehavet er kjend for kaffi. Han gjev namn til fleire produkt, mellom anna ein kaffidrikk med sjokolade. Kva heiter byen?
Bokka
Kappa
Mekka
Mokka
16. Denne fysiske storleiken er med i namnet til mange norske straumleverandørar. Til dømes kan han stå etter Fjord- og Mot-.
Energi
Kraft
Spenning
Straum
17. Kva slags hær var det Olav den heilage tapte mot på Stiklestad?
Ein baglarhær
Ein birkebeinarhær
Ein bondehær
Ein svensk hær
18. Iran vart for alvor ein filmnasjon utover 1980- og 1990-åra. Eit av dei største namna vann Gullpalmen i 1997 for Smaken av kirsebær. Kva regissør er det?
Abbas Kiarostami
Asghar Farhadi
Jafar Panahi
Mohsen Makhmalbaf
19. Fuglar kan setje seg fast i han og døy smertefullt. Menneske som vert narra, går på han i overført tyding. Kva klistrete gjenstand er det tale om?
Limband
Limbinding
Limpinne
Limstift
{"name":"Dag og Tid-quizen 6. desember 2024", "url":"https://www.quiz-maker.com/QLN6ZFEPL","txt":"1. Set inn rett omgrep: Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har skrive ut (…) mot Benjamin Netanyahu, Yoav Gallant og Mohammed Deif., 2. Kva jobb får Jesper som lovlydig borgar av Kardemomme by?, 3. Kva stort kattedyr i og rundt Himalaya har eit namn som startar med ein type nedbør?","img":"https://www.quiz-maker.com/3012/images/ogquiz.png"}